Klimatilpassing er kraftig underfinansiert, åtvarar FN

FN ber verdssamfunnet doble støtta til klimatilpassing. Les også: Klart for Danmarks største havvindprosjekt og store hydrogenplanar nær Liverpool.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Innsatsen på klimatilpassing må trappast kraftig opp

Nyheita: Vi bruker i dag under halvparten av det som trengs for å tilpasse oss effektane av eit endra klima. Det kan bli kostbart, åtvarar FNs miljøprogram i rapporten UNEP Adaptation Gap Report 2020.

Fem på fredag – et nyhetsbrev med internasjonale klima- og energinyheter

I Nyhetsbrevet Fem på fredag velger redaksjonen i Energi og Klima ut fem ferske saker fra internasjonale medier som vi synes er verd å få med seg. Nyhetsbrevet får du gratis, rett i innboksen din hver fredag klokka 07:00. Er du ikke abonnent ennå, kan du melde deg på nyhetsbrevet her:

Abonner på #Fempåfredag:

Bakgrunn: Kloden blir stadig varmare – med 2020 som nytt delt rekordår. Dei seks varmaste åra som nokon gong er registrert, har alle funne stad etter 2015. Konsekvensane merkar vi mellom anna i form av hyppigare og meir ekstreme værhendingar – slik som den alvorlege tørken som Tyrkia opplever akkurat no. I 2020 blei over 50 millionar menneske direkte påverka av flaum, tørke og stormar. FNs miljøprogram skriv i årets statusrapport for klimatilpassing at stadig fleire land kan vise til planar for klimatilpassing, men at finansieringa uteblir. Vi brukar i dag ca. 30 milliardar dollar på klimatilpassing i utviklingsland, mens behovet er over det dobbelte. I 2030 vil kostnadane truleg kome opp i 140-300 milliardar dollar kvart år. FNs generalsekretær António Guterres oppmodar verdas land om å bruke halve klimabudsjettet på klimatilpassing, skriv The Guardian. Dei mest effektive tiltaka er dei naturbaserte, som til dømes å plante trær som både kan lagre karbon og fungere som barrierar mot flaum. Eller å restaurere mangrovesumpar som buffer mot stormar og havstiging.

Stor interesse for Danmarks største havvindpark

Nyheita: Danske energimyndigheiter har førehandsgodkjent seks konsortium og selskap som i 2021 skal konkurrere om å få bygge ut Danmarks største havvindprosjekt.

Bakgrunn: Thor Havvindmøllepark, som er eit resultat av det danske energiforliket i 2018, vil ha ein kapasitet på minst 800-1000 MW når han står heilt ferdig i 2027. Parken skal lokaliserast i Nordsjøen – 20 kilometer utanfor kysten ved Thorsminde på Jylland. På lista over selskap som no skal konkurrere om kontrakt, finn ein energigigantar som RWE, Total, Iberdrola, Vattenfall og Ørsted. Equinor – som denne veka vann ein stor havvindkontrakt i New York – er ikkje på lista. Samla investeringsnivå blir vurdert til 15,5 milliardar danske kroner. Vinnaren av den attraktive anbodsrunden blir offentleggjort på tampen av 2021. Avtaleperioden er på 30+5 år.

Vil avkarbonisere tungindustri med hydrogen

Nyheita: Indiske Essar vil bygge Storbritannias største anlegg for hydrogenproduksjon i Nordvest-England, ifølge Financial Times. Anlegget kan stå ferdig i 2027 med ein samla produksjonskapasitet på 1 GW.

Bakgrunn: Prosjektet består av to hydrogenfabrikkar som begge skal lokaliserast ved sida av det Essar-eigde Stanlow-raffineriet like ved Mersey. Ideen er å konvertere naturgass frå raffineriet til blått hydrogen, der CO₂’en skal fangast og lagrast under havbotn i gamle gassfelt 20 kilometer utanfor Liverpool Bay. Eksisterande gassrøyrleidningar i området kuttar kostnadene ved CO₂-fangsten dramatisk, skriv FT. Når produksjonen er oppe og går, vil raffineriet konverterast til å gå på hydrogen framfor naturgass. I tillegg vil Essar tilby hydrogen til tungindustrien i området rundt Stanlow.

Kva skjer vidare? Den britiske regjeringa har som mål at produksjonskapasiteten for rein hydrogen skal nå 5GW innan 2030. Det er uvisst kva for støtteordningar som blir gjort tilgjengeleg. Essar seier dei treng 25 pund per MW for å dekke dagens prisdifferanse mellom naturgass og blått hydrogen.

Studie: Afrika har eit fornybarproblem

Nyheita: Fossil energi vil dominere energimiksen i Afrika i lang tid framover, åtvarar forskarar i ein ny studie publisert i Nature Energy og omtalt av Bloomberg.

Bakgrunn: Forskarar frå Universitetet i Oxford har analysert nesten 3000 gamle fornybarprosjekt – som anten har blitt realisert eller lagt på is. På bakgrunn av dette har dei utvikla ein modell som dei har brukt for å rekne ut sannsynet for at nesten 2500 prosjekt som i dag er under planlegging, faktisk blir realisert. Konklusjonen er nedslåande: Mindre enn 10 prosent av kraftproduksjonen i Afrika i 2030 vil kome frå fornybare kjelder – langt under IEAs prognoser. Forskarane peiker på fossilsubsidiar, mangel på karbonprising og institusjonelle investorar som framleis finansierer fossile kraftprosjekt som det største problemet. I 2020 hadde Storbritannia installert meir solenergi enn heile Afrika.

Fekk du med deg dei mest medieomtalte klimastudiane i 2020?

Nyheita: Carbon Brief har også i år rangert fjorårets mest medieomtalte klimastudiar. På topp i 2020: Ein artikkel frå Nature Climate Change som konkluderte med at daglege CO₂-utslepp under koronatoppen i april gjekk ned 17 prosent.

Bakgrunn: Rangeringa skjer på bakgrunn i antall omtalar i alt frå redaktørstyrte aviser til Wikipedia, bloggar og sosiale medium. Her er topp tre:

  1. Temporary reduction in daily global CO₂ emissions during the Covid-19 forced confinement (Nature Climate Change).
  2. Future of the human climate niche (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America). Tema: Verdshava har aldri vore varmare enn i 2019.
  3. Global increase in major tropical cyclone exceedance probability over the past four decades (Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America). Tema: Sannsynet for store tropiske syklonar (kategori 3+) har på globalt plan blitt 15 prosent høgare mellom 1979 og 2017.