Klimagassutsleppa i Tyskland gjekk opp også i 2016

Tysklands utsleppskurve går i feil retning, viser ei ny oversikt frå det tyske miljødirektoratet. Angela Merkel treng fleire elbiler og færre kullkraftverk om klimamåla skal nås. Les også: Fransk klimasjarm i Davos og USA innfører 30 prosent importtoll på solceller.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Tyskland bommar på klimamål: Det tyske miljødirektoratet Umweltbundesamt (UBA) offentleggjorde tysdag utrekningar som viser at Tysklands klimagassutslepp i 2016 gjekk opp for andre året på rad. Samla har landet redusert utsleppa med 27,3 prosent sidan 1990. Det nasjonale målet om 40 prosent reduksjon innan 2020 blir ikkje nådd. Tyskland er heller ikkje i rute til å nå målet om å kutte 14 prosent av 2005-nivået innan 2020. Dermed må Merkel i dei neste åra belage seg på å kjøpe utsleppskvotar frå EU-land som ikkje har brukt opp sine CO₂-budsjett, skriv Wall Street Journal.

Vegtransporten har eit særleg ansvar for utsleppsauka dei siste åra. Hovudproblemet er at meir og meir gods vert frakta langs vegen, og at tyskarane vel stadig tyngre og større bilar. UBA etterlyser ein heilt ny transportpolitikk i Tyskland – med strengare utsleppskrav til alle køyretøy og elbil-kvotar. Dei er også ærlege på at Tyskland må stenge ned kullkraftverk om ein skal oppnå raske og store nok utsleppsreduksjonar. Gjer dei ikkje det, kan også 2030-målet ryke.

Fransk klimasjarm i Davos: Vi går vidare til Davos og toppmøtet i World Economic Forum (WEF). Onsdag viste president Emmanuel Macron seg igjen som storpolitikkens største klimastjerne. Han ironiserte over Trumps klimaskepsis, lova at Frankrike skal vere ein global rollemodell i kampen mot klimaendringane og gjentok løftet om å fase ut all fransk kullkraft innan 2021. Kull står for to prosent av Frankrikes elektrisitetsproduksjon (IEA), så noko stort “offer” er ikkje dette. Men inntrykket Macron etterlet seg også denne gongen er at Frankrike har ein regjeringssjef med vilje og initiativ i klimapolitikken – for augeblikket i sterk kontrast til Tyskland (Angela Merkel nemnte knapt klima i sin tale til WEF). Tida vil vise om Macron er i stand til å levere like offensivt som han kommuniserer.

Trump bygger tollmur mot solenergi: Måndag var det kjent at President Donald Trump innfører 30 prosent toll på importert solcelleteknologi. Tollsatsane skal gradvis reduserast til 15 prosent etter fire år. Les Trump-administrasjonens faktaskriv for bakgrunn og fleire detaljar. Bloomberg omtalar vedtaket som Trumps «biggest blow» mot fornybarindustrien. 80 prosent av solcelleinstallasjonane i USA er avhengig av importerte delar frå utlandet – for det meste Asia. Bransjeforeininga Solar Energy Industries Association skriv i ein pressemelding at tollvedtaket vil fjerne 23000 jobbar på grunn av redusert etterspurnad. GTM Research har rekna seg fram til at Trumps tollmur vil redusere talet på solcelleinstallasjonar med 11 prosent fram mot 2022. Senator John McCain twitra at tollforslaget er «nothing more than a tax on consumers.» Mens Kina – landet som vil bli hardast råka av vedtaket – kallar Trumps stikk for ein overreaksjon, skriv Reuters. Samstundes viser omtalen i The Hill at det også finst amerikanske industriaktørar som støttar Trump. Også Al Gore tok Trump i forsvar då han fekk spørsmål om dette i Davos. Han meiner Trump no har gjort det mange solcelleaktørar i USA har bedt om.

For spesielt interesserte anbefaler eg podcasten The Energy Gang som har via importsaka ein eigen episode. Her svarar det faste panelet på alle tenkelege spørsmål om kva konsekvensar vedtaket vil få. Les også Bloombergs Noah Smiths kommentar «Trump’s Solar Tariff Is Bad, But Not a Huge Deal».

Flaum og orkan kan gi dyrare lån: Sidan 1980 har USA i snitt hatt seks ekstremværhendingar per år som kvar har kosta over ein milliard dollar. I 2017 registrerte The National Oceanic and Atmospheric Administration 16 slike hendingar. Samla forårsaka klima og ekstremvær øydeleggingar for over 300 milliardar dollar i USA i fjor. I ein artikkel i Bloomberg kjem det fram at investorar no pressar på for meir informasjon om klimarisiko. Dette har fått kredittratingbyråa Moody og S&P til å vurdere å bake risiko for orkanar, flaumar og skogbrannar inn i analysane som avgjer kredittrating av land, byar og selskap. Slike analyser kan slå begge vegar, understreker artikkelforfattaren. For dei som er “riktig” posisjonert kan ein klimarisikovurdering faktisk gi høgare kredittrating enn dei har i dag. Men om ein er lokalisert eller opererer i område særleg utsett for ekstremvær kan ein slik analyse føre til det motsette – det vil seie lågare rating og høgare lånekostnadar. Slik klimaet no endrar seg, kan det fort bli veldig dyrt.

Tidsskrift for klimafornektarar: Ei åtvaring til slutt – henta frå The Guardian: Talet på opne “vitskaplege” nettidsskrift har dei siste åra eksplodert. Problemet er at mange av dei ber offisielle namn, men manglar mekanismar for ekstern vurdering av innhaldet (fagfellevurdering, “peer review”). Alle slepp til! Mange nettidsskrift har av den grunn blitt målskive for klimafornektarar som ikkje får publisert andre stadar. The Guardian viser til fleire konkrete saker kor dette har skjedd. For offentlegheita kan dette bli eit stort problem om utviklinga held fram. Korleis skal vi klare å navigere i kunnskapsjungelen om tidsskrift med namn som International Journal of Earth and Environmental Sciences eller International Journal of Environmental Sciences ikkje viser seg å vere vitskaplege?