Kinas kolavhengigheit er verdas mest akutte klimaproblem

Verdas CO₂-utslepp er alt tilbake til nivået før korona. Det må Kina ta mykje av skulda for. Les også: Vi kastar nesten ein milliard tonn mat per år. Den britiske sentralbanken får klimamandat.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Klimaproblemet Kina

Globale CO₂-utslepp gjekk ned 5,8 prosent i 2020 – den største prosentvise nedgangen sidan andre verdskrigen. Kraftig fall i oljekonsum frå vegtransport og flytrafikk var to av dei viktigaste drivarane, viser oppdaterte data frå Det internasjonale energibyrået (IEA). Også kolkonsumet gjekk ned i fjor. Men – IEAs månadlege data avslører at nedgangen var midlertidig, og at utsleppa ved utgangen av 2020 låg 2 prosent over nivået på same tid i 2019. Den viktigaste forklaringa: Kinas kolfyrte omstart i siste halvdel av 2020.

Medan Kinas CO₂-utslepp fall nærare 3 prosent i første halvdel av 2020, auka dei med over 4 prosent i årets siste seks månader, skriv Carbon Brief. Dei forklarar den samla utsleppsauka i Kina med kinesiske myndigheiters «dirty recovery» etter Covid-19. Medan det i USA og EU har vore eit uttalt ønske å bruke krisa til få fart på klimaomstillinga, har Kina vald ein strategi som går ut på å stimulere dei skitnaste og mest energikrevjande sektorane – som bygg- og anleggsbransjen og tungindustrien. Det bidrog til ein kraftig vekst i Kinas kolkonsum i andre halvdel av 2020 . Tankesmia E3G har meir om Kina og kol.

Generalsekretær i FN António Guterres kommenterte tysdag at ein no må få slutt på alle kolprosjekt.

Kva skjer vidare? Fredag 5. mars legg Kommunistpartiet fram hovudtrekka i neste femårs-plan. Då får vi venteleg svar på om – og eventuelt korleis – Kina har tenkt å omstille økonomien utover 2020-talet. Kinas mål er å knekke utsleppskurva innan 2030 – på vegen mot netto null før 2060.

Vil du lese meir? Få med deg kommentaren Hva skal vi gjøre med Kina? av kollega Anders Bjartnes og sjå oppdaterte utsleppsdata i Klimavakten.

KINA MOT STRAUMEN: Dei blå søylene viser endring i CO₂-utslepp frå 2019 til 2020 i absolutte tal. Medan USA, EU og India opplevde nedgang i fjor som følge av korona, gjekk dei kinesiske utsleppa opp. Kjelde: IEA

Matsvinn: Vi kastar nesten 1000 millionar tonn mat kvart år

Hadde matsvinn vore eit land, ville det vore verdas tredje største kjelde til klimagassutslepp. Det skriv FNs miljøprogram UNEP i rapporten Food Waste Index Report 2021. 8-10 prosent av globale klimagassutslepp er relatert til mat som ikkje blir ete.

Matsvinn er eit problem i heile verdikjeda – frå jord til bord. Omtrent halvarten av matsvinnet skjer i hushalda. I snitt kastar kvar person 74 kg matavfall per år, skriv The Guardian. Eit viktig funn i rapporten er at matsvinn er eit problem i dei fleste land.

Biden vurderer karbontoll mot Kina

Måndag presenterte Biden-administrasjonen sin nye agenda for amerikansk handelspolitikk. Der heiter det at USA vil vurdere å etablere ein karbontoll, skriv Reuters. I notatet som blei offentleggjort står det:

«The Biden Administration will work with allies and partners that are committed to fighting climate change. This will include exploring and developing market and regulatory approaches to address greenhouse gas emissions in the global trading system. As appropriate, and consistent with domestic approaches to reduce U.S. greenhouse gas emissions, this includes consideration of carbon border adjustments. Additionally, the Biden Administration will work with allies as they develop their own approaches and act against trading partners that fail to meet their environmental obligations under existing trade agreements.»

I Brussel jobbar EU-kommisjonen med forslag til korleis ein karbontoll kan utformast i Europa. Det er ingen tvil om at det ville blitt ein mindre belastning for EU om også  USA gjekk inn for karbontoll.

Bank of England får klimamandat

I samband med budsjettframlegginga onsdag offentleggjorde den britiske regjeringa at Bank of England får eit utvida mandat – der klimamål blir ein eksplisitt del av pengepolitikken. På line med målet om å halde inflasjonen nede.

Mens budsjettet generelt har fått ein nokså lunken mottaking frå klimarørsla, er sentralbankens nye mandat eit grep som potensielt kan flytte store pengestraumar i grøn retning. Det nye mandatet vil mellom anna tvinge fram endringar i Bank of England sitt obligasjonsprogram. Tidlegare i år blei sentralbanken kritisert for å bidra med finansiering av selskap med store klimagassutslepp gjennom sine obligasjonskjøp.
Som vert for klimatoppmøtet COP26 i november er alt Storbritannia gjer på klimafeltet av internasjonal interesse.

Vil du lese meir? Sjekk ut denne kommentaren signert Peter Foster i Financial Times. Han tek for seg Storbritannias krevjande veg mot netto null i 2050.

«Direktørens faktabok»

For andre året på rad har Bloomberg New Energy Finance gitt ut det dei kallar Executive Factbook – ei samling av grafar og kulepunkt om klima- og energiomstillinga. Her får du kjappe og nyttige fakta om alt frå utsleppsdata til marknadsutviklinga innan sektorar som kraft, transport og industri, til investeringstrendar og forbrukaråtferd.

Når du har bladd deg gjennom dei vel 100 grafane anbefaler eg at du held fram med kommentaren Climate and Finance – Lessons from a Time Machine av BNEF-gründar Michael Liebreich.