Kinas nye klimaløfte gir håp

President Xi Jinping overraska «alle» med løftet om eit karbonnøytralt Kina innan 2060. Les også: Tyskland må bygge ut langt meir sol og vind for å nå 2030-målet og finansaktørar åtvarar mot betydeleg klimarisiko i matindustrien.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Kina skal bli karbonnøytralt i løpet av 40 år

Nyheita: Xi Jinping lovar at Kina – verdas største bidragsytar til globale klimagassutslepp – skal bli karbonnøytralt før 2060. Detaljane i forslaget vil avgjere kor ambisiøst løftet eigentleg er.

Bakgrunn: Det er Paris-avtalen si forteneste at både EU og Kina oppjusterer sine klimamål i år. 2020 er nemleg det første året avtalepartane har forplikta seg til å melde inn nye klimaambisjonar. Det var likevel ikkje forventa at president Xi Jinping skulle gå så langt som han gjorde tysdag. I talen til FNs generalforsamling lova Jinping at Kina vil forsterke eigen innsats. Utsleppstoppen skal kome før 2030 og innan 2060 skal landet bli karbonnøytralt. Den er det siste målet som er nytt og som i etterkant har skapt internasjonal begeistring. Aldri før har Kina tidfesta noko i nærleiken av karbonnøytralitet.

For klimaet er det heilt avgjerande at Kina hevar ambisjonane. Alt anna likt, vil eit Kina som når målet om karbonnøytralitet i 2060 bidra til at den estimerte globale oppvarming innan 2100 blir redusert med 0,2-0,3 grader celsius, skriv Climate Action Tracker. Også kinesisk økonomi kan kome godt ut av eit forsterka kinesisk klimamål, viser ein analyse gjort av CarbonBrief.

Det er viktig å understreke at Kina lover karbonnøytralitet og ikkje klimanøytralitet. Skilnaden er at karbonnøytralitet handlar om å få CO₂-utsleppa i null, mens klimanøytralitet dekker alle klimagassar. Oliver Geden frå Stiftung Wissenschaft und Politik har ein god tråd om dette på Twitter. Mens Ciceros klimaforskar Glen Peters spør om forslaget inkluderer opptak av CO₂ i naturen.

Kva skjer vidare? Årets klimatoppmøte skulle funne stad denne hausten i Glasgow, men på grunn av Covid-19 er toppmøtet utsett til 1.–12. november 2021.

Kjelde: Glen Peters (Cicero)

Skal bygge ut 78 GW med sol og vind på ti år

Nyheita: Den tyske regjeringa har lagt fram eit forslag til ny fornybar energi-lovgjeving. Forslaget inneber også mål for utbygging av ny sol- og vindkraftkapasitet fram mot 2030.

Bakgrunn: Det er målet om ein klimanøytral straummiks i 2050, og delmålet om 65 prosent fornybar energi innan 2030 (ca. 46 prosent i 2019),  som er bakgrunnen for det nye lovforslaget. For å klare dette vil det ifølgje regjeringa vere behov for å auke fornybarkapasiteten dei neste ti åra med 45,6 GW solenergi (PV), 32,5 GW landbasert vind og 8,85 GW havvind. I tillegg til meir bioenergi. Forslaget inneheld også tiltak for å auke den folkelege aksepten for meir fornybarutbygging. Det er til slutt Forbundsdagen som skal vedta lovendringa. Dermed kan det kome endringar. Kritikarane meiner mellom anna at behovet for fornybar energi vil vere langt større enn det regjeringa legg opp til. Dette synet får også støtte frå det tyske energibyrået (Dena).

Neste sektor under lupa: matindustrien

Nyheita: Den neste sektoren som vil bli pressa av grøne investorar til å adressere og redusere eigen klimarisiko, er matindustrien, skriv Financial Times.

Bakgrunn: Er selskapets strategi i samsvar med ei utvikling i tråd med Paris-avtalen, eller gamblar ein på at klimapolitikken vil feile? Dette er spørsmål som oljeindustrien i stadig større grad har måtte svare på det siste tiåret. Det neste tiåret vil investoranes frykt for finansiell klimarisiko smitte over på andre sektorar. Carbon Tracker Initiative, som tilbake i 2011 introduserte finansverda for omgrepet «carbon bubble», rettar no merksemda mot selskap som utgjer den globale matindustrien. – At some point those companies will no longer generate any revenue due to ecological limits. The financial markets aren’t pricing in those risks, seier Carbon Tracker-grunnleggar Mark Campanale til FT. Artikkelen siterer også andre internasjonale finansaktørar som åtvarar mot ein aukande investeringsrisiko i særleg kjøtt- og meieribransjen.

Industrigigant med kol-exit

Nyheita: Amerikanske General Electric (GE) meldte måndag at dei vil slutte å bygge nye kolkraftverk.

Bakgrunn: Det som ein gong var blant USAs aller største selskap målt i marknadsverdi, men som i dag er mest kjent for å sine enorme tap i gassturbinmarknaden,  har bestemt seg for å slutte å bygge nye kolkraftverk. Selskapet insisterer på at avgjersla er motivert av økonomiske omsyn. Analytikarar trur marknaden vil premiere GE for avgjersla, skriv Reuters. Her heime har Zero jobba for at oljefondet bør presse GE til å gå ut av kol.

Karbongrenseskatt – klimadiplomatiets store test

Nyheita: I eit nytt notat presenterer tankesmia E3G forslag til korleis EU bør gå fram for å innføre ein karbongrenseskatt. Primært meiner E3G at internasjonale produktkrav, t.d. for stål og sement, kan gjere same nytte.

Bakgrunn: Eit av dei mest kontroversielle forslaga i EUs grøne giv er framlegget om å etablere ein karbongrenseskatt. Ideen er å legge til ein avgift på varer frå land med svak eller ingen CO₂-skattlegging. Formålet er å unngå at europeisk industri blir utkonkurrert på heimebane som følge av  ein strammare klimapolitikk (karbonlekkasje), samt oppmode andre land til sterkare klimahandling. Forslaget gir meining, men er mildt sagt kontroversielt. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg sterke motreaksjonar frå USA eller Kina dersom dei skulle bli ramma av ein slik skatt. Derfor er det knytt stor spaning til korleis Europakommisjonen vil forvalte ideen vidare. Eit forslag til karbongrenseskatt er venta å bli presentert innan juni 2021. I notatet «Navigating the politics of Border Carbon Adjustments» skriv E3G at karbongrenseskattens formål også kan nås gjennom andre verkemidlar, som å arbeide for internasjonale produktkrav (t.d. for stål og sement). Men at EU – uansett tilnærming – må søke internasjonalt samarbeid og forsøke å inngå alliansar med land som også har som mål å avkarbonisere eigen tungindustri.