Kina åtvarar Theresa May mot Hinkley-nei

Kina trugar med dårlegare bilateralt forhold dersom Storbritannia seier nei til kostbart kjernekraftprosjekt. EU-kommisjonen har starta gransking av Vattenfall. Skottland med imponerande fornybarrekord.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kinesiske trugslar: Denne veka publiserte Financial Times innlegget Hinkley Point is a test of mutual trust UK and China, signert Kinas ambassadør i London, Liu Xiaoming (om du ikkje er FT-abonnent kan du lese ein fyldig omtale av innlegget i The Guardian). Xiaomings innlegg er svar på statsminister Theresa Mays avgjersle om utsette godkjenninga av det kontroversielle kjernekraftverket. Ambassadøren skriv at forholdet mellom dei to landa no står ved eit historisk vegskilje – og at den britiske regjeringa snarast mogleg bør gi prosjektet – som har ein prislapp på 18 milliardar pund – grønt lys. China General Nuclear Power Corporation er saman med franske EDF partnar i Hinkley-prosjektet.

Det ambassadør Xiaomin ikkje kommenterer er kostnaden for britiske skattebetalarar ved å produsere strøm frå ny kjernekraft kontra andre teknologiar. Den britiske regjeringas nye utrekningar viser at sol og vind vil vere langt billegare alternativ den dagen Hinkley Point C-kraftverket står ferdig.

EU vil granske Vattenfall-avtale: Då Miljøpartiet i Sverige hamna i regjering saman med Sosialdemokratane hausten 2014, var eit av partiets store gjennomslag at statseigde Vattenfall skulle stenge ned all kolvaktivitet i Tyskland. Men sigeren blei kortvarig. Den tyske regjeringa protesterte. Dei hevda at ein einsidig nedlegging av kolkraftverk og gruver ville få store negative konsekvensar for landets energiforsyning og truge tusenvis av arbeidsplassar. Den svenske regjeringa måtte snu. Framfor å stenge ned  gjekk dei inn for å selje Vattenfalls kolaktivitet. I april i år blei kjøparen offentleggjort: det tsjekkiske energiselskapet EPH. Prisen er ikkje kjent, men med på kjøpet skal EPH også ha sikra seg 15 milliardar svenske kroner som skal gå til diverse tiltak i gruveområda. Konkurrentar klaga avtalen inn til EU for brot på statsstøttereglane, og no har EU-kommisjonen starta gransking. Vattenfalls tyske brunkulleventyr lever vidare. Lesetips for spesielt interesserte: Löftet till väljarna om brunkolen gick om intet.

Skottland dekka 100% av strømforbruket med vindkraft: Sommarhalvåret er høgtid for fornybarrekordar i Europa. Sundag 7. august var det Skottland sin tur. Denne dagen produserte landets vindmøller meir elektrisitet enn dei klarte å konsumere, meldar The Independent. Skottland har mål om 100 prosent fornybar elektrisitetsforsyning i 2020. I fjor passerte dei 50 prosent – det er i tråd med regjeringas vegkart. For Storbritannia som heilskap viser ny statistikk som blei offentleggjort denne veka at fornybar energi stod for 25,1 prosent av kraftproduksjonen i 1.kvartal 2016, 2,3 prosent meir enn same periode i 2015.

Noreg kan tene på nedstenging av gasslagringsanlegg i Nordsjøen: Denne sommaren måtte Centrica stenge gasslagringsanlegget Rough på grunn av vedlikehald og reperasjonar. Rough er lokalisert i Nordsjøen og står for over 70 prosent av Storbritannias gasslagringskapasitet. Utan dette anlegget i normal drift går britane ein vinter i møte der dei vil vere meir avhengig av import, som igjen kan bety høgare kostnader for dei 21 millionar hushalda som brukar gass til oppvarming i Storbritannia. Som gasseksportør vil Noreg truleg tene på nedetide til Rough, skriv Bloomberg.

Batterilagring – når tek marknaden av? Trass i store ambisjonar og forventningar: Markanden for batterilagring har enno ikkje tatt av, skriv the Wall Street Journal. I USA blei det i fjor installert batterilagringssystem i kun 450 privatbustadar og 250 næringsbygg. Globalt nådde batterimarknaden 1000 MW i installert kapasitet i 2015. Men ifølge Ambrose Evans-Pritchard, skribent i The Telegraph, er det berre tidsspørsmål før bilete endrar seg. Ikkje på grunn av Teslas Powerwall, men på grunn av den raske utviklinga av heilt nye teknologiar. Han viser mellom anna til USA der myndigheitene i dag finansierer 75 prosjekt innan elektrisitetslagring. Fleire av teknologiane som vert utvikla vil kunne redusere lagringskostandane med så mykje som 80-90 prosent.