Joe Biden kan føre USAs klimapolitikk nærmare EUs

Kor står tidlegare visepresident Joe Biden i klimapolitikken – samanlikna med Bernie Sanders? Les også: Comeback for vindkraft i Storbritannia og General Motors tar opp kampen mot Tesla.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Eg har denne veka med vilje ikkje teke med EU-saker, fordi du finn meir om dette i gårsdagens EUs grøne giv – vårt nye nyheitsbrev som nettopp tek for seg klimasatsinga til EU.

Over til mine utvalde saker denne veka:

To demokratar igjen – begge med ambisiøs klimapolitikk

Nyheita: Joe Biden blei den store vinnaren etter tysdagens primærval i fjorten delstatar (supertysdag). Det gjer han til favoritt i kampen om å bli demokratanes presidentkandidat. I klimapolitikken går Biden lenger enn det Obama gjorde, men han er betydeleg mindre radikal enn rivalen Bernie Sanders.

Bakgrunn: Etter at Pete Buttigieg, Amy Klobuchar, Michael Bloomberg og Elisabeth Warren denne veka trekte seg frå demokratanes primærval, står valet no mellom sentrumskandidaten Joe Biden og venstresidas Bernie Sanders. Klimapolitikk har vore eit viktig tema så langt i primærvalet, og både Sanders og Biden har – i det store bilete – ambisiøse mål. Hovudskilnaden er at Sanders går mykje lenger i dei fleste spørsmål. Her er nokre hovudpunkt som MIT Technology Review publiserte onsdag, og som også Lisa Friedmann i New York Times er innom i nyheitsbrevet Climate Fwd:.

  • Medan Bidens klimaplan har mål om 100 prosent CO₂-fri energiforsyning og netto nullutslepp innan 2050 (han meiner truleg om null utslepp av CO₂, ikkje klimagassar), er ambisjonen i Sanders sin klimaplan 100 prosent fornybar kraft- og transportsektor allereie i 2030 og ein fullstendig avkarbonisert økonomi i 2050.
  • Sanders har ein meir uforsonleg tone overfor fossilindustrien og vil forby fracking, stanse import og eksport av olje og gass og få slutt på all petroleumsutvinning på statleg grunn. Biden er langt frå denne linja. Hans svar er tøffare regulering.  
  • Sanders seier nei til gasskraft, kjernekraft og CCS, men Biden seier han aktivt vil satse på nettopp kjernekraft og CCS som del av hans grøne innovasjonsløfte.
  • Ingen av dei har gjort CO₂-skatt til hovudspor i klimapolitikken , sjølv om dei her er usamd i sak. Biden er for CO₂-skatt, Sanders er imot.  
  • Begge snakkar om «Green new deal», men i svært ulik skala. Medan Sanders plan har ei kostnadsramme dei neste ti åra på over 16 000 milliardar dollar, nøyer Biden seg med godt under 2 000 milliardar dollar.  

Kor er konflikten? Uavhengig av kven som skulle vinne nominasjonen til demokratane, vil avstanden til republikanarane vere enorm. Å få finansiert klimaplanen til Biden eller Sanders blir vanskeleg.

Det store bilete: Sidan Donald Trump blei president har den internasjonale klimapolitikken mangla eit sterkt og tydeleg leiarskap. Verda treng sårt ein amerikansk president som ser interessa av å bruke både økonomiske musklar og diplomati i klimaets teneste. Ein ny administrasjon med klimaambisjonar kan dessutan bidra til at amerikansk næringsliv i større grad enn i dag meldar seg på i kampen om å utvikle framtidas nullutsleppsteknologiar. Det gjeld ikkje minst amerikanske energiselskap og bilprodusentar, som til no har stått for ei meir passiv haldning til energiomstillinga enn sine europeiske kollegaer.

Kva skjer framover. Primærvala held fram heilt til byrjinga juni, men den siste av dei store delstatanane (med mange delegatar) er New York 28. april. Sjølve partikongressen finn stad 13. – 16. juli, medan valdagen er 3. november. Innsettinga av ny president skjer først 20. januar 2021.

Vil du gå djupare? Anbefaler FiveThirtyEight om du vil lese analyser og prognosar om valet, eller New York Times for oppdatert oversikt over delegatfordelinga mellom Biden og Sanders.

Boris Johnson snur om vindkraft på land

Nyheita: Statsminister Boris Johnson vil igjen tillate vindkraft på land – fem år etter at eks-statsminister David Cameron kalla vindturbinar «unsightly» og tok frå dei moglegheita for offentleg støtte.

Bakgrunn: Måndag kunngjorde den britiske regjeringa at vindprosjekt på land igjen skal få lov til å konkurrere om kontraktar for el-produksjon med prisstøtte («contract for differences»). Endringa, som vil tre i kraft i 2021, er venta å gi størst utslag i Skottland. Snuoperasjonen må sjåast på som ei erkjenning frå statsminister Johnson om at målet om nullutslepp innan 2050 blir vanskelegare og dyrare å nå om ein seier prinsipielt nei til landbasert vind, slik det konservative partiet har gjort sidan valkampen i 2015. Samtidig er det eit grep for å kome på offensiven i klimapolitikken i eit år som blir særs viktig for Storbritannia.  I 2020 skal britane både vere vertskap for klimatoppmøtet COP26 og for aller første gang levere inn eigne nasjonale klimamål – såkalla NDS – under Paris-avtalen (tidlegare har dei vore dekka av EUs mål).

GM lovar historisk elbilsatsing

Nyheita: General Motors (GM) skal investere meir enn 20 milliardar dollar på elbil-utvikling fram mot 2025. Dei håpar det skal gi Tesla konkurranse.

Bakgrunn: Elbilar har ikkje stått særleg høgt på agendaen hos dei tradisjonelle amerikanske bilprodusentane, iallfall ikkje om ein samanliknar dei med konkurrentar i Europa. Men noko kan vere i ferd med å skje: «We’re aggressively going after every aspect of the EV ecosystem», skreiv CEO Mary Barra på Twitter onsdag kveld. Anledninga var lanseringa av GMs ferske elbilambisjonar, som mellom anna inkluderer 20 nye elbilar på marknaden innan 2023, over 20 milliardar dollar i investeringar fram til 2025 og ein ny batteriteknologi skal gi over 600 kilometer i rekkevidde per lading og lågare kostnader.  Forklaringa på GMs elbilsatsing heiter Tesla – som ikkje berre dominerer marknaden, men som også har blitt ein Wall Street-yndling, skriv The Detroit News. Dei siste 12 månadene har GMs aksjekurs gått ned 20 prosent, mens Tesla-aksjen i same periode har stige 157 prosent, meldar MarketWatch.

Korona-trøbbel for COP26

Nyheita: Åtte månader før årets klimatoppmøtet (COP26) startar i Glasgow, skapar reiserestriksjonar som følgje av det nye koronaviruset store problem, meldar The Guardian

Bakgrunn: Fjorårets klimatoppmøte i Madrid blei avslutta langt på overtid, med mange lause trådar. Mykje står difor på spel på årets møte i Glasgow. Normalt ville vertslandet for forhandlingane allereie vore godt i gang med sonderingar blant sentrale deltakarland, men det britiske vertskapet, som frå før har blitt kritisert for somling og forseinkingar, møter no problem forårsaka av koronaviruset: Planlagde møte på toppnivå mellom EU og Kina er no anten allereie blitt avlyst eller utsett på grunn av virusutbrotet. Dette er eit stort problem fordi Kina og EU har ei nøkkelrolle i arbeidet med å bringe haustens forhandlingar i land. Det er britanes jobb som vertskap å legge til rette for dette samarbeidet, og diplomati fungerer ikkje alltid like godt på Skype. Det hjelper heller ikkje stort at konferansen skjer i partnarskap med Italia, som er det landet i Europa som for augneblinken er hardast rammet av viruset. 

«Peak oil demand» nærmar seg, hevdar svensk energiekspert

Nyheita: Veksten i fornybar straumproduksjon var i 2019 større enn veksten i straumforbruk, viser ein analyse publisert av Reuters

Bakgrunn: Energiprofessor Tomas Kaberger ved Chalmers tekniske høgskule i Sverige har på oppdrag av Reuters analysert straumproduksjonen globalt i 2019. Til grunn for analysen ligg data frå offisielle kjelder som til saman dekker omlag 70 prosent av verdas straumproduksjon i 2019. Her er noko av det han fann: 

  • Global fornybarproduksjon auka med 297 TWh i 2019, medan veksten i straumforbruk utgjorde 233 TWh.  
  • Det blei i 2019 produsert mindre straum frå fossile kjelder enn året år (-156 TWh). Det var nedgang både i USA, EU og India. 
  • I USA forsvann over 15 GW med kolkraft frå nettet i 2019. Også India opplevde nedgang i kolkraftproduksjonen – for første gong på ti år.  
  • Kina er unnataket – her auka straumproduksjonen frå fossile energikjelder med 120 TWh i 2019.
  • Globalt blei det i 2019 produsert 91 TWh meir kjernekraft enn året før. Ei viktig forklaring er at Japan i fjor starta opp att fleire reaktorar som har vore stengt sidan Fukushima-ulukka i 2011.
  • Utviklinga som skjer skuldast fallande kostnader – og er ustoppeleg: «New renewables are even cheaper than oil per unit of energy electricity generated and even fuels produced from electricity will outcompete against fossil fuels at increasing speed in transport, heating and industry».

Professor Kaberger er også styreleiar i Japan’s Renewable Energy Institute og styremedlem i Vattenfall.