India skrur opp tempoet for å klare hårete solenergimål

India skal bygge minst 50 store solenergiparkar innan 2020. I California siktar politikarane mot 100 prosent fornybar elektrisitet innan 2045. Singapore er først ute med karbonskatt i Søraust-Asia.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Storskala solenergi i India: India er jokeren i det globale klimastrevet. Spørsmålet er om den forventa veksten i energiforbruk vil bli dekka med fossil eller fornybar energi. Ambisjonane er det ingenting å utstte på. Mellom anna har India mål om 100 GW installert solenergikapasitet innan 2022 – opp frå 9 GW i 2016. For å få opp tempoet vedtok regjeringa denne veka å bygge minst 50 store solparkar dei neste to-tre åra – kvar med ein kapasitet på minimum 500 MW. Dette skal doble kapasiteten frå slike megaparkar innan 2020 – frå 20 til 40 GW.

Siktar mot 100 prosent fornybar: Vi dreg vidare til USA, nærmare bestemt til California. Der har senatsleiar Kevin de León (D) fremja eit lovforslag som – om det får fleirtal – vil gjere California til et globalt fornybarlokomotiv. I dag har California mål om 50 prosent fornybar elektrisitet innan 2030, mens det nye forslaget hevar ambisjonane til 50 prosent innan 2025 og 100 prosent innan 2045. 29 statar i USA har innført fornybar energi-mål, men til no har berre Hawaii forplikta seg til 100 prosent. California kan bli den andre. I 2016 kom 27 prosent av elektrisiteten i California frå fornybare kjelder, skriv Inside Climate News.

Mens Californias lovgjevarar gir håp om eit akselerert grønt skifte, er det også denne veka lite positivt å melde frå føderalt nivå. Scott Pruitt har hatt sin første arbeidsveke som ny sjef for det amerikanske miljødirektoratet, EPA. Onsdag måtte statsadvokatkontoret i Oklahoma offentleggjere tusenvis av e-postar som avslører Pruitts tette band til den amerikanske “fossillobbyen”. Som statsadvokat var Pruitt involvert i heile 14 søksmål mot EPA, og e-postane viser korleis Pruitt koordinerte “krigen” mot Obama og EPA med oljeindustri og fossile kraftselskap – dei same aktørane han no er satt til å regulere som USAs øvste miljøsjef.

Introduserer karbonskatt i Søraust-Asia: Måndag annonserte finansminister Heng Swee Keat at Singapore vil innføre ein karbonskatt frå 2019. Skatten vil rette seg mot dei største utsleppskjeldene i landet, det vil seie kraftselskap og tungindustri. Nivået vil truleg ligge mellom 7 og 14 USD per tonn. Nyheita har fått stor merksemd i internasjonal presse – her representert ved Financial Times og Bloomberg. Singapore huser nokon av verdas største oljeraffineri og skatteforslaget vil derfor ramme store selskap som ExxonMobil og Shell.

Rapport: Oljefondet bør investere i infrastruktur: Rundt påsketider skal Stortinget avgjere om Statens pensjonsfond utland – oljefondet – skal få lov til å investere i unotert infrastruktur (t.d. produksjonsanlegg for fornybar energi eller kraftnett). Spørsmålet opptek finansfolk og miljøaktivistar over heile verda. Onsdag publiserte The Institute for Energy Economics and Financial Analysis (IEEFA) ein 44-siders rapport som gir stortingspolitikarane solid bakgrunnsstoff. Mellom anna inneheld rapporten ein grundig presentasjon av den globale infrastrukturmarknaden og ulike tilnærmingsmåtar. Konklusjonen er at unotert infrastruktur gir investorar enorme moglegheiter – og at risikoen er mogleg å handtere. 62 prosent av verdas statlege investeringsfond investerte i unotert infrastruktur i 2016. IEEFA-rapporten er også omtalt av aviser som The Huffington Post og The Business Times (som også har inkludert sitat frå Arbeidarpartiets Torstein Tvedt Solberg).

Jorda rundt med hydrogen på tanken: Vi avsluttar med ein artikkel frå Wired om Jérôme Delafosse and Victorien Erussard som i mai set ut på ei historisk sjøreise. Med utgangspunkt i ein gammal katamaran har dei to franskmennene bygd eit hydrogenfartøy – The Energy Observer. Det unike er at hydrogenet skal produserast undervegs ved hjelp av sjøvatn, vindturbinar og solcellepanel. 6 år har dei tenkt å bruke på jordomseilinga. Målet er å besøke 101 hamner og 50 land. På ekspedisjonens nettsider kan interesserte legge inn ønske om besøk av The Energy Observer.