– I 2030 vil 84 prosent av bussalet vere elektrisk

Ny rapport spår lynrask elektrifisering av verdas bussflåte – fordi det er lønsamt. Britiske Drax vil forsøke å bygge verdas første karbonnegative kraftverk.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Elbussar vil dominere om ti år: Kor raskt vil elektrifiseringa av vegtransporten skje? Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har denne veka lansert EV Outlook 2018 – ein årleg analyse der dei forsøker å gi svar på nettopp dette spørsmålet. Rapporten oppjusterer prognosane frå i fjor og peikar på tre viktige drivarar: 1) Kostnadene for litium-ionbatteri rasar vidare nedover, samtidig som batteria blir meir effektive. 2) Politiske myndigheter over heile verda – lokalt og nasjonalt – støtter aktivt opp om elektrisk transport. 3) Bilprodusentane har for alvor starta arbeidet med å utvikle nye elektriske køyrety. Frå 2017 til 2022 vil talet på elbil-modellar stige frå 155 til 289. Det mest interessante med årets EV-rapport er kapitlet om elbussar. Mens BNEF trur elbilar vil stå for 28 prosent av nybilsalet i 2030, er dei langt meir «bullish» på elbussens vegne. 84 prosent av alle bussar som vert selt i 2030 vil vere elektriske. Ser ein fram mot 2040 trur BNEF at heile 80 prosent av den globale bussflåten vil bestå av elbussar. Elbussar er langt billegare i drift enn dieselbussar, men har høgare investeringskostnader knytt til seg. Det er det største hinderet for mange i dag. BNEF skriv vidare at veksten i elbilar og elbussar vil ta ned transportsektorens behov for olje med 7,3 millionar fat per dag i 2040, mens det globale straumforbruket i same periode vil auke med 2000 TWh.

Karbonnegativt kraftverk i Storbritannia? Onsdag annonserte energiminister Claire Perry at Storbritannia skal leie ei internasjonal satsing på karbonfangstteknologi saman med Saudi-Arabia og Mexico. Dette er ei oppfølging av løfter gitt under COP21 i Paris (som også Noreg har ein aksje i). Perry lyste samtidig ut ein pott på 230 millionar kronar som skal gå til «banebrytande» CO₂-fangstprosjekt. Timinga var god. To dagar før Perrys kunngjering offentleggjorde Drax Group at dei skal teste ut CO₂-fangst frå eit biomassefyrte kraftverk i Nord-Yorkshire (tidlegare kolkraftverk som no fyrar med pellets). Målet er at CO₂’en som vert fanga skal seljast til industriformål og ikkje lagrast under bakken. Lukkast prosjektet, blir dette det første karbonnegative kraftverket i verda, skriv Drax på sine heimesider. Les meir i The Guardian.

Kun 4 av 38 teknologiar i rute: Det internasjonale energibyrået (IEA) har igjen vurdert korleis sentrale klimateknologiar presterer i lys av Paris-avtalens mål om å halde temperaturauka godt under to gradar celsius. Av 38 teknologiar er det berre 4 som er «on track». 23 teknologiar er vurdert som «in need of improvement», mens 11 har fått merkelappen «not on track». Solceller (PV) og elbilar er blant teknologiane som er i rute, mens karbonfangst og -lagring og fornybar varme i bygg er det ikkje. IEAs Tracking Clean Energy Progress Report inneheld i år også eit innovasjonsbarometer. Ein positiv nyheit frå 2017 er at offentlege investeringar i forsking og utvikling gjorde eit byks på 13 prosent. Den private FoU-innsatsen gjekk derimot noko ned i fjor – med bilindustrien som heiderleg unnatak.

Gasskraft i trøbbel: Naturgass blir sagt å vere ein nødvendig overgangsløysing mellom det fossile og fornybare, men på begge sider av Atlanteren har gassindustrien vanskar med å finne sin plass i energiomstillinga. Når driftstida ofte er redusert til dei tidene av døgeret når forbruket er høgast, blir det å investere i nye store gasskraftverk for risikabelt, skriv Reuters. Dei publiserte torsdag ein lengre artikkel om dette med utgangspunkt i amerikanske General Electric. Det siste året har aksjekursen til GE falle med 50 prosent – og det på grunn av selskapets kraftbusiness (GE Power). Ikkje berre stuper salet av nye gasskraftturbinar, også behovet for vedlikehald og service av eksisterande kraftverk har gått dramatisk ned. GE-sjef John Flannery åtvara denne veka investorar mot å tru at det finst nokon raske løysingar på konsernets problem, skriv Financial Times.

CO₂-utslepp kan gjere ris mindre næringsrik: Ein ny studie publisert i Science Advances denne veka konkluderer med at ris blir mindre næringsrik jo høgare konsentrasjon av CO₂ det er i atmosfæren. Studien bygger på eksperiment utført på 18 ulike avlingstypar i ulike område av Kina og Japan mellom 2010 og 2014. Funna viser at ris som blei eksponert for høgare CO₂-nivå enn normalt var i gjennomsnitt mindre næringsrik. Uavhengig av lokasjon gjekk innhaldet av både protein, jern og vitaminar ned. Om ein ikkje klarar å utvikle nye ristypar som er tilpassa eit høgare CO₂-innhald i atmosfæren, kan dette få store helsemessige konsekvensar for svært mange. Ifølgje The Guardian har to milliardar menneske i dag ris som sin viktigaste matkjelde.