Historisk vekst i amerikanske CO₂-utslepp trass stadig færre kolkraftverk

To år ut i Donald Trumps presidentskap har USA lagt bak seg den nest største årlege utsleppsveksten på tjue år. Les også: Demokratane vert utfordra i klimapolitikken av historias yngste kongressmedlem. Danmark med solrekord i 2018.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde: 

USA slapp ut meir CO₂: Etter tre år med nedgang gjekk CO₂-utsleppa i USA opp med 3,4 prosent i 2018. Det viser førebelse utrekningar gjort av det uavhengige analyseselskapet Rhodium Group. Utsleppa auka i alle sektorar. Hovudforklaringa er den sterke økonomiske veksten og fleire kuldedagar. Dette bidrog mellom anna til kraftig auke i elektrisitetsforbruk generelt og gasskraft spesielt. At kolkraftverk med over 11 GW i samla kapasitet blei stengd ned var ikkje nok til å redusere sektorens CO₂-utslepp. (Til og med i California gjekk utsleppa frå kraftproduksjonen opp.) Dei to sektorane med størst utsleppsvekst i 2018 var bygg og industri. Veksten i direkte utslepp frå bruk av olje, diesel og gass i amerikanske bustadar og næringsbygg gjekk opp med heile 10 prosent frå 2017-2018. Utsleppa frå industrien gjekk opp 5,7 prosent. Til New York Times seier ein analytikar i Rhodium Group at det viktigaste ein kan trekke ut av 2018-tala er at USA enno ikkje har klart å kople utsleppsvekst frå økonomisk vekst. Same utsleppsutvikling som den Rhodium Group publiserte denne veka blei varsla før jul av Global Carbon Project (dei anslo vekst på 2,5 prosent). Begge trur at dei amerikanske CO₂-utsleppa vil gå ned igjen i 2019.

Nyvald kongressmedlem vil ha energirevolusjon: Eit namn alle som er interessert i amerikansk klima- og energipolitikk må lære seg er Alexandria Ocasio-Cortez. Også kjend som «AOC». 29 år gamal er ho det yngste kongressmedlemmet i USAs historie. Etter knapt ei veke som folkevald har ho alt fått merksemd som ei verdsstjerne. Med tydelege standpunkt har ho blitt latterleggjort av Fox, beundra i Financial Times. Ei av kampsakene hennar er det som går under namnet Green New Deal – ei radikal skjerping av amerikansk klimapolitikk. Det var New York Times-skribent Thomas L. Friedman som introduserte omgrepet i ein kommentar i 2007. Tysdag publiserte han oppfølgaren «The Green New Deal Rises Again» som respons på den rørsla AOC representerer. Han skriv begeistra: «Let a hundred Green New Deal ideas bloom! Let’s see what sticks and what falls by the wayside». Spørsmålet framover blir korleis AOCs utålmodighet på klimafeltet vil påverke det demokratiske partiet. Torsdag signerte hundrevis av miljøorganisasjoner eit ope brev til kongressmedlemmene der dei ber dei støtte Green New Deal-initiativet.

«Ei atombombe-sprenging per sekund»: I ein artikkel publisert denne veka i tidsskriftet PNAS skriv ei Oxford-leia forskingsgruppe om ny kunnskap om hav og klima. Medan historiske temperaturdata ikkje går lenger tilbake enn til 1950-talet, har forskarane klart å rekonstruere globale havtemperaturar heilt tilbake til 1871. Rekonstruksjonen viser at havet i denne perioden har absorbert meir enn 90 prosent av den energien som menneskeskapte klimagassutslepp har tilført atmosfæren, skriv The Guardian. Avisa har rekna ut at energien som er teke opp av havet dei siste 150 åra svarar til ei Hiroshima-bombe per sekund. Oppvarminga av havet har akselerert i takt med klimagassutsleppa.

Interessert i meir aktuell klimaforsking? Sjekk ut oversikta The climate papers most featured in the media in 2018 som vart publisert tysdag av Carbon Brief.

Solrekord i Danmark: Danskane produserte nesten 1 TWh solenergi i 2018. Ifølgje Ingeniøren svarar solkraftproduksjonen til 2,8 prosent av samla elforbruk. Vindkraft er framleis den fornybare storebroren i dansk kraftproduksjon med 13,9 TWH i 2018. Samla stod vind og sol for 42,5 prosent av danskanes straumforbruk. Også Nederland produserer stadig meir solcellestraum – her gjekk produksjonen opp frå 2,2 TWh i 2017 til 3,47 TWh i 2018. Som i Danmark svarar produksjonen til rundt 3 prosent av forbruket. Til samanlikning var Tysklands solstraumsproduksjon på heile 45,75 TWh i 2018 – 8,4 prosent av forbruket. Går det som ein viss svensk møbelgigant ønsker vil tyskarane produsere endå meir solcellestraum framover. Denna veka annonserte IKEA at dei, i partnarskap med britiske Solarcentury, vil selje komplette solcelleanlegg frå alle varehusa i Tyskland.

Kamp om å bygge verdas første hydrogenferje: Vi avsluttar med to små saker om hydrogen. Måndag kunne ein lese i The Telegraph at Storbritannia kan få sine første hydrogentog i drift i 2022. Det er den franske togprodusenten Alstom og britiske Eversholt Rail Group som har inngått eit samarbeid om dette. Verdas første hydrogentog blei satt i drift i Tyskland i fjor. Også desse var produsert av Alstom.

Den andre saka er Financial Times sin spesialrapport om Orknøyane som hydrogen-laboratorium. Den skotske øygruppa brukar i dag overskotskraft frå vind og bølgjer til å produsere hydrogen til mange ulike formål. Neste hydrogenprosjekt – som også har fått støtte frå EU – er å bygge ei hydrogenferje som skal kome i drift i 2021. Dei omtalar det som verdas første, men innrømmer i videoreportasjen til Financial Times at det kan bli konkurranse om tittelen. 2021 er også året Norled har mål om å sette si hydrogenferje i drift på Hjelmeland-sambandet i Rogaland.