Historisk fall for kolkraft over heile Europa

2019 var første gong sol og vind produserte meir elektrisitet enn kol i Europa. Les også: Ørsted størst på havvind og Pete Buttigieg seier nei til olje i Arktis.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

CO₂-utslepp frå el-produksjon i Europa ned 12 prosent

TOPPSAKA: Elektrisiteten i EU har aldri vore reinare, viser ei analyse publisert av tyske Agora Energiewende og britiske Sandbag. I 2019 fall kraftsektorens utslepp av CO₂ med 120 millionar tonn, eller 12 prosent. Den viktigaste forklaringa er at kolkraftforbruket gjekk kraftig ned i fjor, mens sol og vind opplevde vekst. Fornybardelen i EUs straummiks er var i 2019 på 35 prosent.

Bakgrunnen: Å gjere elektrisitetsproduksjonen fossilfri blir gjerne omtalt som energiomstillingas første kapittel. Derfor er funna til dei to tankesmiene så viktig. Samla gjekk kolkraftproduksjonen i EU ned med 24 prosent i 2019. Omtrent halvparten av dei 150 TWh med kolkraft som «forsvann» frå marknaden blei erstatta med fornybar energi, resten av gasskraft. Drivarane i skiftet er høgare priser for europeiske utsleppskvoter, som i 2019 vaka rundt 25 euro per tonn, fallande kostnader for vind og sol og politikk for kol-utfasing. Ved utgangen av 2019 hadde 15 EU-land fatta vedtak om å fase ut kolkraft. Bulgaria, Kroatia, Polen, Slovenia and Romania er dei einaste EU-landa som enno ikkje har gjort vedtak om utfasing.  

Kor er konflikten? Det finst både drivkrefter og bremseklossar i EU. I Polens utkast til energi- og klimaplan som blei levert EU-kommisjonen i desember, kan ein til dømes lese at den polske regjeringa forventar at kolkraft vil utgjere 56 prosent av kraftmiksen i 2030, mot 75 prosent i 2019. Dette illustrerer kor krevjande det kan bli å få heile unionen om bord for ein strammare klimapolitikk – noko som vil måtte skje om Paris-avtalens mål skal nås. Eit av funna i rapporten er at det kan bli naudsynt å styrke EUs kvotesystem (EU ETS) utover allereie vedtekne reformer. Mens dagens automatiske kvotereduksjon i EU ETS ligg på 1,74 prosent per år (2,2 prosent frå 2021), gjekk dei faktiske kvoteutsleppa i 2019 ned med 7,6 prosent, ifølgje utrekningane til Agora Energiewende/Sandbag.  Nedgangen skuldast nesten berre endringane i kraftsektoren. Industriens utslepp gjekk sannsynlegvis berre ned med 1 prosent i 2019.

Kva skjer framover? Under overskrifta «European Green Deal» vil det framover kome framlegg til store politikkendringar i alle sektorar. 4. mars er datoen som peikar seg ut for når EU-kommisjonen vil presentere eit forslag til klimalov. Lova skal sikre målet om (netto) nullutslepp innan 2050. Dernest følgjer diskusjon om å heve utsleppsmålet fram mot 2030 – frå dagens 40 til 50/55 prosent. I analysen omtalt i denne saka kan ein lese at for å nå dagens 2030-mål må fornybardelen i EUs straummiks auke til 57 prosent dei neste ti åra. Det betyr at det at det framover må byggast ut 97 TWh med ny fornybar kraft per år – mot eit snitt i perioden 2010-19 på 46 TWh.  

Vil du gå djupare? Les heile analysen til Agora Energiewende og Sandbag eller nøy deg med samandraget.

Støy rundt Johnsons COP26-lansering

Nyheita: Tysdag sparka Boris Johnson i gang britenes presidentskap for haustens klimatoppmøte i Glasgow (COP26). Men det som skulle bli ein offensiv klimamarkering har i staden blitt ein debatt om Johnsons kunnskap evne til å gjere COP26 til ein suksess. Det heile starta i førre veka då Claire O’Neill fekk sparken som Johnsons klimatoppmøte-sjef. Denne veka sendte ho eit ope brev til statsministeren med kraftig kritikk av Johnsons klimaleiarskap. Ifølgje O´Neill er regjeringas COP26-strategi «miles off track». Det er i skrivande stund ikkje klart kven som blir ny COP26-general, men presset mot Johnson aukar på å få ei snarleg avklaring. Truleg sikter Johnson mot ein meir profilert person. Eks-statsminister David Cameron skal ha takka nei til jobben.

Bakgrunnen: COP26 går av stabelen i Glasgow 9.–19. november. Det blir sagt å vere det viktigaste klimatoppmøtet sidan Paris. Målet er å tette gapet mellom det som til no er gitt av politiske lovnader om utsleppskutt, og det vitskapen seier trengs av tiltak for å halde temperaturstiginga «godt under» to gradar. Men COP26 blir også ein test på «nye” Storbritannias evne til utøve globalt leiarskap og klimadiplomati i toppklasse.

Klimaendringane gir færre humler

Nyheita: Ny forsking slår fast at klimaendringane påverkar humlene negativt. Hovudforfattar og forskar Peter Soroye frå University of Ottawa er sitert i The Guardian på at store humlepopulasjonar har forsvunne frå område som opplevd ekstra høge temperaturar.

Bakgrunn: Humler er svært viktig for pollinering, men det blir stadig færre av dei. Soroyes forskarteam har brukt data om 66 humleartar, som er samla inn i Nord-Amerika og Europa over ein 115 år lang periode, for å sjå korleis temperatur og nedbør har påverka utrydding og kolonisering av humler. Konklusjonen er nedslåande: nedgangen i talet på humler vil bli langt større om klimaendringane akselererer. Forskingsartikkelen til Soroyes et al. blei publisert 7. februar i tidsskriftet Science.

Pete Buttigieg seier nei til olje i Arktis

Nyheita: Pete Buttigieg har fått medvind i kampen om å bli demokratanes presidentkandidat etter det overraskande gode resultatet i primærvalet i Iowa tidlegare i veka. Men kva meiner den tidlegare ordføraren i South Bend, Indiana, om klimapolitikk?

Bakgrunn: Neste primærval skjer 11. februar i New Hampshire, der klima er den viktigaste saka for demokratanes veljarar. Onsdag denne veka var dei fleste kandidatane samla til debatt om nettopp klimaspørsmål – der kvar av dei fekk god tid til å legge fram sin politikk. Du kan sjå opptak frå arrangementet her (Pete Buttigieg frå 1:25:50). Men den beste oversikta over kva som skil kandidatane frå kvarandre i klimapolitikken finn du i dette dokumentet som New Hampshire Public Radio har publisert. Om Pete Buttigieg kan du mellom anna lese at han vil ta USA inn i Paris-avtalen (som resten av feltet), forby subsidiar for fossil energi, doble fornybarproduksjonen innan 2025 og – interessant for Noreg – arbeide gjennom Arktisk Råd for eit internasjonalt forbod mot oljeaktivitet i Arktis.

Ørsted størst i havvindmarknad i kraftig vekst

Nyheita: Det blei installert  3,5 GW med ny havvindkapasitet i Europa i fjor, skriv Wind Europe i ein nyleg publisert rapport om trendar og statistikk frå 2019. Danske Ørsted er den største aktøren.  

Bakgrunn: Europa dominerer den globale havvindmarknaden med ein samla installert kapasitet ved utgongen av 2019 på 22 GW. Av dette står Storbritannia for 10 GW, Tyskland 7,5 GW og Danmark 1,7 GW. Med auksjonsprisar på 40-50 euro/MWh er havvind fleire stadar billegare enn nye kol-, gass- eller kjernekraftverk. Dei største havvindeigarane i Europa i dag er Ørsted (16 prosent), RWE (12 prosent), Vattenfall (7 prosent) og Macquarie Capital (7 prosent). Equinors marknadsdel er på 2 prosent. Financial Times publiserte tysdag kommentaren «Can Orsted be the first green energy supermajor?», som tek for seg Ørsteds vellukka transformasjon frå fossilt til fornybart selskap.