Hillary Clinton vil gjere USA til verdas fornybar-supermakt - Energi og Klima

Hillary Clinton vil gjere USA til verdas fornybar-supermakt

Hillary Clinton vil bygge ein amerikansk økonomi basert på fornybar energi. Ho lovar massiv utbygging av solcellestraum dersom ho vinn valet i 2016.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.
Fornybarløfta som Hillary Clinton lanserte sundag 26. juli er ein del av ein omfattande klimaplan, skriv Clinton-kampanjen på sine nettsider. Det er venta fleire lanseringar utover hausten. Keith Kissel cba

Ein halv milliard solcellepanel: Hillary Clinton har nyleg lansert to nasjonale mål for utbygging av fornybar energi. Om ho vinn valet i 2016, vil ho arbeide for at USA skal ha installert meir enn 500 millionar solcellepanel innan 2020. Lukkast ho vil installert kapasitet då passere 140 GW, skriv Clinton-kampanjen i dette faktaarket. Til samanlikning passerte samla global kapasitet 178 GW i 2014 (IEA). Clintons andre mål er at 33 prosent av USAs kraftproduksjon innan 2027 skal kome frå fornybare energikjelder, mot 13 prosent i 2014. Dette er åtte prosentpoeng meir enn Obamas Clean Power Plan. Forslaga har blitt hylla og kritisert. For å forstå innhaldet og realismen i Clintons ambisiøse fornybarplan, anbefaler eg denne grundige analysen frå The Guardian.

Business for klima: Saman med 13 av USAs største selskap lanserte Obama-administrasjonen denne veka American Business Act on Climate Pledge. Ved å signere initiativet, stiller selskapa seg bak kravet om ein ambisiøs klimaavtale i Paris og til sjølve å vise klimaleiarskap gjennom reduserte utsleppsreduksjonar og auka fornybarinvesteringar. Samla har selskapa forplikta seg til å investere minst 140 milliardar amerikanske dollar i lågkarbon-tiltak («low-carbon investments») og bygge ut fornybar energi med samla kapasitet på minst 1,6 gigawatt. Det er uklart kva tidsperiode løfta gjeld for. Selskapa som har skrive under klimainitiativet er Alcoa, Apple, Bank of America, Berkshire Hathaway Energy, Cargill, Coca-Cola, General Motors, Goldman Sachs, Google, Microsoft, PepsiCo, UPS og Walmart. Ifølge Det kvite hus vil fleire selskap slutte seg til initiativet utover hausten.

Tysk rekord – 78 prosent fornybar energi: Laurdag 25. juli blei det sett ny rekord for produksjon av fornybar energi i Tyskland. På Energy transition – The German Energiewende – ein nettportal eigd av Heinrich-Böll-Stiftung – skriv Craig Morris at sterk vind i nord og mykje sol i sør resulterte i at fornybar energi nokre timar denne laurdagen dekte heile 78 prosent av det tyske elektrisitetsforbruket. Til grunn for Morris sine utrekningar ligg dei førebelse produksjonstale til energy-charts.de. Tankesmia Agora Energiewende stadfestar fornybarrekord 25.juli.

Kinas kolimport redusert med 38 prosent: Lågare økonomisk vekst, tøffare klimapolitikk og nye importrestriksjonar har fått Kinas kolimport til å stupe. Bloomberg rapporterer om ein nedgang på 38 prosent i årets seks første månader samanlikna med tilsvarande periode i 2014. Indonesia har til no i 2015 opplevd ein eksportreduksjon på 49 prosent, men også Russland og Australia eksporterer langt mindre kol enn før. Det er ingen grunn til å tru at Kina vil opna opp for meir import med det første. Reuters rapporterer at 70 prosent av landets eigne kolselskap har gått med tap så langt i år.

Tesla-batteri i amerikanske skular: Tesla har inngått partnarskap med Escondido Union High School District (California) om å installere det stasjonære batterilagringssystemet Powerpack på tre skular. Samla kan skulane spare opp mot 300 000 dollar i årlege elektrisitetsutgifter, ifølge The San Diego Union-Tribune. Tesla lanserte sitt batterisystem i april i år.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.