Grøne obligasjonar skal finansiere elektrifisering av Londons «Black Cabs»

Med grøne obligasjonar skal Londons svarte taxiar elektrifiserast. I Canada har politikarane i Ontario vedteke ein ambisiøs klimaplan.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Londons svarte taxiar skal bli grøne: Geely, det kinesiske selskapet som eig London Taxi Company, har henta inn 400 millionar dollar gjennom grøne obligasjonar for å finansiere eit prosjekt for elektrifisering av den legendariske svarte taxien. Dette skal vere første gang eit globalt bilselskap skriv ut grøne obligasjonar, skriv Bloomberg. Produksjonen av den elektriske TX5 skal skje i England, i ein ny fabrikk i Coventry. Fabrikkens produksjonskapasitet blir på 36000 bilar i året, langt over det som er behovet til London. Geelys mål er at Coventry-fabrikken også skal levere elektriske taxiar til andre europeiske storbyar. I 2018 må alle nye taxiar i London vere i stand til å køyre utsleppsfritt.

Canadas største region med super-klimaplan: Ontario skal bruke om lag 7 milliardar dollar i perioden 2017–2021 på tiltak som skal redusere regionens klimagassutslepp. Det meldte The Globe and Mail tidlegare denne veka. På tiltakslista står utfasing av gass til oppvarming, insentiv for etterisolering av bygg, nye byggeforskriftar og elbil-støtte. Planen skal og ha satt som mål at elektriske bilar skal utgjere 12 prosent av nybilsalet innan 2025. Det er inntektene frå det nye klimakvotesystemet, som venteleg vil tre i kraft i 2017, som skal betale for den nye klimaplanen. Klimaplanen vil bli offentleggjort i juni, skriv avisa. Ontario er Canadas mest folkerike region og inkluderer byar som Ottawa og Toronto.

Fornybarrekordar x 3: Dei siste vekene har vi sett fleire fornybarrekordar i Europa: I fire samanhengande dagar, frå 7.–11. mai, blei all el-forbruk i Portugal dekka av vindkraft, solenergi og vasskraft. I 2015 stod fornybar energi for 48 prosent av Portugals el-forbruk (opp frå 23 prosent i 2013). Rekord blei det og i Tyskland sundag 15. mai. Då produserte tyskarane omtrent like mykje fornybar strøm som dei konsumerte – differansen var på kun 0,3 gigawatt. Også i Storbritannia blir fossil energi skvist ut av fornybar: I ei heil veke, frå 3.–11. mai, produserte solcellepanela meir strøm enn kullkraftverka. Den forrige rekorden er frå april i år. Då produserte sola meir strøm enn kull i to dagar.

Interessante observasjonar frå Australia: Kva skjer med kraftsystemet når “stabil” fossil kraftproduksjon fases ut til fordel for “ustabil” fornybar kraft som vind og sol? Giles Parkinson i REneweconomy skreiv denne veka ein interessant kommentar om nettopp dette – med bakgrunn i at South Australia stengte statens siste kullkraftverk i byrjinga av mai. South Australia har no fått eit kraftsystem der vind, sol og andre fornybare kjelder utgjer “grunnlasten”, mens gass kjem inn og dekkar forbrukstoppane. Erfaringane etter den første kullfrie driftsveka viser at systemet ikkje har blitt meir ustabilt (blackouts), eller at prisane har blitt pressa opp, slik mange hevda ville skje. Ein har heller ikkje registrert stor skilnad i import og eksport av strøm etter kullkraft-nedlegginga. Dermed står ein igjen med den positive effekten: Utsleppa frå South Australias energisystem har gått ned med om lag 15 prosent.

Ny temperaturrekord i april: Det er ikkje få gongar vi har skrive om temperaturauke i denne spalten. April 2016 går inn i historia som den varmaste april-månaden som nokon gong er registrert, skriv The Guardian. Data frå NASA viser at april var 1,11 gradar celsius varmare enn gjennomsnittet for denne månaden i perioden 1951–1980. April var den sjuande månaden på rad med global temperaturrekord. 2016 ligg an til å bli det desidert varmaste året som nokon gong er registrert på jorda.