EU skal bli mindre avhengig av gass

EU lanserte denne veka ein heilt ny plan for å få ned forbruket av fossil energi til oppvarming og kjøling. Lukkast dei vil etterspurnaden etter norsk gass falle. Les også om Floridas etablerte kraftselskap som set alle krefter inn for å stoppe framveksten av solenergi.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Vil importere mindre gass: Tysdag la EU-kommisjonen fram «Sustainable energy security package». Norske myndigheiter presenterte meldinga som ein gladsak for norsk gass. Det er riktig at EU signaliserer stabilt gasskonsum fram mot 2030. Og for Noreg er dette godt nytt – iallfall på kort sikt. For parallelt med nye tiltak som skal sikre Europa ein meir stabil gassforsyning, lanserte kommisjonen også eit historisk initiativ som skal få ned forbruket av fossil energi til oppvarming og kjøling i bygg og industri. 50 prosent av EUs samla energiforbruk, og heile 68 prosent av gassimporten, går i dag til denne sektoren. Om det ser lyst ut for norsk gass i eit femten års perspektiv, er etterspurnaden etter importert gass i Europa høgst usikker etter 2030. Det kjem an på kor vellukka klimapolitikken blir. Energieffektivisering og fornybar oppvarming er gassens største fiende.

Mens Noreg er opptatt av å verne gassens posisjon i Europa, er Danmark oppteken av å sjå forretningsmoglegheiter i det grøne skiftet. Slik kommuniserte Dansk Energi EUs nye energipakke: «Mens løsningen på kort sigt er nye rør og flere forskellige leverandører, er dansk erhvervsliv i front, når Europa på lang sigt skal nedbringe importafhængigheden og omstille varmesektoren fra fossil til vedvarende energi.»

Ord kan avgjere solenergiens framtid i Flordia: Retten til å produsere solenergi hardnar til i Florida. Ja, du las riktig. I «Sunshine State» er det berre etablerte kraftprodusentar som har lov til å selje og kjøpe elektrisitet. Tredjepartsselskap, som SolarCity og Sunrun, er ikkje velkomne. Dette ønsker borgarinitiativet Floridians for Solar Choice å endre. Initiativet samlar no inn underskrifter for å få opp ei folkerøysting om retten til å produsere og selje eigen strøm. Dei håpar dei er i mål innan valet i 2018. Kreftene som motarbeider solindustrien er mektige. Artikkelen The Koch Brothers’ Dirty War on Solar Power, som nyleg stod på trykk i Rolling Stone Magazine, skildrar korleis fossile kraftinteresser forsøker å stoppe framveksten av distribuert solenergi. Det er interessant lesing. Strategien i Florida har vore å arbeide fram eit alternativt solenergiforslag – «Smart Solar» – som dei også vil ha folkerøysting om. Dette er på ingen måte eit pro solenergi-forslag, slik namnet kan indikere. I realiteten er det eit forslag som har til hensikt å hindre solprodusentar ein framtidig rett til å selje overskotsstrøm tilbake til sentralnettet. Med rike sponsorer i ryggen har Smart Solar alt klart å samle inn dei 700 000 underskriftene som må til for å få forslaget sitt opp til folkerøysting. Det skjer alt til hausten. Solar Choice hevdar «Smart Solar» driv ein uærleg kommunikasjon overfor veljarane, og dei ber domstolen endre ordlyden i forslaget. Saka skal opp til høyring i mai. Akkurat nå står kampen om solenergiens framtid i Florida om ord.

Uvanleg varmt – særleg i Arktis: Nye data frå NASA viser at den globale gjennomsnittstemperaturen i januar 2016 er den varmaste januar-månaden som nokon gong er registrert. Nok ein rekord, tenker du, og det er heilt riktig. Januar 2016 er den niande månaden på rad der månedleg gjennomsnittstemeratur slår gamle rekordar, skriv Washington Post. Størst temperaturauke er det i Arktis. I tillegg viser satellittmålingar gjort av National Snow & Ice Data Center at januar-isen i Arktis aldri før har dekka eit mindre område enn no.

Ventar solrekord i Japan: Veksten i solenergi vil halde fram i Japan, skal vi tru Bloomberg New Energy Finance. Analysebyrået skriv denne veka at Japan kjem til å installere rundt 14 GW solenergi i 2016. Det er rekord. Det japanske solenergieventyret starta i 2012 då myndigheitene introduserte eit nytt insentivprogram for fornybar energi. Etter det har stadig fleire solcellepanel blitt installert. 7,1 GW solenergi blei installert i 2013, 10,3 GW i 2014 og 12,3 GW i 2015. Til samanlikning skal Kina ha installert 16,5 GW med solenergi i fjor.

Apple satsar på grøne obligasjonar: Mens Statoil har bestemt seg for  å opprette eit grønt venturefond, varsla Apple denne veka at dei skal utstede 1,5 milliardar USD i grøne obligasjonar. Det skal vere rekord i USA. Inntektene skal Apple bruke på å finansiere prosjekt innan fornybar energi, energilagring og energieffektivisering. Grøne obligasjonar er ein liten, men raskt voksande, del av den globale obligasjonsmarknaden. Ifølge Moody vil grøne obligasjonar til ein samla verdi av over 50 milliardar USD bli utstedt i 2016 – opp frå 42,4 milliardar USD i 2015. Kina og India er venta å leie an også i denne utviklinga.