EU parat til å skjerpe klimamålet for 2030

To og eit halvt år etter at Paris-avtalen vart ferdigforhandla, viser EU vilje til å heve eigne utsleppsforpliktingar. Les også: Tørke skapar store vassproblem for Indias befolkning. I USA går oljeselskap og konservative politikarar saman om ein ny karbonskatt-kampanje.

EU konkretiserer den lange klimapolitikken: Europaparlamentet, Rådet og Kommisjonen vart tysdag kveld einige om eit felles energieffektiviseringsmål på 32,5 prosent innan 2030 – midt mellom Rådets og Parlamentets utgangspunkt på 30 og 35 prosent. Nokre timar seinare banka dei også gjennom viktige styringsvedtak for det langsiktige klimaarbeidet i EU (Energiunionen), slik som målet om netto nullutslepp «as soon as possible». Parlamentet måtte gi seg på kravet om å talfeste målet til 2050 – i denne omgang. Kommisjonen har no fått frist til 1. april 2019 med å legge fram ein 2050-strategi i tråd med Paris-avtalen (blir kanskje lagt fram allereie i desember – før klimatoppmøtet i Polen). Målet om netto nullutslepp vil bli retningsgivande for dette arbeidet. Også medlemslanda blir påverka av den nye avtalen: Dei har frå før fått frist til 31.12.2018 med å legge fram nasjonale klima- og energiplanar for perioden fram til 2030. Innan utgangen av 2019 skal dei også ha klart planar for 2050. Det blei også bestemt at EUs felles 2030-mål på fornybar energi (32 prosent) og energieffektivisering (32,5 prosent) skal følgjast opp med konkrete delmål i 2022, 2025 og 2027.

Mot nytt 2030-klimamål? Representantar frå 36 regjeringar møttest denne veka i Brussel for å delta på Ministerial meeting on Climate Action (MoCA). I opningstalen viste EU-kommissær Miguel Arias Cañete til EUs ferske vedtak om nye mål for fornybar energi og energieffektivisering. Han meinte EU no er i posisjon til å heve utsleppsmålet for 2030 – frå dagens 40 til 45 prosent:

«Last Thursday, EU negotiators agreed to increase the 2030 renewable energy target to 32% up from the original 27% target on the basis of which our at least 40% emissions reduction target in our NDC was modelled. And yesterday evening, EU negotiators agreed on a new 32,5% energy efficiency target by 2030 up from the 30% original target. EU negotiators also agreed the governance rules to meet our climate and energy targets. Both new targets would de facto mean that the European Union would be in a position to raise the level of ambition of the NDC and increase its emissions reduction target from the current 40% to slightly over 45% by 2030.»

Som oppfølging av Paris-avtalen har Stortinget slutta seg til EUs klimapolitikk for 2030. Skulle EU heve utsleppsmålet vil det også få konsekvensar for Noreg.

Indias alvorlege vassproblem: India og vatn er eit tema vi kjem til å høyre mykje om framover. Landet opplever no si største vasskrise nokon sinne – og verre skal det bli. I 2030 vil India berre ha tilgang til halvparten av det vatnet dei treng, ifølge denne rapporten som indiske myndigheiter var med å legge fram i førre veke. Forklaringa er samansett. Times of India illustrerer vassmangelen ved hjelp av fem svært informative grafar. Stikkord: temperaturauke og mindre nedbør. Men det handlar også om dårleg og mangelfull vedlikehald av infrastruktur. Både The Guardian og New York Times viser i sine artiklar til Shimla som er ein av byane som har vore hardast ramma av tørke den siste tida – og der millionar av liter vatn går tapt kvar einaste dag fordi vassrøra lekk. Ikkje som fontener, men som fossar, skriv The Guardian. Ei som skriv skarpt om Indias vassproblem, og kva det betyr for landet, er frilansjournalisten Rashme Sehgal. Anbefaler kommentaren As India Runs out of Water, Its Desertified Land Comes Into View som ho hadde på trykk i The Verve torsdag.

Krev karbonskatt i USA: Ein ny karbonskatt-kampanje er sparka i gang i USA. Med initiativtakarar frå begge sider i politikken, deriblant den konservative tidlegare senatoren Trent Lott, skal Americans for Carbon Dividends, som kampanjen heiter, bygge momentum for at ny lovgiving kan bli vedteke etter neste presidentval i 2020. For at karbonskatten skal bli meir populær, går kampanjen inn for at inntektene skal førast tilbake til amerikanske forbrukarar. Wall Street Journal minner om at tilsvarande initiativ har feila før, og at kampanjen arbeidar i motbakke. Å kjempe mot Trump og Koch-brørne er ingen lett jobb. Men kanskje er skilnaden denne gongen at karbonskatt også vert støtta av store amerikansk selskap – frå oljegiganten Exxon til kjernekraftprodusenten Exelon og solenergiselskapet First Solar. Kampanjens budsjettmål for det første året er 10 millionar dollar. Dei første reklamestunta vil kome til hausten, skriv New York Times.

Uber vil lokke sjåførar over på elbil: Uber er hata og elska for å utfordre den tradisjonelle taxinæringa. Kanskje blir dei elska av litt fleire etter at dei tysdag lanserte EV Champions Initiative – eit pilotprosjekt som no skal rullast ut i sju byar i USA og Canada. Føremålet å få fleire Uber-sjåførar til å køyre elektrisk. Insentiva som skal testast varierer frå by til by, men det er stort sett snakk om økonomiske gulrøter. Som i Sacramento der Uber går saman med kraftselskapet SMUD om å gi elbilsjåførar 1,5 dollar ekstra per tur + gratis tilgang til SMUDs hurtiglading. I 2017 hadde Uber 4 millionar elbil-reiser (inkl. hybrid) i USA og Canada. Med EV Champions Initiative er målet det komande året å kome opp i 5 millionar reiser.