Er elbilen den neste oljekrisa?

Vil solceller og elbilar truge etterspørselen etter olje, kull og gass dei neste 10-15 åra? Ja, meiner britiske finansanalytikarar i ny rapport. Les også om Dong Energy, EUs 2020-mål, Tesla og klimafornektaren Myron Ebell.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Det store veddemålet: Vil stadig billegare solceller og elbilar truge etterspørselen etter olje, kol og gass? Nei, skreiv BP då dei lanserte Energy Outlook 2017 i førre veke. For oljas del spår selskapet at vi kan forvente 20 nye år med vekst. Analysen til BP står i sterk kontrast til rapporten “Expect the unexpected: the disruptive power of Low-carbon technology” som Carbon Tracker Initiative og Grantham Institute ved Imperial College London nyleg la fram. Bodskapen her er at den kostnadsdrivne veksten for solenergi og elbilar går raskare enn det mange selskap legg til grunn i sine framskrivingar, og at utviklinga i desse sektorane åleine kan presse etterspurnaden etter fossil energi ned i løpet av kort tid: Kullforbruket vil nå toppen i 2020. Oljeetterspørselen vil halde seg stabil gjennom 20-talet, for så å falle etter 2030. For gassens del er det mindre dramatisk – på kort sikt. Kva som skjer etter 2030 er meir usikkert – det kjem mellom anna an på den vidare kostnadsutvikling innan fornybar energi og i kva grad ein lukkast med energieffektivisering. Rapporten til Carbon Tracker er omtalt bredt internasjonalt – her representert med Reuters, The Guardian og Huffington Post Canada (som fokuserer på kva dette får å seie for oljesandindustrien). På norsk er det Anders Bjartnes som har levert den grundigaste omtalen.

Klimafornektar i Downing Street 10: Det har ikkje vore mogleg å lese europeiske aviser denne veka utan å kome over artiklar om Myron Ebells Europa-besøk. Ebell, som på sin eigen Twitter-konto omtalar seg sjølv som klimaalarmistanes største fiende, hadde fram til Donald Trump blei innsett som president ansvaret for overgangsteamet som jobba med the Environmental Protection Agency (EPA). Etter å ha heldt foredrag i London og Brussel hadde Ebell omtalt miljørørsla både som “the greatest threat to freedom and prosperity in the modern world” og som “urban imperialists”. Om Trumps politikk sa Ebell mellom anna at presidenten vil forsøke å avskaffe EPA. Det store ubesvarte spørsmålet etter Ebells besøk er kven han møtte i Downing Street 10.

Vil ut av kol: Bortsett frå det som står på nettsida til Trump-administrasjonen om “clean coal”, har kolindustrien lite å glede seg over om dagen. I Europa har kolforbruket gått ned år for år sidan 2013, viser ny rapport. Det er ingen teikn til “betring”. Kolkraft blir av stadig fleire europeiske aktørar betrakta som eit problem ein må kome seg ut av, med Storbritannia, Vattenfall og Oljefondet som ferske døme. Denne veka varsla danske Dong Energy at også dei vil ut av kol. Innan 2023 skal selskapets siste kolkraftverk over på bærekraftig biomasse. Samtidig melder Deutsche Bank at dei har bestemt seg for å slutte å finansiere nye kolprosjekt, og at eksisterande investeringar gradvis skal trappast ned.

EU i rute for 2020: EU-kommisjonen har offentleggjort sin andre statusrapport for det europeiske energi- og klimaarbeidet fram mot 2020. Rapporten viser at EU har klart å kople klimagassutslepp frå økonomisk vekst. I perioden 1990-2015 gjekk utsleppa ned 22 prosent, mens unionens BNP gjekk opp 50 prosent. Samla er EU i rute til å nå 2020-måla både for klimagassutslepp, energieffektivitet og fornybar energi. Det er ikkje like stor progresjon på alle område i alle land. Etter 2005 har Storbritannia, Danmark og Polen, i motsetning til fleirtalet av EUs medlemmer, blitt meir avhengig av å importere energi, skriv The Guardian.

Tesla med verdas største batterilagringssystem: Vi avsluttar med ein gladsak frå USA. Denne veka opna det som no er verdas tre største batterilagringsparkar i California. Parkane blei bygd av selskapa AES, Altagas og Tesla. Den samla lagringskapasiteten svarar til 15 prosent av all batterilagringskapasitet installert globalt i 2016. Tesla sin batteripark har åleine ein kapasitet på 20 MW og skal kunne forsyne 15 000 husstandar med strøm i fire timar. Kanskje ikkje så imponerande om ein samanliknar det med eit konvensjonelt kraftverk. Men i motsetning til eit gasskraftverk, som gjerne tek årevis å sette opp, var det ingen av dei nyopna batteriparkane i California som tok meir enn seks månader å bygge. Les meir i Bloomberg eller NY Times.