CO₂-utsleppa vil auke også i 2018, trur IEA

IEA-sjef Fatih Birol meiner kolkraftveksten i Asia gjer det vanskeleg å nå klimamåla. Les også: Stadig fleire får tilgang på straum. Oppvarminga av havet skjer fortere enn forskarane har trudd til no.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Mot ny CO₂-auke: I eit intervju med Financial Times kom IEA-sjef Fatih Birol denne veka med eit hjartesukk: Avstanden mellom vedtekne klimamål og det som skjer i energimarknaden blir stadig større. Alt tyder på at dei energirelaterte CO₂-utsleppa vil auka også i 2018, slik dei gjorde i 2017. Birol peikar på kolkraftveksten i Asia som ei viktig forklaring. I fjor gjekk straumproduksjonen frå kolkraft opp 4 prosent i Kina og 13 prosent i India.  Alderen på kolkraftverka i Asia er er eit anna problem. Mens kolkraftverk i USA og Europa har ein gjennomsnittsalder på 42 år – og med det nærmar seg ein naturleg «død» – er snittalderen for asiatiske kolkraftverk kun 11 år. Det betyr at dei kan vere i drift i fleire tiår til.  Dette er ein av klimadebattens blindsoner, seier Birol. 

Fleire har fått tilgang på straum:  World Energy Outlook 2018 kjem først om eit par veker, men IEA har alt byrja å lekke informasjon frå årets «energibibel». Måndag kom dei med nye data som viser at verdien av subsidiar til fossilt energiforbruk utgjorde 300 milliardar dollar i 2017 (opp 12 prosent samanlikna med året før). Like etter offentleggjorde dei oppdaterte tal på FNs bærekraftsmål nummer 7 – rein energi for alle. Når det kjem til tilgang på elektrisitet går utviklinga i riktig retning (om enn ikkje fort nok). For aller første gong har talet på personar utan elektrisitetstilgong falle under ein milliard – etter at 120 millionar fekk tilgang på straum i 2017. India, Indonesia og Bangladesh er land som har opplevd stor framgang sidan 2000, det same har Kenya. Den mindre gode nyheita er store deler av Afrika sør for Sahara framleis heng langt etter. Til saman 600 millionar menneske  har ikkje tilgang på elektrisitet i denne regionen. I 15 land er dekningsgraden under 25 prosent. 

Raskare oppvarming av hava: Ein artikkel som onsdag vart publisert i tidsskriftet Nature hevdar at oppvarminga av hava sidan 1991 har skjedd 60 prosent raskare enn det som blei lagt fram i førre hovedrapport til FNs klimapanel. Professor Laure Resplandy ved Princeton University m.fl. har utvikla ein ny metode for å estimere havtemperaturar, og det er bruk av denne metoden som viser at havet absorberer meir varma enn det ein tidlegare har trudd.  Artikkelen er omtalt av fleire internasjonale mediehus – som New York Times og BBC. Begge tek for seg metodikken som Nature-artikkelen bygger på. Sistnemnde forklarar også kva dette betyr: Eit varmare hav blir fattigere på oksygen – som igjen påverkar dei marine økosystema. Eit varmare hav vil også bidra til meir havstiging.

Klimarisiko – tapar milliardar på gassturbinar: Pengane fortset å renne ut av amerikanske General Electric (GE). Verdiar for 23 milliardar dollar er skrive ned. For andre gong på eit år blir utbyttet redusert – no til kun 0,01 dollar per aksje. Dette var bodskapen til nyvald konsernsjef Larry Culp då han denne veka la fram resultatet for tredje kvartal. Det er dotterselskapet GE Power som skapar dei største finansielle problema – her viste kvartalsresultatet eit tap på 630 millionar dollar. Forklaringa er at marknaden for sal og vedlikehald av gassturbinar svikter. Og om ikkje det var nok: Dagen etter kvartalsrapportframlegginga nedjusterte Moody kredittvurderinga av General Electric.

IMO strevar med å få på plass konkret klimaplan: Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO vedtok i april at svovelinnholdet i bunkersolje skal reduserast frå 3,5 prosent til 0,5 prosent frå 2020, og at klimagassutsleppa frå internasjonal skipsfart skal halverast i 2050 målt mot 2008. Klimamålet skulle bli konkretisert i førre veke, men IMO-landa klarte ikkje å bli einige. The Economist publiserte torsdag ein svært informativ artikkel der dei forklarar kvifor det er viktig at svovelvedtaket vert kombinert med klimatiltak og kva som finst av alternativ til tungolje. Eit poeng i artikkelen er at næringa sjølv – uavhengig av om IMO-landa blir einige – er interessert i å kome i gang med utsleppsreduksjonar. Dei ser på det som ei forsikring for framtida. Før eller seinare vil det kome reguleringer – frå IMO, EU eller andre.