CO₂-utsleppa ned i 2014

Vekas utvalde nyheitssaker. Les også om solformørking som skapar hovudbry i Europa, stadig hyppigare solcelleutbygging i USA, E.ONs fornybarplanar og amerikansk vindpotensial.

Dette er eit nytt fast innslag i Energi og Klima. Kvar fredag kl. 11 omtalar vi fem nyheitssaker vi har merka oss spesielt den siste veka. Jobben går på rundgang i redaksjonen.

Her er mine utvalde:

Historisk utsleppsreduksjon i Kina: For første gong sidan 2001 har utsleppa av CO₂ gått ned i Kina, melder Bloomberg New Energy Finance (BNEF). Basert på Kinas offisielle energistatistikk har BNEF estimert ein utsleppsreduksjon i 2014 på 2 prosent samanlikna med året før. Nedgangen skuldast ein kombinasjon av sterk vekst i fornybar energi, nedgang i kolforbruk og energieffektivisering. Utsleppsreduksjonen i Kina forklarer og den globale utsleppsreduksjonen i 2014, ifølge IEAs sjefsøkonom Fatih Birol. I eit intervju med Financial Times seier Birol det er første gang ein har opplevd global utsleppsreduksjon samtidig som verdsøkonomien har vekse. IEAs funn vil bli publisert i juni.

Solformørking 20. mars skapar hovudbry: Då Europa opplevde forrige solformørking i 1999, var det lite uro å spore hos dei nettansvarlege i Europa. No er situasjonen annleis. Solformørkinga 20. mars (ca. Kl. 09.30 – 12.00) har vore på agendaen til ENTSO-E, den europeiske paraplyorganisasjonen for kraftsystemoperatørar, i fleire månader. Forklaringa er at solformørking kan sette store deler av kraftforsyninga ut av spel, spesielt i Tyskland. Med skyfri himmel i Tyskland vil 13 GW effekt forsvinne i løpet av formiddagen, for så å stige igjen med 19 GW når formørkinga er ferdig. 13 GW svarar til at alle dei attverande tyske kjernekraftverka brått slås av.

Nytt solcellepanel installeres kvart 2,5 minutt: I 2002 gjekk det 4,5 timar mellom kvar solcelleinstallasjon i USA. I 2014 berre 2,5 minutt. Forklaringa ligg i kostnadsreduksjonen. Dei siste fem åra har det blitt 65 prosent billegare å sette opp solcellepanel i USA –til mindre enn 70¢ per watt.

Europas kraftgiganter mot grønt skifte: E.ON gjekk med 3,2 milliardar euro i tap i 2014. No førebur den tyske kraftgiganten seg på eit grønt skifte. I løpet av det neste halve året vil E.ON skilje ut selskapets eigendelar i kol, gass og kjernekraft i eit nytt selskap, mens E.ON skal konsentrere seg om fornybar energi. Også RWE, som fekk eit negativt resultat i 2014 på 2,8 milliardar euro, peikar no på fornybar energi og nye energiløysingar som selskapets framtidige vekstområde.

Vind kan bli største energikilde i USA: Vind står i dag for 4,5 prosent av USAs årlege elektrisitetsproduksjon. Men ein ny rapport utarbeida av U.S. Department of Energy viser at potensialet er langt større. Rapporten presenterer tiltak som kan auke vindenergiens del av USA el-produksjon til 10 prosent i 2020, 20 prosent i 2030 og 35 prosent innan 2050. Innan det neste tiåret vil vindenergi vere direkte konkurransedyktig med konvensjonelle energikjelder, konkluderer rapporten.

Veit du om ei nyheitssak vi burde ha med i neste Fem på fredag? Tips oss på e-post, Twitter eller Facebook.