Banebrytande klimadom i Tyskland – Energi og Klima

Banebrytande klimadom i Tyskland

Ansvaret for store utsleppskutt kan ikkje overlatast til neste generasjon, konkluderer den tyske forfatningsdomstolen. Les også: Mot slutten for gasskraft i EU og verdas isbrear smeltar i rekordfart.

UNGDOM MOT STATEN: Saksøkarane i den tyske klimarettssaka var klimaengasjerte ungdom med støtte frå mellom andre Fridays for Future, Greenpeace og Friends of the Earth. Her frå ein tidligare demonstrasjon utanfor Brandenburger Tor i Berlin. Foto: REUTERS/Fabrizio BenschFabrizio Benschcb

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

Tysklands øvste domstol krev endringar i klimapolitikken

Den tyske forfatningsdomstolen har i det som vert omtalt som ein historisk dom gitt dei unge saksøkarane delvis medhald i påstanden om at den tyske klimalovgivinga er grunnlovsstridig. Regjeringa må innan utgangen av neste år spesifisere planar for utsleppsreduksjonar etter 2030.  

Den tyske klimalovgivingspakken frå 2019 forpliktar tyske myndigheiter til å redusere klimagassutsleppa med minst 55 prosent innan 2030 målt mot 1990-nivå. Det langsiktige målet er klimanøytralitet innan 2050. Fordi dagens klimalovgiving ikkje seier noko om utsleppsreduksjonar etter 2030, meiner domarane at lovgivinga utset dei unge for ein framtidig utsleppsreduksjonsbyrde (Emissionsminderungslast) som kan svekke deira grunnleggande rettar. Domarane forklarar dette med at for å nå Paris-måla, vil ein i 2030 ikkje ha noko anna val enn å gjennomføre langt meir drastiske tiltak for å få ned klimagassutsleppa. Med dette som utgangspunkt gjev forfatningsdomstolen regjeringa frist til 31.desember 2022 med å konkretiser utsleppsreduksjonane frå 2031 og utover.  

Kva blir konsekvensane? Den tyske regjeringa var raskt ute med å love endringar i klimapolitikken då domen vart kjent, kanskje alt til sommaren. Jakob Schlandt i Der Tagesspiegel trur domen kan kome til å prege haustens forbundsdagsval: «Domen kjem med tanke på den føreståande valkampen til rett tid. Målretta klimatiltak kjem til å bli eit sentralt tema – måtte dei beste forslaga vinne», skriv han.

Vil du lese meir? Forfatningsdomstolen har lagt ut ei pressemelding på engelsk om domens innhald. Clean Energy Wire har laga ei samlesak med reaksjonar.

EUs nye klimamål = redusert behov for gass i Europa

I 2030 vil vi få ein kvotepris i Europa på nærare 130 euro/tonn CO2. Det seier forskarar ved Potsdam Institute, som har analysert effekten av at det europeiske kvotesystemet blir justert i tråd med EUs nye klimamål. Resultatet av den høge kvoteprisen er at nesten all kolkraft vert skvisa ut dei neste ti åra. Men også gasskraft mister konkurransekraft, viser analysen. I 2030 vil gasskraftmarknaden vere under 40 prosent av volumet i 2015, i 2045 er gasskraft nesten heilt ute av miksen. Hovudforfattar Robert C. Pietzcker åtvarar mot «stranded assets» for dei som investerer i gasskraft i dag – og minner om milliardtapa som dei store kraftselskapa måtte bere på grunn av feilslåtte kolkraftinvesteringar gjort rundt 2005.

Bresmelting i rekordfart

Ein ny studie publisert i Nature viser at verdas isbrear smeltar i eit stadig raskare tempo. Ved bruk av høgoppløyselege satellittbilete har eit forskingsteam leia av professor Romain Hugonnet analysert endringar i høgde, volum og masse til så godt som alle verdas isstraumar. Resultatet av den grundige studien viser at breane har tapt nesten 270 milliardar tonn is kvart einaste år i perioden 2000-2019. Mengda vatn som følgjer av denne årlege bresmeltinga, er enorm. Om ein hadde tømt vatnet ut over Irland, ville vasstanden blitt omlag tre meter djup over heile landet, forklarar ein av medforfattarane til BBC. Rundt 20 prosent av havnivåstiginga skuldast i dag bresmelting.

Vil redusere kjøttproduksjonen og innføre CO2-avgift

Eit utval beståande av 99 tilfeldig utvalde danskar har sidan oktober i fjor arbeidt saman med å utforme konkrete anbefalingar til ny dansk klimapolitikk. Torsdag denne veka overleverte Klimaborgarrådet i alt 117 anbefalingar til oppdragsgjevaren – klimaminister Dan Jørgensen. Anbefalingane strekk seg frå folkeopplysing på den eine sida til skatte- og avgiftspolitikk på den andre.

Her er nokre av forslaga:

  • Snarleg innføring av ein nasjonal klimaavgift (CO2-avgift).
  • Etablere ei klimamerkeordning som informerer forbrukaren om produktets klimafotavtrykk.
  • Aktivisere folkebiblioteka i arbeidet med å tenne klimaengasjementet lokalt.
  • Stanse import av biomasse.
  • Redusere dansk kjøttproduksjon og -forbruk.

Alle forslaga blir presentert saman med informasjon om kor stor del av borgarrådet som har røyste for/mot dei ulike forslaga, slik som at 95 prosent av borgarrådet støttar forslaget om CO2-avgift.

EUs tungindustri merkar høg kvotepris – krev karbontoll

Kvoteprisen i Europa gjekk denne veka «all time high» og vaker no like under 50 euro per tonn.  Dette merkar tungindustrien – som no åtvarar mot utflagging om EU ikkje innfører ein karbontoll mot land som ikkje prisar utslepp like hardt. Europeiske stålprodusentar seier kvoteprisen no kostar dei rundt 95 euro per tonn stål produsert. Det utgjer nesten 10 prosent av stålprisen i marknaden, skriv Financial Times. Industriens rop om karbontoll kjem på eit avgjerande tidspunkt. Europakommisjonen er venta å legge fram eit framlegg om ein karbontoll – eller Carbon border adjustment mechanism (CBAM) som det formelt heiter – i juni. Ei eventuell implementering vil truleg ikkje skje før tidlegast om to år.

Kommentarfeltet er stengt.