92 slides som forklarar den globale energiomstillinga

Vekas utvalde nyheitssaker. Les også om unormalt varmt vatn i Stillehavet, kraftig fornybarvekst i Storbritannia, EIAs Energy Outlook 2015 og klimaforventningar til presidentkandidat Hillary Clinton.

Dette er eit nytt fast innslag i Energi og Klima. Kvar fredag kl. 11 omtalar vi fem nyheitssaker vi har merka oss spesielt den siste veka. Jobben går på rundgang i redaksjonen.

Her er mine utvalde:

92 SLIDES OM DET GLOBALE ENERGIBILDET: Bloomberg New Energy Finance (BNEF) har denne veka hatt sitt årlege toppmøte i New York – eit høgdepunkt for alle som er oppteken av global energiomstilling. På BNEFs nettsider kan ein, i tillegg til å laste ned slides med grafar og tabellar om fornybarutbygging, investeringstrendar og kostnadsutvikling, sjå opptak av dei viktigaste innlegga. Årets hovudtalarar var Al Gore, Ban Ki-moon, Michael R. Bloomberg og BNEF-gründar Michael Liebreich. Sistnemnte kan du sjå i ruta nedanfor (48 minutt om status og framtidsutsikter for fornybar energi).

UNORMALT VARMT VATN I STILLEHAVET ÅRSAK TIL EKSTREMVÆR I USA? Vinteren 2013/2014 oppdaga forskarar unormalt varme vassmassar i Alaskabukta – med temperaturar 1-4 gradar celsius over det normale. Vassmassane – som går under kallenamnet “the warm blob” – har sidan ekspandert og strekk seg i dag langs vestkysten frå Alaska i nord til Mexico i sør. I to nyleg publiserte artiklar blir det argumentert med at “the blob” ikkje berre har ført til introduksjon av nye artar i dei aktuelle havområda, men at fenomenet og heng saman ekstremvær på land. Bond et al viser at det varme vatnet heng saman med det same høgtrykket som har skapt dagens tørkesituasjon i California, mens Hartmann meiner temperaturforholda i Stillehavet kan forklare både den varme vinteren på vestkysten og den kalde vinteren i Chicago og Boston i 2013-2014. Dei sama forholda har også vore til stade denne vinteren

STORBRITANNIA – EUROPAS FORNYBARLOKOMOTIV: Få land bygger ut fornybar energi raskare enn Storbritannia. Iallfall ikkje i Europa. I 2014 stod fornybar energi for 19,2 prosent av landets elektrisitetsproduksjon – opp frå 14,9 prosent i 2013. Det viser fersk statistikk frå Energi- og klimadepartementet. Fornybarproduksjonen i Storbritannia fordelte seg i fjor på bioenergi (36 prosent), landbasert vind (29 prosent), havvind (21 prosent), vasskraft (9 prosent) og solenergi (6,1 prosent). Samla straumproduksjon gjekk ned med 6,6 prosent grunna lågare etterspurnad samanlikna med 2013.

KONSERVATIVE ANSLAG FRÅ EIA: Denne veka lanserte USAs energidirektorat EIA sin årlege marknadsanalyse – Energy Outlook 2015. EIA spår at oljeprisen vil halde seg under 80 dollar per fat fram til 2020, og at USA vil bli energieksportør alt i 2019. Dette forklarar dei med kombinasjonen produksjonsvekst og redusert forbruk i USA (særleg i transportsektoren). Analysen er derimot veldig konservativ på vegne av fornybar energi. I referansebana for elektrisitetsproduksjon i USA vil fornybardelen gå frå 13 prosent i 2013 til 18 prosent i 2040, skriv EIA.

KLIMA OG CLINTON: Det er offisielt. Hillary Clinton stiller som presidentkandidat i 2016. Men kva meiner ho eigentleg om klimapolitikk og energiomstilling, og vil ho gjere det til eit sentralt valkamptema? Om denne tweeten er eit teikn på at klima blir viktig for Clinton, vil ho bli historisk. Ikkje ein gong Al Gore gjorde klima til ein stor sak i 2000, og på John Kerrys kampanjenettside i 2004 blei ikkje klimaendringar nemnt med eit ord.

Veit du om ei nyheitssak vi burde ha med i neste Fem på fredag? Tips oss på e-post, Twitter eller Facebook.