80 prosent elbil-vekst i 2015

I 2015 blei det selt 328 000 heilelektriske bilar globalt. I 2010 var talet 6000. Vekstkurva for batteridrivne bilar har aldri vore brattare enn no.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Kraftig elbil-vekst: IEA har sidan sist gitt ut Global EV Outlook 2016. Denne årvisse publikasjonen presenter status for utrullinga av elektriske bilar (heilelektrisk + plug-in hybrid). Kort oppsummert: Ved utgangen av 2015 fantes det 739 810 heilelektriske bilar globalt – mot 411 090 året før. Som for sol og vind er det veksten som imponerer: Samanliknar ein storleiken på verdas elbilpark i 2010 med 2015, snakkar vi om ein auke på 6000 prosent! Politisk støtte til miljøvenleg transport og stadig billegare batteriteknologi er dei viktigaste forklaringane. I fjor gjekk Kina forbi USA som verdas største elbilmarknad. Kinas del av den globale markanden har gått frå 9 prosent i 2010 til 30 prosent i 2015. Rapporten skriv også at Kina er klart størst på elektriske tohjulingar og bussar. Landet hadde i 2015 nær 150 000 heilelektriske bussar – seks gongar meir enn i 2014.

I Energy Perspectives 2016 skriv Statoil at 90 prosent av det globale nybilsalet i 2040 vil vere elektriske bilar (hybrid og fullelektrisk).

Klimajokeren India: Elbilrevolusjonen har enno ikkje nådd India – verdas raskast veksande økonomi. Landets eksplosive vekst i personbilar har derfor ført til eit stadig støre oljekonsum. Denne veka har fleire internasjonale medier omtalt IEAs siste Oil Market Report som kan fortelje at India i løpet av 2017 vil gå forbi Japan som verdas tredje største oljekonsument, bak USA og Kina. Veksten i Indias oljeforbruk er no større enn Kinas. Reuters og Wall Street Journal har meir.

Mens Indias oljeforbruk er dyster lesing frå eit klimaperspektiv, er det andre nyheiter som gir håp. Denne veka signerte India og USA ein klimaavtale som mellom anna slår fast målet om å få Paris-avtalen ratifisert innan utgangen av 2016. India er eit nøkkelland for å klare dette ettersom avtalen ikkje vil tre i kraft før minst 55 land som representerer minst 55 prosent av verdas klimautslepp har ratifisert. Klimaavtalen mellom statsminister Modi og president Obama inneber og løfte om fleire hundre millionar dollar i felles fornybarinvesteringar og bygging av kjernekraft. Les Modis og Obamas felles pressemelding for detaljar.

Mindre kull i 2015: Det globale kull-forbruket fall 1,8 prosent i 2015. Det er hovudbodskapen frå årets utgåve av BPs Statistical Review of World Energy. Hovudforklaringa er redusert forbruk i Kina (ned 1,5 prosent). Som Klimavakten viser, stod Kina for 50 prosent av verdas kullforbruk i 2015. Forbruket gjekk også ned i USA (-12,7 prosent) og EU (-1,8 prosent). India, som har ein marknadsdel på omlag 10 prosent, auka kullforbruket med 4,6 prosent.

Samtidig som kullforbruket i fjor gjekk ned, steig forbruket av olje med 1,9 prosent. Den raskast voksande energikjelda er solenergi.

Tyskland endrar fornybarpolitikken: Onsdag gjekk den tyske regjeringa inn for grunnleggande endringar i landets fornybarpolitikk. Dagens system med innmatingstariffar (“feed-in-tariffs”) – der alle produsentar av fornybar energi får ein fast pris i x år – vert erstatta med eit auksjonssystem. Det nye systemet inneber at for å få rett til støtte må ein først vinne eit anbod på produksjon. Regjeringa håpar med dette å få ned kostnadene og – av omsyn til kraftnettet – redusere farten i utbygginga av sol og vind. Forslaget blir av fleire  kritisert for å favorisere store kraftselskap. Kooperativ og andre småprodusentar vil aldri kunne konkurrere i anbodskonkurransar, blir det hevda. Lovendringane vil venteleg tre i kraft i starten av 2017.

For dei som er interessert i tysk energipolitikk har Deutsche Bank nyleg gitt ut ein interessant status-rapport om Energiewende: German “Energiewende”: Many targets out of sight (pdf). Meir om Energiewende på vår temaside.

Forskarar gjer CO₂ om til stein – gjennombrot for CCS? Forskarar kan no ha funne ein ny og billegare måte å lagre CO₂ under bakken. Eit prosjekt på Island, der CO₂ har blitt pumpa ned i vulkansk stein, har lukkast med å framskunde den naturlege prosessen der gassen blir gjort om til fast form. Normalt tek ein slik prosess hundretusenvis av år, men ved å blande CO₂ med den vulkanske bergarten basalt blei CO₂ om til stein etter to år, skriv The Guardian. Dei gode resultata gjer at prosjektet på Island blir skalert opp til å lagre 10 000 tonn CO₂ per år.