Ekstremhete og tørke – ein aukande klimarisiko

Årets sommar har vist at hetebølgjer og tørke kan ramme alle sektorar. Les også: Amerikansk klimaavtale vil gi kraftig vekst i fornybar energi. Tyskland skal bruke milliardar på energieffektivisering.

I «Fem på fredag» presenterer Energi og Klima normalt fem internasjonale nyheiter frå veka som har gått. Men sidan dette er første fem på fredag etter ferien, er utvalet saker denne gongen henta frå heile sommaren.

Her er mine utvalde saker:

Klimaendringane aukar sjansane for somrar med ekstreme temperaturar

Skogbrannar i Europa startar tidlegare på året, blir hyppigare, gjer meir skade og blir vanskelegare å stoppe. Her frå Portugal sommaren 2022. Foto: Armando Franca/AP/NTB

Over store deler av verda har hetebølgjer og tørke prega årets sommar. Juli 2022 går inn i historia som ein av dei tre varmaste juli-månadene som nokon gong er registrert, meldar Verdas meteorologiorganisasjon (WMO). Dette er klimaendringar i praksis – og konsekvensane er fatale. Her i Europa har vi kunne lese om dei mange skogbrannane som herjar, og som stadig blussar opp igjen. Men nyheitsbiletet har også avslørt at ekstremvarme slår inn over økonomien på mange ulike måtar:

  • Atomkraftverk i Frankrike har måtte ta ned kraftproduksjonen fordi vatnet i elvene er for varmt.
  • Bønder i Italia har fått avlingane med oliven, risottoris og tomatar øydelagt etter den verste tørka på 70 år.
  • Frakteskip i Tyskland kan snart ikkje segle på Rhinen fordi vatnet visse stadar har blitt for grunt.
  • Vassreservoar i Spania hadde ved inngangen til august ein fyllingsgrad på kun 40 prosent. Snittet dei siste ti åra har vore 60 prosent.

Lista kunne vore mykje lenger. I skrivande stund er det tørke-varsel for 47 prosent av EUs territorium, ifølgje European Drought Observatory.

Det store biletet: «Dette er den nye normalen», sa WMO-sjef Petteri Taalas på ein pressekonferanse i midten av juli. Han sa at det vi no opplever er ein konsekvens av klimaendringane. Det same er bodskapen frå FNs klimapanel. På Klimavakten kan du lese meir om dette.

Les også: Internasjonale klimaforskarar seier vi manglar kunnskap om dei mest dramatiske klimascenarioa der den globale oppvarminga fører til katastrofale konsekvensar for menneskeheita. Såkalla «high impact, low probability»-scenario.

Fornybarbransjen jublar over Bidens klimapakke

President Joe Bidens nye klimaavtale er venta å gi kraftig fornybarvekst i USA. Dei nye støtteordningane skal vare i ti år. Foto: Brian Snyder/Reuters/NTB

18 månader ut i presidentperioden sin klarte president Joe Biden det ingen lenger trudde var mogleg: å samle demokratane i senatet om ein omfattande klimalovpakke. Men sundag 7. august var det nettopp det som skjedde.

Under den noko misvisande tittelen The Inflation Reduction Act røysta samtlege demokratar i senatet for å bruke 369 milliardar dollar på fornybar energi, energieffektivisering, elbilar og andre klimatiltak dei neste ti åra. Analyser viser at pakken kan redusere USAs klimagassutslepp med rundt 40 prosent innan 2030 (samanlikna med 2005). Dermed har Biden plutseleg augekontakt med sitt eige 2030-mål om utsleppskutt på 50 prosent. I ein entusiastisk leiarartikkel kallar Financial Times vedtaket «the most significant climate change bill in American history».

Kva konkret inneheld klimapakken? Det viktigaste er at pakken sikrar føreseieleg støtte til utbygging av fornybar energi i ti år framover. Utrekningar gjort av bransjeorganisasjonen American Clean Power Association viser at USAs fornybarkapasitet vil auke med 550 GW i perioden 2022-2030. Pakken skal også få fart på elbilsalet i USA, som i dag ligg langt etter både EU og Kina, og stimulere til grøn industri.

Nokre tal (henta frå FT): 

  • 30 milliardar dollar skal gå til støtte til fornybar energi.
  • 9 milliardar skal gå til energieffektiviseringstiltak i amerikanske bustader.
  • 20 milliardar er øyremerka klimatiltak i landbrukssektoren.
  • Amerikanarar skal få skatterabatt på 7 500 dollar ved kjøp av ny elbil og 4 000 dollar ved kjøp av brukt elbil.
  • Støtte til karbonfangst og -lagring skal aukast frå 50 til 85 dollar per tonn CO₂.
  • 10 milliardar dollar skal gå til å støtte investeringar i produksjon av elbilar og fornybarteknologiar i USA. 

I bytte mot støtte til heilskapen fekk senator Joe Manchin frå Vest-Virginia gjennomslag for fleire punkt som også vil gi grønt lys for fleire fossile energiprosjekt, inkludert fleire oljelisensar offshore. The Guardian har meir om miljøkritikken som har blitt reist mot The Inflation Reduction Act.

Kva skjer vidare? Representantanes hus vil venteleg gi si tilslutning til klimapakken fredag 12. august. Etter det er det berre signaturen til president Biden som manglar før lova trer i kraft. Og etter det: avklaring av detaljar og utarbeiding av forskrifter. Washington Post har meir.

Tyskland skal bruke milliardar på energieffektivisering

Tysklands finansminister Christian Lindner la fram forslag til klimabudsjett for perioden 2023-26 på ein pressekonferanse i Berlin. Foto: Michele Tantussi/Reuters/NTB

Det er ikkje berre amerikanske myndigheiter som frigjer store midlar til klimatiltak. I Tyskland har regjeringa i sommar lagt fram eit klimabudsjett for perioden 2023-26 på 177,5 milliardar euro.

Krigen i Ukraina – og tyskaranes behov for å ta ned det innanlandske gassforbruket – pregar innretninga av klimabudsjettet. Av dei 35,4 milliardar euroane som er satt av i 2023, skal 16,9 milliardar gå til energieffektiviseringstiltak i eksisterande bygg. Nye bygg vil ikkje bli prioritert fordi sparepotensialet er størst i gamle bygg, skriv Bloomberg.

Klimabudsjettet skal også dekke støtte til fornybar energi, hydrogen og elbilar. Elbilstøtta vil frå 2023 i større grad enn i dag prioritere mindre, billegare modellar.

Kvifor er dette viktig? Tyskland er eit av EU-landa som har gjort seg aller mest avhengig av russisk gass – ein avhengigheit dei no må betale for i form av ekstremt høge energiprisar og ein redusert forsyningstryggleik. Saman med resten av EU har Tyskland forplikta seg til å redusere gassforbruket innan utgangen av mars 2023 med 15 prosent – og samtidig: akselerere den grøne energiomstillinga. Klimabudsjettet  er det viktigaste verkemiddelet for å oppnå dette.  

Kva skjer vidare? Regjeringas klimabudsjett skal no behandlast av Forbundsdagen. Dei tre regjeringspartia – Sosialdemokratane (SPD), Fridemokratane (FDP) og Dei grøne – har fleirtal.

Kjernekraft skapar trøbbel i Frankrike

Damp stig opp frå kjøletårna til eit av EDFs kjernekraftverk i Frankrike. Halvparten av EDFs kjernekraftflåte er i dag ute av drift på grunn av behov for vedlikehald. Foto: Robert Pratta/Reuters/NTB

Denne sommaren har Frankrike vist at dei har minst like store energivanskar som Tyskland. Torsdag blei levering av grunnlast til det franske straumnettet prisa til over 600 euro per megawattime – med levering om eit år. Aldri før har Frankrike sett så høge forwardprisar.

– Den første byen som i vinter som opplever blackout, kan like gjerne vere Paris som Berlin, skreiv Bloomberg-kommentator Javier Blas tidlegare i sommar. Ein viktig forklaring på det som skjer i Frankrike er enorme problem som har oppstått med kjernekraftflåten til Electricite de France (EDF). Etter funn av sprekkar i konstruksjonane har halvparten av dei 56 reaktorane blitt satt ut av drift. I 2021 summerte EDFs kjernekraftproduksjon seg til 361 TWh, men i år vil produksjonen vere 280-300 TWh. Heller ikkje i 2023 vil kjernekraftproduksjonen gå for fullt, skriv EDF i halvårsresultatet som nyleg blei lagt fram.

Kjernekraftkrisa har gjort Frankrike, som normalt er eit land som eksporterer store mengder straum til nabolanda, avhengig av straumimport.

Investeringsrekord i fornybar energi

32 milliardar dollar blei investert den globale havvindindustrien i første halvdel av 2022. Det er ein vekst på 52 prosent samanlikna med første halvdel av 2021. Foto: Phil Noble/Reuters/NTB

Høge prisar for fossil energi driv opp investeringane i fornybar, viser markandsstatistikk frå analysehuset Bloomberg NEF. I første halvdel av 2022 blei det investert 226 milliardar dollar i fornybar energi. Det er ny rekord. Investeringar i storskala solenergi utgjorde 120 milliardar dollar av dette (+33 prosent samanlikna med første halvår 2021), mens 84 milliardar dollar blei investert i vindkraft (+16 prosent). Kinas investeringar i sol og vind summerte seg til 99 milliardar dollar – 43 prosent av dei samla globale fornybarinvesteringane.