BPs nye strategi: Endeleg «Beyond Petroleum»

BP legg opp til ein betydeleg nedtrapping i olje- og gassproduksjon fram mot 2030, mens investeringar i fornybar energi skal aukast kraftig. Les også: Det blir færre kolkraftverk og EU vil ha nye tiltak mot flyutslepp.

Då er vi tilbake frå sommaren med #Fempåfredag – nyheitsbrevet der redaksjonen i Energi og Klima presenterer fem internasjonale nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde.

BPs nye kurs skapar begeistring

Nyheita: Då oljegiganten BP denne veka la fram resultatet frå andre kvartal, var det ikkje milliardtap og utbyttekutt som fekk mest merksemd, men selskapets nye strategi som legg opp til å gjere BP til ein grøn gigant i løpet av ti år.

Bakgrunn: 2020 kan gå inn i historia som året då BP for alvor tok steget «beyond petroleum» – vel 20 år etter at slagordet blei lansert første gong. Det starta i februar i år, ei veke etter at Bernard Looney overtok som ny CEO, med at det britiske oljeselskapet la fram ein ambisjon om at selskapets klimagassutslepp skal nå netto null i 2050. I juni justerte dei ned forventningane til framtidige olje- og gassprisar, med store nedskrivingar som resultat. Og så, denne veka: I samband med framlegging av resultatet frå andre kvartal, presenterte Looney og styreleiar Helge Lund BPs nye strategi som detaljert viser korleis selskapet skal nå klimaambisjonen presentert i februar. Selskapet skal slutte å leite etter fossil energi i nye land og redusere olje- og gassproduksjonen med minst 40 prosent innan 2030. Samstundes skal BP flytte store deler av investeringsbudsjettet i grøn retning. Selskapet skal det neste tiåret tidoble investeringane i fornybar energi og annan klimateknologi til 5 milliardar dollar per år. Den fornybare energikapasiteten skal aukast frå 2,5 GW til 50 GW. Hydrogen, bioenergi og elbil-infrastruktur er andre satsingar. Selskapet skal framleis investere i olje og gass, men det er ikkje her selskapet skal vekse. 

Det store bilete: Oljeselskap verda over møter stadig sterkare press om å tilpasse forretningane ei framtid der fossil energi vil og må fasast ut. Det siste året har mange oljeselskap, spesielt europeiske, vedteke langsiktige utsleppsmål for å møte denne kritikken. Det spesielle med BP er difor ikkje målet om å bli eit energiselskap med netto nullutslepp i 2050, eller ambisjonen om å investere mykje meir i fornybar energi. Det nye er at BP varslar at omsynet til klimaet også får konsekvensar for dagens kjerneaktivitet – produksjon av olje og gass. Andrew Grant i Carbon Tracker Initiative skriv at «BP take climate issues by the horns» og spør kva andre oljeselskap som no følgjer etter. Grant gjer også eit poeng – som fleire medier denne veka – at aksjekursen til BP gjorde eit byks då den nye strategien var kjent, sjølv om selskapet også kommuniserte kutt i aksjonæranes utbytte. Også Greenpeace har respondert positivt på BPs strategi. Dei skriv at alles auge no rettar seg mot Shell og dei andre oljeselskapa. Greenpeace kritiserer derimot BP for ikkje å adressere eigarposten på 20 prosent i Rosneft. Produksjonen til den russiske oljeselskapet er ikkje ein del av BPs produksjonskutte på 40 prosent, skriv InsideClimate News.

Kollega Anders Bjartnes har også kommentert BPs kursendring. Equinor forbikjørt av BP i oljeselskapenes klima-kappløp, skriv han.

Vil du gå djupare? Les presentasjonen til BPs Giulia Chierchia (EVP, strategy and sustainability) for meir informasjon om bakgrunn for – og innhaldet i – BPs nye strategi.

Færre kolkraftverk i 2020

Nyheita: Talet på kolkraftverk globalt gjekk for første gang ned i første halvår 2020. Det viser oppdaterte tal frå Global Coal Plant Tracker (GCPT), skriv Carbon Brief.

Bakgrunn: Mens verdas kolkraftflåte i perioden 2000-2019 i snitt vaks 25 GW i halvåret, blei flåten i første halvår i år redusert med 2,9 GW. Det har aldri skjedd før. Sjølv om det framleis er netto vekst i kinesisk kolkraftkapasitet, har veksten så langt i år vore mindre enn tidlegare. Dermed førte det kraftige fallet for kolkraft i Europa og USA til at kapasiteten globalt gjekk ned. I EU+Storbritannia blei kolkraftkapasiteten redusert med til saman 8,3 GW i første halvår. Ytterlegare 6 GW er planlagt stengt ned i andre halvår.

Tysk hydrogensatsing i praksis

Nyheita: Tyske myndigheiter bestemte seg denne veka for å gi grønt lys og økonomisk støtte til hydrogenprosjektet Westküste100. Prosjektet skal i første omgang bygge ein elektrolysør på 30 MW for produksjon av grøn hydrogen frå havvind.

Bakgrunn: Dette kan med første augnekast verke smått, men Westküste100 er eit resultat av Tysklands offensive hydrogenstrategi som blei vedteke i vår. Prosjekter som dette vil det kome mange av framover. Det startar smått – men skal ende stort. For Westküste100 er ambisjonen etter pilotfasen å bygge ein grøn hydrogenfabrikk med kapasitet på 700 MW – som igjen skal bidra til å avkarbonisere krevjande sektorar som industri og transport. Bak prosjektet står danske Ørsted og ni andre aktørar som til saman dekker heile verdikjeda – frå fornybar energiproduksjon til sluttbruk av grøn hydrogen.

EU ønsker nye klimatiltak i lufta

Nyheita: Onsdag sendte EU-kommisjonen forslag som har til hensikt å få ned luftfartens klimagassutslepp ut på høyring.

Bakgrunn: Skal EU nå målet om netto nullutslepp seinast innan 2050, må utsleppa i alle sektorar ned mot null. Det gjeld også luftfarten – ein sektor der klimagassutsleppa til no har gått opp år for år. Med dette som bakteppe ønsker EU-kommisjonen å ta nye grep for å tvinge flyselskap over på ikkje-fossilt flydrivstoff. Kommisjonen ber om tilbakemelding på ulike forslag for å få dette til – slik som:

  • Stille krav til flyindustrien om å bruke og produsere ein viss mengde berekraftig drivstoff.
  • Etablere eit system for handel med utsleppskredittar for flybransjen.
  • Gjennomføre europeiske anbod på produksjon av berekraftig flydrivstoff
  • Gjennomføre ei akkrediteringsordning for «grøne flyselskap».
  • Innføre flybensinavgift.

Høyringa varer fram til slutten av oktober. Etter det skal EU-kommisjonen bestemme seg for kva tiltak dei vil gå for.

Joe Biden skjerpar klimapolitikken

Nyheita: Vi er mindre enn 90 dagar unna årets viktigaste klimapolitiske hending: det amerikanske presidentvalet. Den siste månaden har klimapolitikk blitt viktigare for Joe Biden. Kan det også påverke valet av visepresidentkandidat?

Bakgrunn: I midten av juli lanserte Joe Biden sin nye klimaplan: To tusen milliardar dollar skal brukast over fire år på storstilt satsing på fornybar energi innan kraftproduksjon, transport og bygg. Eit av måla er ein karbonfri elektrisitetssektor innan 2035. Planen er langt meir radikal enn den politikken Biden profilerte under demokratanes primærval. Washington Post tek for seg dette skiftet i artikkelen How Joe Biden decided to go big on climate change. Ein ting er iallfall sikkert: Jo tøffare Biden blir på klima, jo større avstand blir det til dagens administrasjon.

For klimapolitikken og farten i energiomstillinga i USA og internasjonalt er det mykje som står på spel den 3. november.