Britisk CCS-studie åtvarar mot karbonlagring i Noreg

Storbritannia bør lagre CO₂’en sjølv, konkluderer ein fersk studie som har vurdert kost/nytte ved ulike CCS-strategiar. Les også: Solenergi dominerer ny kraftutbygging, og General Motors lovar 20 nye elbilar på fem år.

Kvar fredag presenterer redaksjonen i Energi og Klima fem viktige nyheitssaker frå veka som har gått. Her er mine utvalde:

Meir lønsamt å lagre CO₂’en sjølv Det er ikkje berre i Noreg ein ser store moglegheiter knytt til fangst og lagring av CO₂. Torsdag publiserte britiske energiaktørar “Clean Air, Clean Industry, Clean Growth: How Carbon Capture Will Boost the UK Economy”. Studien vurderer samfunnsnytten ved ulike CCS-strategiar for Storbritannia. Konklusjonen er at dersom myndigheitene går i gang med det same, kan investeringane bli svært lønsame for britane. Businessgreen utdjuapar.

Det mest interessante med denne studien – sett med norske auge – er forfattaranes åtvaring mot ei løysing der britane vel å eksportere CO₂’en til Noreg (eller eit anna tredjeland) framfor å lagre han sjølv. Dei skriv:

“In terms of alternative CCS strategies, (…) opting only to export CO₂ to 3rd country storage both offer significant downsides compared to deployment of CCS with transport and storage in UK waters”.

Og vidare:

“At the very least the UK would be transferring significant GVA and jobs out of the country and lose control over its CO₂ storage requirements and be subject to increased price risk. It therefore appears important that the UK develops and maintains its own CO₂ storage capability to ensure that options exist for storage of UK CO₂ and to protect against high disposal costs and potential carbon stranding of UK assets. Indeed, should the UK develop a domestic CO₂ storage industry and can offer this service to other countries, there is clearly a high potential to generate significant revenue, further UK jobs, and a high positive impact on the UK BoT.”

Det er med andre ingen raud løpar for kongstanken om å gjere norsk sokkel om til Europas lager for CO₂.

Statsminister Theresa May vil venteleg adressere CCS når ho seinare i haust skal legge fram regjeringas Clean Growth Plan.

Solcellestraum veks mest: Det internasjonale energibyrået (IEA) slapp denne veke sin årlege fornybarrapport – Renewables 2017. Rapporten viser at verdas fornybare kraftkapasitet auka med 164 GW i 2016. Det svarar til 2/3 av all nyinstallert kapasitet. Størst fart har solenergi (PV) som i 2016 vaks med 74 GW. Til samanlikning blei det bygd ut 36 GW solenergi i heile perioden 2005-2010. Når det kjem til kraftproduksjon enda fornybardelen i 2016 på 24 prosent. Kullkraft er framleis den energikjelda som produserer flest kilowattimar på verdsbasis.

Slik fornybar energi dominerer ny kraftutbygging, dominerer Kina fornybar energi. Landet stod i 2016 for 40 prosent av all utbygging. Over halvparten av alle solcelleinstallasjonar fann stad i Kina. IEA trur Kina og India vil drive den globale veksten vidare. I årets rapport er forventingane til fornybar energi mot 2022 oppjustert med 12 prosent. Det betyr ikkje at debatten om IEAs evne til å spå om framtida er over.

Forbrukartips: IEAs rapportar kostar ofte pengar. Men er du student eller tilsett ved eit universitet eller ein høgskule vil du mest sannsynleg kunne laste ned rapporten gratis via OECD Library.

Frå DONG til Ørsted: Måndag kunngjorde danske DONG Energy at dei vil skifte namn til Ørsted. Namneskiftet er ein del av selskapets strategiske reise frå fossil til fornybar energi. I vinter bestemte DONG seg for at dei vil stoppe all bruk av kol innan 2023. Nokre månader seinare kvitta dei seg med heile olje- og gassporteføljen.  Mens DONG er ei forkorting for “Dansk Olie og Naturgas”, refererer Ørsted til den danske fysikaren og kjemikaren Hans Christian Ørsted (1777-1851). Selskapets nye logo og profil blir offentleggjort 6.november.

GM lovar 20 elbilar på fem år: Måndag annonserte General Motors, USAs største bilkonsern, og tradisjonelt eit av dei mest lunkne til tanken om elbilrevolusjon, at dei innan 2023 skal introdusere 20 heilelektriske bilar. Dei to første vil vere klar i løpet av dei neste 18 månadene. Det er ikkje usannsynleg at elbilpolitikken i Kina har spelt inn på GMs nyorientering. Kina er verdas største bilmarknad og i førre veke sa landets transportminister at alle bilkonsern frå og med 2019 må forplikte seg til å selje ein viss mengde null- og lågutsleppsbilar for å få tilgang til den kinesiske marknaden.

Ifølge Deutsche Bank vil elektriske bilar bli forbrukarens “rasjonelle val” ein gong mellom 2017 og 2024. Innan 2035 vil alle nye bilar i Europa vere elektriske.

Kolkraft på hell i USA: Vi avsluttar med litt meir tal og statistikk. Denne gongen er det NRDCs Annual Energy Report som samanfatter tilgjengelege data om den amerikanske energimarknaden. Rapporten viser at det i 2016 blei bygd ut 14 GW solenergi (PV) og nesten 9 GW vindkraft. Drivarane for dette er kostnadsreduksjonar og skattefordelar. Ein kan også lese at den amerikanske straummiksen blir stadig mindre kolbasert. I 2000 kom over 50 prosent av straumen frå kolkraft, i 2016 var talet redusert til 30 prosent. Gass passerte dermed kol som viktigaste straumkjelde med 34 prosent, mens fornybar energi stod for 14 prosent.

Kva som skjer framover i USA er meir usikkert. Frå den eine kanten lurar ein potensiell handelskonflikt som kan gi dyrare solcellepanel. Frå den andre ventar Donald Trumps forhold til etablert klimapolitikk og kol- og kjernekraft. Er det amerikanske fornybardrivet sterkt nok til å stå imot også dette?