Ny studie: Europas elbilproduksjon vil mangedoblast innan eit par år

I 2022 vil Europas produksjon av heilelektriske bilar vere fire gongar større enn i 2019, konkluderer tysk studie. Les også: EU vil stille strengare utsleppskrav til bilindustrien og slik ser elbilstatistikken ut per august.

I nyheitene akkurat no:

  • Politikk: 1 million elbilar i 2030 blir for dyrt, meiner dansk elbil-kommisjon.
  • Marknad: Samarbeidsavtale gir General Motors 11 prosent av børsyndlingen Nikola.
  • Teknologi: Total og PSA vil lage batterigigant – skal produsere 48 GWh i 2030.
  • Finans: Mercedes-Benz-produsent hentar 1 milliard euro gjennom grøne obligasjonar.
  • Innovasjon: Offentleg-privat intensjonsavtale om canadisk Hyperloop som skal gå i 1000 km/t.
  • Marknad: Har selt over 500 000 Nissan Leaf sidan 2010.
  • Politikk: Sør-Korea med mål om 1 million elbilar innan 2025.

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:

Europas bilindustri lausnar handbremsa

Nyheita: Produksjonen av elbilar i Europa står ikkje i stil med etterspurnaden i marknaden, men i innan eit par år vil dette endre seg. Frå eit nivå godt under 300 000 elbilar i 2019 vil Europas elbilproduksjon passere 1 million køyretøy i 2022 og over 2 millionar i 2025, skriv Chemnitz Automotive Institute (CATI) i ein ny studie.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Bakgrunn: Tingar du ein elbil i dag, må du vere førebudd på lang leveringstid. I 2020 kan dette delvis forklarast med Covid-19 som har ramma bilproduksjonen hardt fleire stadar, men mest av alt er det eit resultat av etablerte bilprodusentar som altfor lenge har nølt med å vri porteføljen sin, med dertil tilhøyrande produksjonskapasitet, frå fossile til elektriske bilar. Forskarane ved CATI karakteriserer situasjonen i den europeiske bilmarknaden som ein elektrifiserings-boom «med handbremsa på».

Rapporten «Electric mobility defies the automotive crisis. Developments in Europe 2020–2025» tek for seg utviklinga av produksjonsvolum og -lokasjonar for elektriske bilar i Europa fram mot midten av 2020-talet. Konklusjonen er at vi vil sjå store endringar allereie om eit par år:

  • I 2019 blei det produsert 276500 heilelektriske bilar i Europa. Innan 2022 forventar ein at produksjonen vil auke til 1,2 millionar og innan 2025 til over 2 millionar køyretøy.
  • I 2019 blei det produsert elbilar på 17 lokasjonar i åtte europeiske land. I 2022 vil elbilproduksjonen skje på meir enn 25 lokasjonar i minst 11 europeiske land.

Tyskland blir Europas «hotspot» for elbilproduksjon. Her ventar forskarane at produksjonen av elbilar vil åttedoble seg kvart einaste år i perioden 2019-2022. I 2025 vil en av fire tyskproduserte bilar vere ein heilelektrisk bil. Dei største bilfabrikkane i Tyskland – og dermed også i Europa – vil vere Vollkswagens anlegg i Zwickau og Teslas anlegg i Grünheide utenfor Berlin.

Det store biletet: Omlegginga som no skjer i europeisk bilindustri heng nøye saman med politiske reguleringar. Ifølgje Det europeiske miljøbyrået låg CO₂-utsleppet frå ein nyregistrert bil i Europa i 2019 i snitt på 122,4 gram/km. Det var meir enn året før og langt under EU-kravet om 95 gram/km som blir gjeldande i 2020/21. Bilindustrien må difor få fart på elbilsalet for å innfri det nye utsleppskravet – og med det unngå bøter. Samtidig tener ikkje bilindustrien på å gå for fort fram. Ein av Europas leiande biljournalistar, tyske Christoph M. Schwarzer, problematiserte nettopp dette i ein artikkel i Die Zeit tidlegare i år: Bilprodusentar må selje nok elbilar til at utsleppsmålet for 2020/21 blir nådd, men dei har ingen interesse av å overoppfylle målet. Forklaringa på det er at utsleppsnivået i 2020/21 også dannar grunnlag for utsleppskravet som bilindustrien må innfri i 2030 (for tida 37,5 prosent). Meir om denne problemstillinga kan lesast i denne Twitter-tråden med m.a. Michael Liebreich. 

Lekkasje: EU vil skjerpe bilindustriens utsleppskrav

Nyheita: EU vil stille strengare utsleppskrav til bilindustrien fram mot 2030. Gjeldande krav om at person- og varebilar skal sleppe ut 37,5 prosent mindre klimagassar i 2030 samanlikna med i 2021 kan bli heva til 50 prosent, meldar Bloomberg

Bakgrunn: Når kommisjonspresident Ursula von der Leyen skal halde «state of the union»-tale i Europaparlamentet onsdag 16. september, er det venta at ho vil presentere Europakommisjonens framlegg til nytt klimamål for EU i 2030.

DNV GL trur ikkje på hydrogenbilar

Nyheita: I sin siste Energy Transition Outlook spår DNV GL massiv vekst for elektriske bilar – driven fram av klimapolitikk og fallande batterikostnader. Hydrogenbilar har selskapet ingen tru på.

Bakgrunn: DNV GL oppgir tre hovudgrunnar for kvifor hydrogen ikkje vil slå gjennom i personbilmarknaden. For det første er det betydeleg energitap ved å konvertere straum til hydrogen. For det andre er hydrogenbilen berre halvparten så energieffektiv som elbilen. Og til slutt: ein hydrogenbil er meir komplisert – og dermed langt dyrare å produsere – enn ein elbil.

Microsoft vil inn i elbilen din

Nyheita: Microsoft melder seg på i konkurransen om å levere teknologien som skal halde elbilen din oppdatert gjennom levetida, skriv Financial Times.

Bakgrunn: I perioden 2014-2019 stod programvarefeil for nesten halvparten av alle tilfella der bilprodusentane måtte tilbakekalle køyretøy, ifølgje data frå IHS Markit. No meldar Microsoft seg på i konkurransen om å levere såkalla «over-the-air»-teknologi som skal gjere det mogleg for bilprodusentane å gjennomføre programvareoppdateringar og systemforbetringar via skyen. Tesla gjer dette alt i dag, men dei gamle bilprodusentane heng etter. Microsoft har no gjort avtalar med Volkswagen, Renault-Nissan-Mitsubishi-alliansen, BMW, Daimler og Ford om levering av sin skyløysing.

Citroën med billeg-«elbil» for 16-åringar

Nyheita: Elbilen Citroën Ami er klassifisert som ein «lett firhjuling». Det betyr at det er nok med mopedførarbevis for å sette seg bak rattet.

Bakgrunn: Fleire internasjonale journalistar har den siste tida prøvekøyrd Citroën Ami, som blei presentert for første gang på bilmessa i Geneve i fjor. Bilen er liten og nett og kan framstå som den elektriske fetteren til den gamle ikonbilen 2CV. Maksfarten er 45 km/t og rekkevidda rundt 75 km. «Driving it is a doddle», skriv The Guardian etter å ha prøvekøyrd bilen i Paris. Også Electrive har testa bilen. Når Citroën Ami kjem for sal i Noreg, er uvisst.

Den elektriske utgåva av Citroën Ami er ein to-seters firhjuling. Bilen kostar 6 000 euro i Frankrike (inkl. tilskot på 900 euro). Foto:

Elbilindeksen: August 2020

Vi startar med Noreg der det blei selt 10 802 nye personbilar i august – 1271 færre køyretøy enn i same månad i fjor. Elbilar stod for 52,8 prosent av nybilsalet – opp frå 39 prosent i august 2019.

Frå januar – august 2020 har elbilar stått for 48 prosent av nybilsalet i Noreg (mot 42 prosent for heile 2019). Regjeringas mål er 100 prosent innan 2025.

I Tyskland blei det i august selt 251 010 bilar – 62 718 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 16 076 elbilar (6,4 prosent). I august 2019 blei det selt 5 001 elbilar (1,6 prosent).

I Frankrike blei det i august selt 103 629 bilar – 25 626 færre bilar enn i same månad i fjor. Av desse var 5 590 elbilar (5,4 prosent). I same august 2019 blei det selt 2 092 elbilar (1,6 prosent).

I Storbritannia blei det i august selt 87 226 bilar – 5 347 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 5 589 elbilar (6,4 prosent). I august 2019 blei det selt 3 147 elbilar (3,4 prosent).