Ladbare hybridbilar køyrer stort sett fossilt

Ladbare hybridbilar brukar 2-4 gongar meir fossilt drivstoff enn det som blir oppgitt, konkluderer ny rapport. Les også: Walmart vil trenge 6500 utsleppsfrie semitrailerar, og fleire nye elbilrekordar i september.

I nyheitene no:

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:

Ladbare hybridbilar køyrer stort sett fossilt

Nyheita: Forskarar som har analysert den faktiske bruken av ladbare hybridbilar, konkluderer med at utsleppa er to til fire gongar høgare enn dei typegodkjende verdiane.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Bakgrunn: Ein felles rapport frå Fraunhofer Institute for Systems and Innovation Research (Fraunhofter ISI) og International Council on Clean Transportation (ICCT) konkluderer med at hybridbilar er mindre klimavenlege enn det bilprodusentane oppgir. Etter å ha analysert faktisk bruksdata frå omlag 100 000 ladbare hybridar i EU, Kina og Nord-Amerika, dreg forskarane følgjande konklusjonar:

  • Høgare utslepp: Drivstofforbruket og dei direkte CO₂-utsleppa frå ein ladbar hybridbil er i snitt 2-4 gongar høgare enn dei typegodkjende verdiane. Avviket er meir eller mindre det same uavhengig av kva typegodkjenning ein har brukt (NEDC eller WLTP).
  • Kortere rekkevidde: Samstundes er andelen køyrde kilometer med elmotor – det som i rapporten vert omtalt som utility factor (UF) – langt mindre enn det typegodkjenninga oppgir. For privatbilar blir den gjennomsnittlege UF-verdien oppgitt til 67 prosent, men faktisk køyring viser at den reelle verdien er 37 prosent. Her er det store skilnader mellom landa som er analysert. Ytterpunkta er USA med ein faktisk UF-verdi på 54 prosent (Noreg 53 prosent), mens Kina er nede i 26 prosent.
  • Ladekabel i bagasjerommet: Ladbare hybridbilar blir ikkje lada ofte nok. Dette fører igjen til redusert elektrisk rekkevidde. Landa med høgast ladefrekvens er dei same landa med høgast UF-verdi.
  • Blir meir brukt: Ladbare hybridbilar køyrer fleire kilometer per år enn gjennomsnittet. Mens ein gjennomsnitts personbil køyrer 14 000 kilometer per år, hadde dei undersøkte ladbare hybridbilane eit forbruk på 21 000 kilometer. Dette reduserer også andelen køyrde kilometer med elmotor.

Kvifor er dette viktig? I første halvdel av 2020 stod ladbare hybridbilar for 3,5 prosent av nybilsalet i Europa. Med utgangspunkt i typegodkjende verdiar for drivstofforbruk og elektrisk rekkevidde, har ein kunne argumentere med at utsleppsreduksjonane ved å gå frå fossil til ladbar hybrid er betydelege. Mange land – inkludert Noreg – gir også avgiftslette til ladbare hybridbilar. Men det denne rapporten fortel oss, er at den einaste bilen med garanterte utsleppskutt er den reine elbilen – heilt utan forbrenningsmotor.

Les meir: Die Zeit har ein god artikkel.  Les også Fraunhofer ISI sitt policy-notat.  

Walmarts transportutslepp skal i null

Nyheita:  Amerikanske Walmart lovar nullutslepp innan 2040. Det betyr storstilt utskifting  av butikkgigantens fossile køyretøy, deriblant fleire tusen semitrailerar, skriv Forbes.

Bakgrunn: Det var under årets Climate Week i New York at Walmart lanserte sitt nye klimamål: nullutslepp  frå alle sine globale aktivitetar innan 2040 (scope 1 og 2). Noko av det som gjer dette interessant, er at dei ikkje har tenkt å kjøpe utsleppsreduksjonar andre stadar («offsets») for å nå målet. Med ein flåte med 6500 semitrailerar, i tillegg til 4000 personbilar, sendar Walmart med det eit viktig signal til marknaden om å kome i gang med å utvikle nullutsleppsalternativ også for den vegbaserte tungtransporten. Sidan 2000 har dei globale CO₂-utsleppa frå bussar og trailerar i snitt auka med 2,6 prosent per år, ifølgje IEA.

Like etter at Walmarts globale nullutsleppsmål blei offentleggjort, følgde Walmarts avdeling i Canada opp med å tredoble bestillinga av Teslas elektriske semitrailer (som er lova i 2021).

Det store biletet: Walmarts klimainitiativ er del av ein global trend der store multinasjonale selskap trappar opp eigen klimainnsats – ofte som respons på stadig meir krevjande aksjonærkrav. Dei store tek-selskapa sin satsing på 100 prosent fornybar energi er velkjent – med Google i spissen. Utviklinga dei siste åra går også ut på at ein i stadig større grad adresserer utslepp i heile verdikjeda, ikkje berre dei som skjer innomhus.

Elbilindeksen: september 2020

  • Noreg: Passerte 60 prosent marknadsandel i september.
  • Tyskland: Første månad med over 20 000 selde elbilar.
  • Frankrike: Passerte 10 000 selde elbilar for tredje gang i år.
  • Storbritannia: Nesten 22 000 selde elbilar. Slo tidlegare salsrekord med over 10 000 køyretøy.

Vi startar med Noreg, der det blei selt 15 552 nye personbilar i september – 4 395 fleire køyretøy enn i same månad i fjor. Elbilar stod for 61,5 prosent av nybilsalet – opp frå 54,5 prosent i september 2019.

I Tyskland blei det i august selt 265 185 bilar – vel 20 000 fleire enn i same månad i fjor. Av desse var 21 188 elbilar (8 prosent). I september 2019 blei det selt 5 880 elbilar (2,4 prosent).

I Frankrike blei det i september selt 168 291 bilar – 5 225 færre bilar enn i same månad i fjor. Av desse var 10 009 elbilar (5,9 prosent). I september 2019 blei det selt 4 201 elbilar (2,4 prosent).

I Storbritannia blei det i september selt 328 041 bilar – 15 214 færre enn i same månad i fjor. Av desse var 21 903 elbilar (6,7 prosent). I september 2019 blei det selt 7 704 elbilar (2,2 prosent).