IEA forventar batteri-boom mot 2030

Det neste tiåret blir batteri den viktigaste teknologien for å få ned transportsektorens utslepp, ifølgje IEA. Skal vi lukkast, må verdas batteriproduksjonskapasitet aukast kraftig.

Velkommen til mai-utgåva av nyheitsbrevet #Elektrisktransport.

1. Det grøne skiftet fordrar kraftig vekst for batteriindustrien

Nyheita: Skal vi kome i rute med å kutte transportutsleppa i tråd med Paris-avtalen, må marknadsdelen til elektriske bilar auke frå dagens 5 prosent til 60 prosent innan 2030. Den planlagde batteriproduksjonskapasiteten dei neste ti åra er berre nok til å dekke halvparten av elbilbehovet.

Meir om saka: Det internasjonale energibyrået (IEA) la denne veka fram eit detaljert vegkart som skal sikre at alle energi- og industrirelaterte CO₂-utslepp når netto null innan 2050. For transportsektoren er oppdraget å ta ned eigne utslepp frå rundt 7 milliardar tonn CO₂ (7 Gt) i 2020 til ca. 5,5 Gt i 2030 og vidare ned til 0,7 Gt i 2050. Sektorens restutslepp i 2050 vil i IEAs scenario i all hovudsak kome frå luftfart og skipsfart.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Elektrifisering er nøkkelen. Mens 90 prosent av transportsektorens energibehov i dag vert dekka av olje, vil elektrisitet overta som det dominerande «drivstoffet» rundt 2040. Saman med hydrogen vil elektrisitet stå for ca. 73 prosent av sektorens energiforbruk i 2050.

Vegtransporten er der elektrifisering vil skje raskast. Moped- og motorsyklar først, dernest person- og varebilar og til slutt tyngre lastebilar. I Europa og Nord-Amerika må 75 prosent av alle nye personbilar vere elektriske i 2030. Det vil for det aller meste vere snakk om reine elbilar, men også ladbare hydridar og hydrogenbilar.  Salet av nye bensin- og dieselbilar må vere slutt innan 2035.

FRÅ OLJE TIL ELEKTRISITET: Vegtransporten skal erstatte olje med batteri og hydrogen, men tempoet vil variere mellom ulike køyretøyskategoriar. Elektrifisering av tyngre lastebilar vil først skyte fart utover 2030-talet, skriv IEA i sitt Net Zero-scenario.

IEA understreker at elektrifisering vil krevje betydelege investeringar, både i form av meir fornybar energi, betre ladeinfrastruktur og rask oppskalering av batteriproduksjonskapasiteten:

  • Årleg elbilkapasitet vil auke frå 0,16 TWh i dag til 6,6 TWh i 2030.
  • For å dekke etterspurnaden etter elbilar vil det vere behov for å opne rundt 20 nye batterifabrikkar (gigafactories) kvart einaste år dei neste ti åra.
  • Dagens annonserte planar for ny produksjonskapasitet er berre nok til å dekke halvparten av behovet i 2030.
  • Elbilveksten vil også føre til auka etterspurnad etter kritiske mineralar. For litium forventar IEA ein vekst på 30 prosent frå 2020 til 2030.

IEA har også rekna ut konsekvensar av ein utvikling der ein ikkje tek i bruk hydrogen og avansert biodrivstoff i vegtransporten – men satsar alt på batteriteknologi. Ein føresetnad for at dette skal kunne skje er at ein klarar å utvikle billege batteri med ein energitettleik på minst 400 wattimar/kg innan 2030. Ei slik utvikling vil gi 350 millionar fleire elbilar på vegane i 2030 enn det hovudscenarioet legg opp til.

Er det kun teknologi som skal gi netto null? Nei! Analysen til IEA legg også vekt på viktigheita av åtferdsendringar. For transportsektorens del handlar det mellom anna om å få fleire til å kvitte seg med bilen, og få fleire som i dag eig to bilar, til å klare seg med ein. Dei anbefaler også å innføre 100 km/t som øvre fartsgrense innan 2030 – eit tiltak som kan ta ned vegtransportens utslepp med 3 prosent .

Vil du lese meir? IEA har publisert ein artikkel om modelleringa som ligg bak vegkartet «Net-Zero Emissions by 2050». Du kan også laste data og figurar frå rapporten.  

2. Det går mot CO₂-nøytrale elbilbatteri, hevdar ekspert

Nyheita: Elbilbatteri blir stadig meir bærekraftig, seier batteriekspert Hans Eric Melin i konsulentselskapet Circular Energy Storage.

Bakgrunn: Det er til Clean Energy Wire at Melin seier dette. Ein viktig forklaring er at batterifabrikkane blir stadig større og dermed gjer produksjonen langt meir energieffektiv. Morgondagens batterifabrikkar vil få ein kapasitet som kan bli heile to gongar større det som er vanleg i dag. Det gjer at det går med mindre energi til å produsere kvar einskild batteri. I tillegg bidreg overgangen til stadig meir fornybar elektrisitet i nettet til lågare klimafotavtrykk for batteriproduksjonen. Det same er tilfelle for utvinning av viktige råvarer som vert brukt i batteriproduksjonen. Utviklinga ser ein over heile verda, seier Melin, ikkje berre i Europa. Han seier vidare i intervjuet at vi i framtida vil få CO₂-nøytrale elbilbatteri.

3. Åtvarar mot Kina-dominans

Nyheita: Sjef for gruvegiganten Glencore Ivan Glasenberg meiner europeiske og amerikanske bilprodusentar er naive som ikkje sikrar forsyningane av kobolt til eigen batteriproduksjon.

Bakgrunn: Det var på eit arrangement i regi av Financial Times at Glasenberg kom med åtvaringa om Kina-dominans i elbilmarknaden. I motsetning til europeiske og amerikanske selskap var dei kinesiske raskt ute med å sikre leveransar for heile verdikjeda til elbilbatteri. I dag kontrollerer dei rundt 40 prosent av kobolten som vert utvinna i Kongo. Det gir dei ein betydeleg marknadsmakt. Glasenberg spør: Kva skjer om Kina ein dag bestemmer seg for at dei ikkje vil eksportere batteri til Europa og USA, men elektriske bilar?

4. Svensk elbilrekord i april

Nyheita: Etter ein treig start på 2021 gjorde elbilsalet i Sverige eit kraftig byks i april. Over 22 prosent av alle nyregistrerte bilar var i årets fjerde månad heilelektriske. Det er ny rekord!

Bakgrunn: Forklaringa er politisk:  Frå 1. april blei bilavgiftene i Sverige endra. Endringane inneber at elbilar får 10 000 kroner i høgare miljøbonus, samtidig som støtte til ladbare hybridbilar blei redusert med tilsvarande beløp. Forbrukarar som ville kjøpe hybridbil har skunda seg med å gjere dette før 1.april, mens dei som ville kjøpe elektrisk har venta til dei nye endringane trådde i kraft. Ein elbil får etter 1. april 70 000 SEK i bonus (mot tidlegare 60 000 SEK).

Les meir: denne sida kan du følgje elbilutrullinga månad for månad i Noreg, Sverige, Danmark og Finland, samt dei største europeiske bilmarknadene: Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Italia, Spania og Nederland.

Slik er status per april 2021: