#Elektrisktransport: Norske fylke bestiller stort sett dieselbussar

Noreg er langt unna ein utsleppsfri bussektor. 7 av 10 nyregistrerte bussar var i fjor dieseldrivne. Les også: 2020 blei historisk vendepunkt for elbilsalet i Europa.

I nyheitene no:

  • Forbruk: Eit fleirtal av EU-innbyggarane planlegg å fly mindre, viser ei undersøking frå Den europeiske investeringsbanken (EIB).  
  • Marknad: Apples elbil rykker nærare. Skal vere i dialog med Hyundai om samarbeid.  
  • Marknad: Volkswagen tredobla elbilsalet, men elbilar utgjorde kun 2,5 prosent av bilprodusentens samla bilsal i 2020.
  • Politikk: Den tyske regjeringa tilbyr opptil 15 000 euro i støtte til selskap som skrotar gammal lastebil til fordel for ein ny.
  • Marknad: General Motors startar 2021 med lansering av el- varebilen EV600 og ei heilt ny forretningseining (BrightDrop).

Velkomen til årets første #Elektrisktransport, der vi kastar eit blikk på salet av elbussar i Noreg.    

2020: Dieselbussen på topp i alle fylke, bortsett frå i Vestland

Nyheita: I 2020 blei det registrert 250 elbussar i Norge. Det svarar til ein marknadsdel på 17 prosent – opp frå 7 prosent året før.

LANGT FRÅ MÅL: Innan 2025 skal alle nye bybussar i Noreg vere utsleppsfrie, mens tre av fire nye langdistansebussar skal vere utsleppsfrie før 2030.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Bakgrunn: Det er mykje merksemd på personbilsalet i Noreg – som vi har som mål skal vere utsleppsfri innan 2025. Men også bussflåten skal omstillast: Alle nyregistrerte bybussar skal vere utsleppsfrie innan 2025, mens tre av fire nye langdistansebussar skal vere utsleppsfrie innan 2030.

I 2020 blei det registrert 1429 nye bussar i Noreg. Desse fordelte seg slik: 1044 diesel, 250 elektriske og 135 gass.

Opplysningsrådet for veitrafikken (OFV) opplyser til Energi og Klima at gassdelen dekker både naturgass og biogass, men at det er snakk om flest bussar på naturgass.

Utviklinga går rett veg: Sidan 2018 har elbussens marknadsdel gått opp frå 2 til 17 prosent, mens dieselbussar har falt frå 96 til 73 prosent. Gassbussens andel har dei siste to åra stabilisert seg på like under 10 prosent.

Det er verdt å merke seg dei geografiske skilnadene:

  • I Innlandet, Vestfold og Telemark, Nordland og Troms og Finnmark blei det totalt registrert 154 nye bussar i 2020. Ingen av desse var elektriske.
  • I Rogaland var kun 2 av 22 nye bussar elektriske, i Agder 3 av 23.
  • I Møre og Romsdal hadde 10 av 70 nye bussar el-motor, i Trøndelag 25 av 129.
  • I Oslo stod elbussen for 90 av 509 nyregistreringar.
  • Vestland var einaste fylke der diesel ikkje hadde over 50 prosent markandsdel. Av i alt 351 nyregistreringar gjekk 135 på diesel, 90 på EL og 124 på gass.  
DIESEL KLART STØRST – OGSÅ I OSLO: I 2020 blei det registrerte 90 elbussar, 410 dieselbussar og 9 gassbussar i Oslo.

Presisering: OFV sine bussdata tek utgangspunkt i eigars adresse. Geografien vert i utgangspunktet bestemt av eigars adresse. Unnataket er leasingkøyretøy, då er det brukarens adresse som bestemmer fylke (så sant det er lagt inn i Autosys).

Kva med dei andre nordiske landa?

Som i personbilmarknaden har elektrifiseringa av bussektoren kome lenger i Noreg enn i våre naboland. I Danmark var kun 2 prosent av landets nyregistrerte bussar i 2020 elektriske (kjelde: De Danske Bilimportører), mens i Sverige var andelen på 10 prosent (kjelde: BIL Sweden).

Elbilindeksen – slik gjekk det i 2020

  • Noreg: Det er godt kjend at Noreg sette elbilrekord i 2020 – med ein marknadsdel på 54 prosent for året samla og 67 prosent i desember.
  • Europa: 2020 blei også i eit veldig godt elbilår i resten av Europa: Elbilandelen i dei tre største bilmarknadene i Europa – Tyskland, Storbritannia og Frankrike – enda på 7 prosent (mot 2 prosent i 2019).
  • Danmark, Sverige og Storbritannia: Alle tre opplevde eit eksepsjonelt godt elbilsal på tampen av 2020. I Danmark og Storbritannia stod reine elbilar for 17 prosent av alle nyregistreringar i desember, mens andelen i Sverige var på 19 prosent.
  • Tyskland: I Tyskland blei det i desember 2020 selt over 43 000 elbilar – mot litt under 6000 i desember 2019.
  • Frankrike: Opplevde i desember for første gang at elbilens marknadsdel passerte 10 prosent.
  • Italia og Spania: To andre store bilmarknader i Europa, men her var elbilveksten i 2020 langt meir beskjeden.
  • Sverige: Elbilandelen for 2020 enda på 10 prosent.

Norge, Sverige og Danmark

Dei tre store: Tyskland, Frankrike og Storbritannia