#Elektrisktransport: Elbilens bygdeproblem

Mens tilbodet av elbilar blir stadig betre, går oppslutninga om målet om at det i 2025 berre skal seljast utsleppsfrie personbilar ned. Les også: Slik skal USA ta igjen Kinas elbilforsprang.

Gå inn på denne sida for oppdatert elbilstatistikk for Norden og Europa.

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse nyheitene:

1. Bygde-Noreg tviheld på dieselbilen

Det har i mange år vore eit tverrpolitisk mål i Noreg at nye personbiler skal vere nullutsleppskjøretøy i 2025. Den folkelege støtta til dette målet har forskarar ved Universitetet i Bergen og NORCE undersøkt kvart år sidan 2016 ved å spørje Norsk medborgarpanel – eit representativt utval på fleire tusen personar. Ferske data viser at støtta til 2025-målet går jamt og trutt nedover – frå 43 prosent i 2017 til 31 prosent i 2021.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Svara viser at jo lenger unna storbyane ein kjem, jo lågare oppslutnad får elbilen. Medan nesten halvparten av dei som bur i storbyane støttar forslaget om berre å tillate sal av nullutsleppsbilar frå 2025,  meiner 22 prosent av dei som bur i bygdesentrum det same. Blant folk som bur endå meir spreitt, får forslaget støtte frå kun 13 prosent.

By og land-dimensjonen går også igjen i nybilstatistikken.  I Vestland fylke, som består av gamle Hordaland og Sogn og Fjordane, er andelen elbilkjøparar i førstnemnte over dobbelt så høg som i fjordfylket. Med 72 prosent elbilandel er Hordaland best i landet på elbil, mens Sogn og Fjordane med 35 prosent ligg i motsett ende av skalaen saman med Finnmark (28 prosent).

Sakleg sett er det i 2021 ingen grunn til at folk på bygda skal vere meir kritisk til elbil enn folk i byane. Modellutvalet blir betre månad for månad og billegare batteriteknologi gir stadig lenger rekkevidde. Kjøpte du som meg ein Nissan Leaf rundt 2013, kom du ikkje lenger enn 150 kilometer per lading. Nokre år seinare var standarden 250 kilometer. I dag vil ein ny elbil klare både 400 og 500 kilometer før ein må lade. Det er nok til å fjerne rekkeviddeangsten dei aller fleste stadar – også mellom fjord og fjell.

2. Joe Biden vil bruke 100 milliardar dollar på elbilsubsidiar

Ein viktig del av Joe Bidens store infrastrukturplan er forslaget om å øyremerke 174 milliardar dollar i investeringar som skal få fart på den amerikanske elbilmarknaden. Av desse skal 100 milliardar dollar gå til å støtte amerikanske forbrukarar som vel å kjøpe elbil, meldar Reuters. Dagens amerikanske elbilbonus på 7 500 dollar ekskluderer produsentar som har selt fleire enn 200 000 køyretøy, deriblant Tesla og General Motors.

Det er ingen tvil om at kraftige insentiv er naudsynt om USA skal ta igjen Kina og Europa i det internasjonale elbilkappløpet. I 2020 stod elbilar for under to prosent av det totale personbilsalet i USA.

Vil forslaget få fleirtal? Kor store endringar som må til for å sikre fleirtal for infrastrukturpakken, er det store spørsmålet. Demokratane har som mål at saka skal vere ferdigbehandla innan august.

3. Volkswagen satsar på tovegs ladesystem

Frå neste år vil Volkswagen masseprodusere elbilar med tovegs ladesystem. Det betyr at når bilen står parkert heime etter jobb, og straumforbruket toppar seg når alle skal lage middag og vaske klede til same tid, kan bilen også levere straum tilbake til nettet. På engelsk går denne teknologien under namnet «vehicle-to-grid». Vi har i tidlegare nyheitsbrev omtalt prøveprosjekt der flåtar ev elektriske bilar eller bussar blir gjort tilgjengeleg for nettselskap når dei står parkert – som eit alternativ til ny kraftutbygging.

Nissan Leaf har til no vore den mest kjende elbilen med tovegs ladesystem, men fleire kjem etter. I tillegg til Volkswagen, vil også Hyundai og Tesla satse på denne teknologien.

Les også: 300 000 tyskarar har søkt om offentleg støtte til installasjon av elbilladeboks heime. Ein føresetnad for å få 900 euro i ladestøtte er at ein aksepterer at nettselskapet kan overstyre ladeboksen visse tider av døgeret.  

4. Norden som Europas batteriklynge

Batterimarknaden er i kraftig vekst – ikkje minst på grunn av elektrifiseringa av transportsektoren. Volkswagen åleine skal bygge seks gigafabrikkar i Europa innan 2030. Transportanalytikar Colin McKerracher i BloombergNEF meiner dei nordiske landa er i ferd med å bli ei klynge for batteriproduksjon i Europa. Produksjonsplanane til Northvolt, Freyr og Morrow Batteries meiner han understøtter denne påstanden.

Nordens konkurransefordel er tilgang på billeg, fornybar elektrisitet. For bilprodusentar som skal elektrifisere flåten sin, og som kanskje også har satt seg mål om netto nullutslepp i heile verdikjeda, blir batteriproduksjonens fotavtrykk særdeles viktig.  Mens ein 100 kWh litium-ion-batteripakke produsert med straum frå det tyske nettet gir 2,3 tonn CO₂ i utslepp, vil utsleppa frå tilsvarande batteripakke produsert i Sverige ligge på 0,1 tonn CO₂, skriv McKerracher.

5. Gratis el-sykkel i bytte mot bilskroting?

I Frankrike kan innbyggarar som vel å levere inn sin gamle bensin- eller dieselbil, bli premiert med eit elsykkel-tilskot på 2 500 euro (25 000 NOK). Det var Reuters som først melde om saka, etter at Parlamentet i ei prøvevotering røysta for forslaget. Forslaget er meint å tene to formål:

  • Kutte klimagassutslepp ved å fjerne dei mest ineffektive bilane.
  • Redusere trafikken ved å gjere bilparken mindre.

Om forslaget blir vedteke, blir Frankrike det andre landet i Europa som gir elsykkel-støtte ved vraking av gamle bilar. Litauen etablerte ei tilsvarande ordning i 2020, skriv Electrek.