#Elektrisktransport: Elbilandelen går kraftig opp i Norden

Statistikk for oktober viser at det ikkje berre er i Noreg at elbilsalet går godt. Elbilandelen går kraftig opp også i våre naboland.

I nyheitene no:

  • Politikk: Volkswagen i klinsj med tysk billobby: vil ha satsing på batteriteknologi framfor e-fuel og hydrogen.
  • Marknad: Microsoft har inngått ein avtale med Alaska Airlines for å sikre bruk av bærekraftig flydrivstoff på dei viktigaste flyrutene for Microsofts tilsette.
  • Politikk: Frankrike vurderer SUV-skatt.
  • Teknologi: Det amerikansk-britiske startup-selskapet ZeroAvia gjennomførte prøveflytur i England med flytande hydrogen som drivstoff.
  • Politikk: Kina kan vedta forbod mot sal av reine fossilbilar frå 2035.

I denne utgåva av #Elektrisktransport tek vi for oss det norske, danske og svenske elbilsalet i oktober – i tillegg til dei største bilmarknadene i Europa.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Noreg

I oktober blei det selt 12 948 personbilar i Noreg. For andre månad på rad passerte elbilandelen 60 prosent. Ser ein 2020 under eitt står elbilar for 52 prosent av det norske nybilsalet.

Reine fossilbilar er i ferd med å bli utradert frå den norske personbilmarknaden. Kun 5,9 prosent av bilane som blei selt i oktober var bensinbilar, mens dieselbilar stod for 5,5 prosent.

Som i september var Volkswagen ID.3 også i oktober Noregs mest populære elbil, men ikkje berre det: Det var også den mest selde personbilen – med ein samla marknadsdel på 19,1 prosent av nybilsalet i oktober (2 475 køyretøy).

Danmark

Den danske bilmarknaden er litt større enn den norske – med 15 071 selde personbilar i oktober. Elbilandelen enda på 7,3 prosent (1 097 køyretøy). Det er Danmarks nest beste elbilmånad nokon sinne. For heile 2020 er elbilandelen per oktober 5,5 prosent – mot 2 prosent for heile 2019.

Reine fossilbilar stod for 76 prosent av nybilsalet i oktober (bensin 54 prosent, diesel 22 prosent). Den gode nyheita er at fossilandelen var over 90 prosent i oktober 2019.

Danskanes føretrekte elbil i oktober var VW ID.3, men marknadsandelen her var på kun 1,2 prosent (187 køyretøy). Peugot 208 var Danmarks mest selde personbil i oktober (625 køyretøy).

Sverige

Med 27 910 nyregistrerte personbilar i oktober er den svenske bilmarknaden betydeleg større enn både den norske og danske. Elbilandelen var på 8,2 prosent – litt over årsgjennomsnittet så langt i 2020 på 8,0 prosent. Til samanlikning stod elbilar for 2,7 prosent av nybilsalet i oktober 2019.

Som i Danmark fell andelen bensin- og dieselbilar også i Sverige. I oktober i år var 41 prosent av dei selde personbilane reine fossilbilar (bensin 27 prosent, diesel 14 prosent) – mot 74 prosent for eit år sidan.

I Sverige tronar kinesiske Polestar 2 elbiltoppen med 274 selde køyretøy i oktober. Den mest selde bilen var derimot ein ladbar hybrid: Volvo V60 (1 880 køyretøy).

Tyskland

I Tyskland blei det i oktober selt 274 000 personbilar. For andre gong i historien har det tyske elbilsalet passert 20 000 køyretøy på ein og same månad. Andelen elbilar var på 8,4 prosent – mot 1,7 prosent i oktober 2019. Så langt i 2020 (januar-oktober) er elbilandelen på 5,2 prosent (1,8 for heile 2019).

Personbilar med kun forbrenningsmotor hadde i oktober ein marknadsdel på 68,1 prosent (bensin 42,1 prosent, diesel 26 prosent). Dette er ein kraftig nedgang frå oktober 2019 der reine bensin- og dieselbilar samla stod for 89 prosent av nybilsalet.

Frankrike

Frankrike hadde eit personbilsal på 171 000 køyretøy i oktober. 10 000 av desse var reine elbilar (5,8 prosent). I same månad i 2019 blei dei selt 4 382 elbilar (2,3 prosent).

Samla andel for bensin bensin- og dieselbilar var i oktober 75,4 prosent (bensin 43,6 prosent, diesel 31,7 prosent). I oktober 2019 stod reine fossilbilar for 90,6 prosent av Frankrikes nybilsal.

Storbritannia

I oktober blei det registrert vel 140 000 nye personbilar i Storbritannia. Bilete er som i Tyskland og Frankrike: Fleire kjøper elektrisk, mens andelen fossilbilar går ned.

Det blei selt 9 335 elbilar, som utgjer 6,6 prosent av samla nybilsal. Går ein tilbake til oktober 2019 var elbilandelen på 2,2 prosent (3 162 køyretøy). Så langt i 2020 (januar-oktober) er andelen selde elbilar på 5,5 prosent (mot 1,6 prosent i 2019).

Reine fossilbilar hadde i oktober ein marknadsdel på 64,3 prosent (bensin 49,5 prosent, diesel 14,9 prosent). I same måned i fjor var talet 85,6 prosent.