#Elektrisktransport: Elbil-lån med nullrente i Danmark

Ved å tilby billån med 0 prosent i rente skal danske bilkjøparar lokkast til å velje elektrisk. Les også: EU-visjon om enorm elbil-vekst, Japan vurderer forbod mot fossilbilar i 2030.

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:

Nordens beste elbillån?

Nyheita: Danske Bank ønsker å gi det danske elbilsalet ytterlegare fart og lanserer det som truleg er Nordens beste elbillån: 0 prosent i rente. Den danske elbilkampanjen varar fram til sommaren.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Bakgrunn: Elbilsalet i Danmark har løfta seg utover i 2020, og i november stod elbilar for 10 prosent av alle nyregistrerte personbilar. No lanserer Danske Bank ein seks månaders kampanje som skal gi danskane endå eit argument for å velje elektrisitet framfor bensin og diesel: eit elbillån med flytande rente som for tida er på 0 prosent. Tilbodet rettar seg mot nye elbilkjøparar og ein kan låne opptil 90 prosent av kjøpssummen. I låneeksempla som banken har på eigne nettsider, står det at eit billån på 300 000 danske kroner – nedbetalt over sju år – totalt vil koste deg mellom 4500 og 11500 kroner i omkostningar. Forsikring er ikkje inkludert. Eit kjapt søk i Finansportalen.no viser at eit tilsvarande billån i ein norsk bank har ein rente på rundt 5 prosent.

Vil du lese meir om dansk elbilpolitikk? Den danske regjeringa har nettopp blitt einig med støttepartia i Folketinget om ein grøn vejtransportaftale. Avtalen inneheld ulike avgiftsgrep som skal styrke elbilens konkurransekraft. Heile avtalen finn du her.

Det blei registrert 18 159 nye personbilar i Danmark i november. 1 737 (9,6 prosent) av desse var reine elbilar.

EU-kommisjonen med ambisiøse mål for elbilar og grøn mobilitet

Nyheita: I ein ny strategi for grøn mobilitet foreslår Europakommisjonen eit mål om å auke elbilparken i EU frå 1,4 til 30 millionar køyretøy innan 2030.

Bakgrunn: Forutan å sette høge elbilmål, inneheld strategien som ble lagt fram onsdag, og mål for andre transportformar, til saman 82 tiltak:

  • Lyntogtrafikken skal doblast innan 2030, og godstogtrafikken auke med 50 prosent.
  • Utsleppsfrie løysingar for havgåande skipsfart skal vere klare samme år.
  • I 2035 skal luftfarten stå for tur med nullutslepps-tilbod for store fly.

Ambisjonane vil danne grunnlag for politikkutforming i 2021 – som medlemslanda og Europaparlamentet til slutt må bli einige om. Kva ein har i vente av endringar for vegtransporten kan ein mellom anna lese i kommisjonens notat om nye CO₂-krav til person- og varebilar som blei sendt ut på høyring 13. november. Menyen som kommisjonen har til vurdering inkluderer mellom anna strengare utsleppskrav for bilindustrien, tiltak for å redusere subsidiar for fossilt drivstoff og inkludering av vegtransporten i EUs kvotemarknad (EU ETS).

Britiske nullutsleppsbilar får grøne skilt

Nyheita: Denne veka kunne ein sjå dei første elbilane i Storbritannia med grønmerka bilskilt, skriv BusinessGreen

Bakgrunn: Som ledd i ein større plan for å få fart på overgangen til elektrisk transport, har britiske myndigheiter introdusert eit grønt bilskiltmerke for reine el- og hydrogenbilar. Merket er plassert i venstre kant av bilskiltet. Målet er å gjere nullutsleppsbilar meir synlege i trafikken, og auke folks bevisstheit om utsleppsfri transport. Dei nye skilta vil dessutan kunne gi elbileigarar tilgang til fordelar som berre gjeld utleppsfrie bilar, skriv transportminister Rachel Maclean i departementets pressemelding. Ho presiserer  at det grøne elbilmerket ikkje er større enn at det lar seg kombinere med det britiske unionsflagget.

Japan – neste land ut med forbod mot fossilbilar?

Nyheita: Japan kan allereie ved årsskiftet kome til å varsle eit forbod mot sal av nye bensin- og dieselbilar frå 2030, meldar nyheitsbyrået Reuters.

Bakgrunn: Det er to gode grunnar til at Japan kan kome til å forby sal av reine fossilbilar allereie om ti år. Den første handlar om klimapolitikk: I slutten av oktober annonserte statsminister Yoshihide Suga at også Japan skal få utsleppa ned mot netto null innan 2050. Ein nøkkelsektor for store utsleppskutt i Japan er, som i resten av den industrialiserte verda, transportsektoren. Det gjeld å fase ut fossile drivstoff raskast mogleg. I personbilmarknaden veit ein korleis. Det er å erstatte bensin og diesel med elektrisitet. Den andre grunnen er industriell: Japan har ein stor bilindustri – med produsentar som Toyota, Nissan, Honda, Mitsubishi og Mazda. Skal desse henge med i det globale teknologiløpet, må dei levere langt betre på nullutsleppsbilar enn dei gjer i dag. Då vil det også vere ein fordel med ein heimemarknad som stiller tøffare utsleppskrav. Dette er også bilindustrien i Japan klar over. Så då Boris Johnson i midten av november offentleggjorde at Storbritannia vil framskunde eit forbod mot fossile bilar til 2030, var Nissans beskjed ikkje til å ta feil av. Vi er klar!

James Bonds favorittbil involvert i fake news-skandale

Nyheita: Spora til ein fake news-rapport som svertar elbilens klimafotavtrykk, og som har fått mykje internasjonal presseomtale, fører tilbake til ein toppsjef i Aston Martin. Dette er #Astongate.

Victoria Cuming fra BloombergNEF om Bidens toppmøte, COP26 i Glasgow og klimapolitikk

Bakgrunn: Mannen som avslørte det heile er cleantech-analytikar Michael Liebreich. På Linkedin la han 30. november ut ein post der han fortel korleis han prøvde å finne ut kven som stod bak rapporten som hevda at elbilar må køyre 48 000 miles før klimafotavtrykket er betre enn for ein tilsvarande bensinbil. Aviser som The Times og Sunday Telegraph slo rapporten opp, men kven stod eigentleg bak? Liebreich fann ut at utgivar var eit nyoppretta PR-selskap med namn Clarendon Communications. For å gjere ein lang historie kort: Selskapets einaste direktør viser seg å vere sambuar med James M. Stephens, director Global Government & Corporate Affairs i Aston Martin. På Twitter kan du følgje historia gjennom emneknaggen #Astongate.

Kva så med rapportens påstand om at ein elbil må køyre 48 000 miles for å vere grønare enn ein elbil? Livssyklusekspert Auke Hoekstra ved Eindhoven Technical University har gått grundig gjennom rapporten og funne grove metodiske feil. Det riktige svaret er 16 000 miles. I denne tråden gir Hoekstra utfyllande informasjon om funna sine.

Elbilstatisikk

Nedanfor finn du oppdatert statistikk over salet av nye personbilar i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

Noreg

I november 2020 stod elbilar for 56 prosent av det norske nybilsalet. Det er litt ned frå førre månad (61 prosent), men kraftig opp samanlikna med november 2019 (37%). Ser ein 2020 under eitt er elbilandelen på 52 prosent.
I Noreg blir det no selt fleire elektriske enn fossildrivne bilar. I november i år blei det registrert 7 035 nye elektriske personbilar mot 2 515 bensin- og dieselbilar.

Sverige

I november blei det selt over 2 700 elbilar i Sverige. Det utgjorde 10,2 prosent av alle nyregistrerte personbilar.

Tyskland

I Tyskland blei det selt nesten 29 000 elbilar i november – som gav ein marknadsdel på 10 prosent.

Frankrike

Vel 9 600 nye elbilar blei registrert i Frankrike i november. Det svarar til 7,6 prosent av det samla personbilsalet.

Storbritannia

10 345 elbilar blei selt i Storbritannia i november. Det er 9,1 prosent av alle nyregisterte personbilar denne månaden.