Elbilstatistikk for Noreg og Europa (mai 2021)

Mai blei tredje månad på rad der reine elbilar stod for over ti prosent av nybilsalet i Europas største bilmarknad – Tyskland. Det blir no seld over tre gongar så mange elbilar i Tyskland som i Noreg.

Du som abonnerer #Elektrisktransport vil framover få tilsendt månadleg elbilstatistikk for Norden og dei største bilmarknadene i Europa.

Grafane under viser selde personbilar fordelt på drivstoff/energitype. Bensin og diesel inkluderer ikkje-ladbare hybridbilar. Bilar med andre drivstofftypar er ikkje dekka i denne statistikken.

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Slik enda elbilsalet i mai 2021:

  • 6 av 10 nyregistrerte personbilar i Noreg var reine elbilar. Ingen andre land er i nærleiken av ein like høg elbilandel.
  • Sverige festar grepet om andreplassen i Europa med ein marknadsdel i mai på 16 prosent. På plassen bak følgde Nederland med 13 prosent.
  • Med ein elbilandel på nesten 12 prosent var det ingen andre land i Europa som selde flere elbilar enn Tyskland.
  • I Storbritannia og Frankrike var rundt 8 prosent av nybilsalet elektrisk. Også desse landa sel fleire elbilar per månad enn Noreg.
NOREG PÅ TOPP: Ingen andre land kan måle seg mot Noreg når det kjem til andelen elbilar av samla personbilsal. Så langt i 2021 har Noreg ein elbilandel på 55 prosent.
TYSKLAND SEL FLEST ELBILAR: Tyskland er Europas største personbilmarknad. Med ein elbilandel på 10 prosent for årets fem første månader, er det ingen andre land som sel like mange elektriske bilar som Tyskland.

Norden

Noreg tronar øvst på elbiltoppen i Europa. Andelen elbilar av samla norsk nybilsal passerte 1 prosent i 2011, 10 prosent i 2014, 20 prosent i 2017, 30 prosent i 2018, 40 prosent i 2019 og 50 prosent i 2020. Tilsvarande har andelen bilar med forbrenningsmotor falle år for år. I 2010 gjekk nesten 100 prosent av alle nyregisterte bilar på bensin eller diesel – ti år seinare var andelen redusert til 25 prosent.

Den viktigaste drivaren for sal av elbilar i Noreg er fritaket av avgifter ved kjøp, inkludert meirverdiavgift. Elbilar har også fritak eller reduserte satsar ved passering av bomstasjonar og ved parkering.

SLIK GJEKK DET: Bensin- og dieselbilar stod for 16,7 prosent av det norske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 22,9 prosent, mens 60,4 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.

I Sverige, Danmark og Finland har elbilsalet først teke seg opp dei siste åra. I 2020 utgjorde elbilar 10 prosent av nybilsalet i Sverige, 7 prosent i Danmark og 4 prosent i Finland.

Sverige sel klart flest personbilar i Norden med 300 000 nyregistrerte køyretøy i 2020. I april 2021 justerte dei elbilpolitikken, slik at reine elbilar blei billegare for forbrukarane.

SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 60 prosent av det svenske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 22,8 prosent, mens 16,2 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 72,2 prosent av det danske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 20,9 prosent, mens 6,9 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 67,9 prosent av det finske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 24,1 prosent, mens 6,9 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.

Europa

I 2020 gjekk EU forbi Kina som verdas støste elbilmarknad – med over 500 000 nyregistrerte elbilar. 2 av 3 elbilkjøp i EU fann stad i tre land: Tyskland, Frankrike og Nederland. Storbritannia, som ikkje lenger er med i EU, er ein annan viktig bilmarknad i Europa. Også der går elbilandelen opp.

Nedanfor finn du også statistikk for Italia og Spania – to andre land som sel mange personbilar i laupet av eit år, men der elektrifiseringa enno ikkje har kome skikkeleg i gang.

Politikk er ein viktig drivar for elbilsalet i heile Europa. Nye og betre fordelar ved kjøp av nullutsleppsbilar frå sommaren 2020 forklarar veksten vi har sett i Tyskland. På same vis forklarar nedgangen i elbilsalet i Nederland mindre gunstige fordelar ved inngangen til 2021.

SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 76,1 prosent av det tyske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 11,8 prosent, mens 11,6 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 80,2 prosent av det franske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 9,1 prosent, mens 8,2 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 76 prosent av det nederlandske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 10,3 prosent, mens 13,1 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 93,1 prosent av det spanske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 3,9 prosent, mens 1,9 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 82,4 prosent av det italienske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 5,4 prosent, mens 3,6 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.
SLIK GJEKK DET: Bensin-og dieselbilar stod for 85,3 prosent av det britiske nybilsalet i mai 2021. Ladbare hybridbilar hadde ein marknadsdel på 6,3 prosent, mens 8,4 prosent av dei nyregistrerte personbilane var reine elbilar.

I denne artikkelen finn du dei same grafane i animert versjon – med moglegheit for å laste ned datagrunnlaget.