Elbilsalet kraftig opp i Tyskland – forventar ytterlegare vekst med Volkswagens ID.3

Den største elbilveksten skjer no i dei største bilmarknadene i Europa. Les også: Bilprodusentar blir bedt om å skilje ut elbilsatsinga si som eigne selskap, og i Storbritannia skal bilbatteri koplast til straumnettet.

I nyheitene akkurat no:

I denne utgåva av #Elektrisktransport har eg vald ut desse sakene:

#Elektrisktransport – eit nyheitsbrev for deg som vil følgje utviklinga mot ein utsleppsfri vegtransport

I nyheitsbrevet #Elektrisktransport presenterer Energi og Klima-redaksjonen data, nyheiter og analyser som følgjer dei industrielle, finansielle og politiske sidene ved overgangen til ein utslippsfri vegtransport. Nyheitsbrevet blir sendt ut ein gong i månaden og har ekstrautgåver ved behov.

Abonner på #Elektrisktransport:

Taktskifte i den europeiske elbilmarknaden – Tyskland leiar an

Nyheita: Aldri før har det blitt selt fleire elbilar i Tyskland enn i juli månad. 2020 kan bli året då utrullinga av elbilar for alvor skaut fart i Europa.

Bakgrunn: Medan det totale bilsalet i Europa så langt i år ligg godt under 2019-nivå som følge av Covid-19, har elbilmarknaden opplevd vekst. Det viser ein gjennomgang som Energi og Klima har gjort av dei største personbilmarknadene i Europa.

I juli 2020 blei det selt nesten 16 800 elbilar i Tyskland. Det er tysk rekord og nesten tre gongar så mange som i same månad i 2019. I Frankrike og Storbritannia blei det i juli selt færre elbilar enn i Tyskland, men den prosentvise veksten frå juli 2019 til juli 2020 var endå større her.

Samanliknar ein årets sju første månader med same periode i fjor, er trenden den same. I Tyskland har dei så langt i år selt 65 prosent fleire elbilar enn i fjor, I Frankrike har veksten vore på 128 prosent, Storbritannia 174 prosent og Italia 95 prosent. Unnataket er, som tabellen under viser, Spania. Her ligg elbilsalet frå januar til juli på same nivå som i 2019. 

Selde elbilar
juli 2019
(% av total)
Selde elbilar
juli 2020
(% av total)
Selde elbilar
jan-jul 2019
(% av total)
Selde elbilar
jan-jul 2020
(% av total)
Tyskland5 963 (1,8)16 798 (5,3)37 022 (1,7)61 105 (4,0)
Frankrike3 078 (1,8)9 967 (5,7)24 085 (1,8)54 936 (6,1)
Storbritannia2 271 (1,4)8 162 (4,7)14 246 (1,0)39 119 (4,7)
Spania911 (0,7)1 651 (1,2)7 562 (0,8)7 498 (1,4)
Italia943 (0,6)1 608 (1,2)5 918 (0,5)11 563 (1,6)

Framleis utgjer reine elbilar ein liten del av totalsalet. Men legg ein til ladbare hybridbilar, endrar biletet seg: 18 prosent av alle nyregistrerte bilar i Frankrike har så langt i år (januar-juli) vore ladbare – mot 7 prosent i same periode i fjor. I Tyskland er marknadsdelen for ladbare bilar så langt i år på 9 prosent – opp frå 2,6 prosent i same periode i 2019.

Ifølgje Matthias Schmidt, ein uavhengig analytikar i Berlin, har det i Europa blitt selt over 500 000 ladbare bilar frå januar til juli. Det er fleire enn i Kina i same periode.

Kvifor går elbilsalet opp? Det er politiske tiltak, som vi skreiv om i førre utgåve av #Elektrisktransport, vi no ser resultatet av. Både Tyskland og Frankrike har brukt «koronapakkane» til å forsterke dei økonomiske insentiva ved kjøp av elbil.  Elbilstøtta kan utgjere heile 12 000 euro i Frankrike, 9000 euro i Tyskland. Også Storbritannia, Italia og Spania støttar elbilkjøp økonomisk.

Kva skjer framover? Elbilutvalet blir betre månad for månad. Denne hausten er det framfor alt knytt store forventningar til Volkswagens nye elbilmodell ID.3. Levering er venta kome i gang i september. Og når vi først er inne på Volkswagen: Serieproduksjonen av ID.4, VWs første elektriske SUV, er nå i gang. Franske PSA (Peugeot, Citroën, DS, Opel, Vauxhall) har og mange nye modellar. I tillegg er kinesiske bilar på full fart inn i den europeiske marknaden – med Polestar 2 som det siste døme.

Vil du lese meir? CleanTechnica har fleire detaljar om førre månads elbilsal i Tyskland, inkludert ein oversikt over dei mest populære bilmerka. Politico har ein artikkel som tek for seg den skeive geografiske fordelinga av elektriske bilar i Europa, og at EU-kommisjonen fryktar ein teknologikløft mellom landa i vest og nord og dei i sør og aust.

Reine elbilprodusentar er det investorane vil ha

Nyheita: Skal General Motors og Volkswagen ta opp kampen med Tesla, må dei skilje ut elbilsatsinga, meiner analytikarar.

Bakgrunn: Medan Tesla-aksjen går «all time high», møter dei etablerte bilprodusentane ein langt mindre begeistring i marknaden. Deutsche Bank-analytikar Emmanuel Rosner er ein av fleire som i det siste har teke til orde for at General Motors bør skilje ut elbilsatsinga som eit eige investeringsobjekt. Han meiner et slikt selskap kan bli verdsatt til opp mot 100 milliardar dollar, som er dobbelt så mykje som GMs marknadsverdi i dag.  Bloomberg-kommentator Chris Bryant er einig. Han viser til at Volkswagen – som er det selskapet i verda som sel flest bilar per år – har ein marknadsverdi som ligg nesten fem gongar under Teslas. Volkswagen får i dag ikkje betalt for elbilsatsinga si…men det vil dei om dei spinn ut elbilar og batteriteknologi i eit eige selskap, skriv han.

Elbilar og elbussar kan blir «reservekraftverk»

Nyheita: Elbussar skal forsyne straumnettet i London i verdas største V2G-prosjekt.

Bakgrunn: Kan elbilar og elbussar bidra til å ta ned dei største toppane i straumforbruket? Det er eit av spørsmåla som eit breitt konsortium med m.a. University of Leeds, Transport for London og BYD ønsker å finne svar på. I det treårige forsøksprosjektet «Bus2Grid» skal 28 elektriske dobbeldekkarar i Nord-London ved hjelp av tovegs ladekablar kunne levere straum tilbake til nettet når dei står parkert i garasjen. Prosjektet skal bidra til teknologiutvikling og undersøke kommersielle og sosiale fordelar ved å knyte elbussar til nettet. Også Nissan og E.ON har nyleg lansert eit «Vehicle-to-Grid»-prøveprosjekt i Storbritannia – retta mot bedrifter som eig fleire køyretøy. I prosjektet vil deltakarane som går med på å dele batterikapasiteten, få utbetalt rundt 300 pund i året.

Slik går elbilsalet i Noreg

Nyheita: I juli stod elbilar for 45,1 prosent av alle nyregistrerte personbilar i Noreg. Det er litt under snittet for 2020.

Bakgrunn: Noreg har som mål at 100 prosent av nybilsalet skal bestå av utsleppsfrie bilar i 2025. Statistikk over nybilsalet i juli viser at av totalt 9772 selde personbilar var 4408 reine elbilar og 2278 ladbare hybridbilar.

Også i Noreg er det geografiske skilnader. Eit av fylka som trekk opp landsgjennomsnittet, er Vestland. Her er elbilens marknadsdel så langt i år like under 60 prosent.  

Tre lesetips til slutt:

  • Kinas elbilmarknad opp 30 prosent: Det siste året har Kinas elbilsal gått jamt og trutt nedover som følge av kraftig subsidiekutt juni 2019. Men i juli i år snudde det.
  • Vil lokke bilprodusentar med «rettferdig» kobolt: Gruvegiganten  Glencore er eit av selskapa som har meldt seg inn i Fair Cobalt Alliance – eit initiativ som skal gjere utvinning av kongolesisk kobolt sosialt bærekraftig.
  • Presenterer politikk for elektrisk transport: Den amerikanske miljøorganisasjonen Sierra Club har publisert ein meny av konkrete tiltak – og beste praksis – som kan gjennomførast for å få fart på elektrifiseringa av den amerikanske transportsektoren. Rapporten rettar seg mot politikarar på alle nivå, energiselskap og andre næringslivsaktørar. Garantert også tips for norske aktørar.

a