Stadig fleire land med tosifra elbilandel i 2021

Elbilsalet over heile Nord-Europa opplevde solid vekst i fjor. I dei to største marknadene, Tyskland og Storbritannia, blei det i 2021 selt nesten ein kvart million fleire elbilar enn året før.

Med ein marknadsdel i 2021 på 64,5 prosent er Noreg i ein særklasse når det kjem til sal av elektriske personbilar. Men veksten er no vel så kraftig i mange av våre naboland. I desember 2021 var 36 prosent av alle nyregistrerte bilar i Sverige reine elbilar. I Tyskland, Storbritannia, Danmark og Finland var elbilandelen i fjorårets siste månad godt over 20 prosent.

Statistikken under vert oppdatert ein gong i månaden.

Grafane under viser selde personbilar fordelt på drivstoff/energitype. Bensin og diesel inkluderer ikkje-ladbare hybridbilar. Bilar med andre drivstofftypar er ikkje dekka i denne statistikken.

Norden

Noreg tronar øvst på elbiltoppen i Europa. Andelen elbilar av samla norsk nybilsal passerte 1 prosent i 2011, 10 prosent i 2014, 20 prosent i 2017, 30 prosent i 2018, 40 prosent i 2019, 50 prosent i 2020 og 60 prosent i 2021. Tilsvarande har andelen bilar med forbrenningsmotor falle år for år. I 2010 gjekk nesten 100 prosent av alle nyregisterte bilar på bensin eller diesel – i 2021 var andelen redusert til 14 prosent.

Den viktigaste drivaren for sal av elbilar i Noreg er reduserte avgifter ved kjøp. Elbilar har også fritak eller reduserte satsar ved passering av bomstasjonar og ved parkering.

I våre nordiske naboland har elbilsalet først teke seg opp dei siste åra.

Sverige sel klart flest personbilar i Norden med 300 000 nyregistrerte køyretøy i 2021.

Elbilsalet i dei største marknadene i Europa

I 2020 gjekk EU forbi Kina som verdas største elbilmarknad – med over 500 000 nyregistrerte elbilar. I 2021 har elbilsalet gått ytterlegare opp i Europa. Berre i Tyskland blei det i 2021 selt over 350 000 elbilar – vel 160 000 fleire enn året før.

Nedanfor har vi også inkludert statistikk for Italia og Spania – to andre land som sel mange personbilar i laupet av eit år, men der elektrifiseringa ikkje har kome like langt som i Nord-Europa.

Politikk er ein viktig drivar for elbilsalet i heile Europa. Nye og betre fordelar ved kjøp av nullutsleppsbilar frå sommaren 2020 forklarar veksten vi har sett i Tyskland. På same vis forklarar nedgangen i elbilsalet i Nederland mindre gunstige fordelar ved inngangen til 2021.