Blackrock-rapport om risiko ved feilprising av fysiske klimaendringar
Investeringsfondet Blackrock meiner investorar ikkje prisar konsekvensane av fysiske klimaendringar – som havstiging, orkanar, skogbrannar og tørke – høgt nok.
Estimert påvirkning av økonomien i byområder i USA i 2060-2080 dersom det ikke gjøres klimatiltak. Illustrasjon hentet fra den omtalte rapporten (Kilde: BlackRock).
Mellom
anna kan ein lese at 58 prosent av amerikanske storbyområde vil
oppleve klimarelatert fall i BNP på minst 1 prosent i 2060–2080.
I delar av Florida kan BNP-tapet bli på opptil 15 prosent som følge
av kystnære stormar. Ekstremvarme kan også bli dyrt: 26 prosent av
storbyområda i USA vil i same periode oppleve meir enn 100 dagar per
år med over 35 gradar celsius, mot berre 1 prosent i dag.
Rapporten forsøker å gi svar på kva alle desse endringane får å seie for verdiane knytt til kommunale obligasjonar, næringseigedom og kraftaksjar.