Solenergi skapar flest jobbar - Energi og Klima

Solenergi skapar flest jobbar

Den globale fornybarindustrien sysselsette 6,5 millionar personar i 2013, opp frå 5,7 millionar i 2012. Det er i den veksande solcellemarknaden dei fleste jobbane vert skapt.

Denne artikkelen er over 2 år gammel.


Tips til å bruke grafen
Klikk på ikonet øverst i høyre hjørne for å få fullskjermversjon.

The International Renewable Energy Agency (IRENA) har nyleg publisert sin årlege oversikt over sysselsetting innan fornybar energi (pdf). Oversikta viser at talet på fornybar energi-jobbar nådde 6,5 millionar i 2013. Dei fleste jobbane er lokalisert i Kina, Brasil, USA, India, Tyskland, Spania og Bangladesh.

I 2013 stod solcelleindustrien for heile 2,3 milionar jobbar. Desse er for det meste konsentrert i Kina. Trenden i Kina viser jobbvekst i tilknyting til solcelleinstallasjonar, mens arbeidssituasjonen i industrien er stabil.

Flytande biodrivstoff, moderne biomasse og biogass er og store arbeidsgjevarar (1,4 millionar, 0,8 millionar og 0,3 millionar jobbar). Dei fleste jobbane er konsentrert rundt råstoffproduksjon.

Vind er stabil med 0,8 millionar jobbar. Nedgang i talet på installasjonsjobbar har blitt kompensert av vekst i tilknyting til drift og vedlikehald.

Ifølgje IRENA er det dårlege arbeidsmarknadsdata for termisk solvarme, vasskraft og geotermi. Det er difor ein sjanse for at talet på jobbar innan desse sektorane er underestimert, skriv IRENA.

Oversikta inkluderer ikkje jobbar i stor vasskraft.

Bli abonnent!

Kommentarfeltet er stengt.