Venstres klima- og energipolitikk mot 2017

Redaksjonen i Energi og Klima går gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.

Her analyserer vi Venstres førsteutkast til nytt stortingsvalprogram (pdf).

Hovudinntrykk

Venstre viser i utkastet til nytt stortingsvalprogram at partiet er på leit etter kreative løysingar og kjem med fleire framlegg som peikar i riktig retning. Partiet har lang tradisjon som eit miljøparti, men det er gjennom samarbeid i fleirtalskonstellasjonar at partiet sine idear kan få gjennomslag. Det er difor strategisk viktig at partiet leiter etter saker som kan vinne brei støtte hos dei store partia, gjerne på båe sider.

Om ein tel talet på kulepunkt, er det liten tvil om at Venstre har store ambisjonar på klima- og energifeltet for neste stortingsperiode. Men faren med å fylle eit stortingsvalprogram med for mange tiltak, i stort og smått, er at prioriteringane lett kan forsvinne. Om eit år kan Venstre sitte i regjeringsforhandlingar, og då er det viktig at partiet veit å prioritere dei store strukturelle tiltaka, ikkje dei små symbolsakene.

Innhaldet

Globalt
I arbeidet med å hindre global oppvarming på meir enn to gradar, vil Venstre ha ein ny
forpliktande klimaavtale som stiller strengare krav til utsleppskutt i dei rike landa, samtidig som og utviklingsland må godta utsleppsavgrensingar. Norge skal vere ein pådrivar i arbeidet for å sette ein internasjonal pris på CO₂ og utvikle og organisere internasjonale karbonmarknader.

Europa
Venstre ser på EU som motoren i det internasjonale klimaarbeidet, og partiet tek til ordet for å utvide og styrke dagens europeiske kvotesystem. Som eit ledd i å gjere Noreg til Europas «grøne batteri», foreslår programkomiteen at norske vasskraftmagasin i større grad vert nytta som effektreserve for vindkraft i Europa. Det er og behov for fleire utanlandskablar, slår programutkastet fast.

Noreg
For Venstre er klimaforliket ein «forsiktig start på klimaarbeidet». Partiet vil heve ambisjonsnivået og foreslår CO₂-kutt på 40 prosent innan 2020 (mot klimaforlikets mål om 20 prosent). Partiet understreker at den norske regnskogsatsinga må kome i tillegg til, ikkje i staden for, eigne utsleppskutt. Venstres programkomite foreslår vidare at Klima- og forureiningsdirektoratet, til dømes gjennom ein klimalov, må få i oppdrag å gjennomføre årlege evalueringar av klimapolitikken og vurdere om det trengs nye tiltak for å nå vedtekne utsleppsmål.

Fornybar energi
Den føreslåtte fornybarsatsinga inkluderer mellom anna oppretting av eit eige bioenergiprogram i regi av Enova, utarbeiding av ein samla havvindplan og realisering av fullskala pilotprosjekt for havvind. Vidare står det i utkastet at partiet vil “stimulere” til bruk og produksjon av solcelle- og soloppvarmingsteknologi, men utan å forklare korleis. Programkomiteen foreslår og ei rekkje “grøne” skatteendringar, slik som auka CO₂-avgift på fossile energiformer. For å stimulere til meir vindkraft vil partiet innføre naturressursskatt eller konsesjonsavgift. Vi går ut i frå at dette er meint som lokkemiddel til slunkne kommunekassar? Venstres programkomité foreslår og like skattereglar som i Sverige på fornybar energiproduksjon, utan å forklare kva desse reglane går ut på.

Energieffektivisering
Det norske straumforbruket må reduserast med 10 TWh innan 2020, skriv programkomiteen i Venstre. For å få det til tek dei mellom anna til orde for skattefrådrag for private ENØK-tiltak etter modell frå Sverige. Partiet vil stille strengare krav til energibruk og fleksible oppvarmingsløysingar ved større rehabiliteringar, og la Enova gi støtte til utbygging av plusshus i alle storleiker. Partiet meiner det må bli enkelt å selje overskotsenergi frå eige hus til kraftnettet.

Transportsektoren
Under fana «verdens mest miljøvennlige transportsektor» lover Venstre å tredoble jernbanesatsinga i høve til dagens nivå. Kollektivsatsing i storbyane vil dei ha inn som ein eigen post i statsbudsjett og belønningsordninga skal aukast til ein milliard i året. For å skaffe finansieringa til store infrastrukturprosjekt, tek programutkastet til ordet for å innføre ein obligasjonsmodell der staten skal kunne løyse ut obligasjonar til personar, bedrifter, livselskap, investorar og pensjonskassar.

Programkomiteen i Venstre lover dessutan at dagens avgiftsfordelar for nullutsleppskøyretøy skal vidareførast, og at momsen på leasing av nullutsleppsbilar og batteri skal fjernast. Partiet vil samstundes auke omsetnadspåbodet for biodrivstoff til 10 prosent innan 2020 og heve CO₂-komponenten i eingongsavgifta.

Konvertering
Om elektrifisering av sokkelen skriv programkomiteen at det skal stillast «krav til elektrifisering ved nye utbyggingar eller store ombyggingar der dette er hensiktsmessig». Vidare skriv partiet at elektrifisering må sjåast i samanheng med havvind. Partiet lover og at industrien skal få støtte frå Enova til å erstatte fossil oppvarming med varmepumper og bioenergi. Fordi eit eller fleire ord ser ut til å mangle i den framlagde programteksten, er det usikkert kva komiteen foreslår om landstraum for å redusere utslepp frå skipsfarten.

Olje og gass
Venstre vil redusere statlege investeringar og subsidiar til petroleumsindustrien, og i staden vri pengestraumen mot meir «fremtidsrettede næringer», gjere oljeskatteregimet meir «miljøriktig» og sikre varig vern av t.d. Svalbard, Jan Mayen, Lofoten og Vesterålen. Partiet meiner togradarsmålet talar for at store deler av petroleumsressursane må bli liggande urørt. I staden må ein utnytte eksisterande felt betre, og ein foreslår mellom anna auka forsking og støtte til bruk av CO₂ som trykkstøtte i oljeutvinning.

Karbonfangst
Når det gjeld karbonfangst og -lagring (CCS) vil venstre stille krav om dette frå dag ein ved alle nye gasskraftverkkonsesjonar. Partiet lover vidare å realisere demonstrasjonsanlegg for CO₂-fangst på Kårstø og Mongstad, i tillegg til eit demonstrasjonsanlegg for CCS på eit stort punktutslepp i landbasert prosessindustri.

Statleg eigarskap
Generelt ønskjer Venstre å redusere det statlege eigarskapet. Samstundes foreslår partiet å opprette eit nytt halvstatleg selskap («klimatak») som skal investere i klimateknologi, klimagründere og miljøriktig omstilling av eksisterande næringsliv. I tillegg vil dei opprette eit nasjonalt verdiskapingsprogram, i samarbeid med næringslivet, for utvikling av marine fornybare energikjelder. I programutkastet vert det og lova at statlege bedrifters involvering i oljesandprosjekt skal avviklast.

Statens pensjonsfond utland
Utan å skrive korleis, går programkomiteen i Venstre inn for å «sikre» at Oljefondet ikkje investerer i bransjar og bedrifter som aktivt motarbeider norske miljømål. Dei vil og «sikre» at ein del av Oljefondet vert brukt utsleppsreduserande tiltak og fornybarprosjekt i utlandet.

Forslag som partiet bør sjå vidare på:

Energi og Klima vil oppmode Venstre om å sjå på følgjande tre forslag i det vidare programarbeidet:

1. La togradarsmålet styre norsk eigarskapspolitkk
Venstre er innom statleg eigarskap på fleire punkt i programmet. Noreg treng ein politikk for statleg eigarskap som fremjar togradersmålet. Å finne fram til ein slik politikk er ikkje gjort i ei handvending, men det kan vera ein ide å få laga ei ny eigarskapsmelding som drøftar korleis ein grøn og klimariktig eigarskapspolitikk kan utviklast. Noko for Venstre?

2. Statens rolle som “forbrukar” i transportsektoren
Å redusere klimautsleppa i transportsektoren er ei stor utfordring, og her har Venstre store ambisjonar. Partiet vil mellom anna vidareføre og styrke politiske tiltak som støttar el-bilar og biodrivstoff. Eit viktig spørsmål er korleis staten kan bruke sin makt – som storforbrukar, storinnkjøpar og storeigar – til å løfte fram ei raskast mogleg innfasing av nullutsleppsteknologi på brei front?

3. Statens pensjonsfond utland og fornybar energi
Venstre vil «sikre» at ein del av Oljefondet blir brukt utsleppsreduserande tiltak og fornybarprosjekt i utlandet. Oljefondet kan i dag ikkje investere i grøn infrastruktur som fornybar energi. Norges Bank har tidlegare bedt om at Oljefondet får utvide sin portefølje til å omfatte slike investeringar. Konsulentfirmaet Mercer har i ei utgreiing på oppdrag frå Finansdepartementet gitt det same rådet. Noko for Venstre å ta tak i?