Brukar milliardar på støtte til fossilt drivstoff

Milliardane sitt laust når regjeringa skal skjerme drivstoffprisane mot effektane av høgare CO2-avgift. Saman med svekka elbilfordelar er dette dårleg politikk for klimaet.

Påsketrafikken ned fra fjellet på E16.
Det er oppsiktsvekkande at regjeringa vel å bruke over 3 milliardar kroner på å gjere fossilt drivstoff billegare, skriv kommentatoren. (Foto: Marit Hommedal / NTB)

Det viktigaste klimatiltaket i statsbudsjettet for 2023 kan ein takke førre regjering for. Hausten 2021 føreslo Solberg-regjeringa at avgiftsnivået for CO2-utslepp skal aukast til 2000 kroner per tonn innan 2030. Det var ein avgiftsvekst som låg langt over nivået dei fleste av oss trudde var mogleg å få Stortinget med på.

I Støre-regjeringas første eigenproduserte budsjett ligg opptrappinga i CO2-prisinga fast – som eit hovudgrep. I 2023 skal CO2-avgifta aukast med 21 prosent (utover prisstiginga). Dette er i tråd med ei jamn opptrapping til 2000 kroner innan 2030. Avgiftsnivået på ikkje-kvotepliktige klimagassutslepp vil med det gå opp frå 766 kr/tonn i 2022 til 952 kr/tonn neste år.

Med dagens kvotepris vil næringar som både betaler kvotepris og CO2-avgift (t.d. petroleumsnæringa) betale ein samla karbonpris på 1600 kroner per tonn CO2 i 2023.

Auka CO2-avgift får også konsekvensar for andre sektorar med utslepp – til dømes transport (vår største utsleppssektor). Alt anna likt ville den nye CO2-avgifta i 2023 gitt eit påslag på bensinprisen på 0,43 kr/liter og dieselprisen på 0,48 kr/liter. På ingen måte nokon dramatisk auke, men likevel eit viktig signal til folk og bedrifter om at utslepp kjem til å koste litt meir for kvart år som går. Også utslepp frå bruk av fossilt drivstoff.

Men det var i teorien. Regjeringa foreslår nemleg å kompensere for effekten av høgare CO2-avgift ved å redusere ei anna avgift som er endå viktigare for dei samla drivstoffavgiftene – vegbruksavgifta. For bensin vert vegbruksavgifta redusert med 0,39 kr/liter og for diesel 0,70 kr/liter. For biodiesel vert vegbruksavgifta redusert med 0,27 kr/liter. I sum brukar regjeringa nesten 1,9 milliardar kroner på redusert vegbruksavgift.

I tillegg foreslår regjeringa å redusere grunnavgifta på mineralolje med 80 prosent. Dette vil, ifølgje regjeringa sjølv, senke prisene på fossilt drivstoff i anleggsbransjen og i landbruket. Prislapp: 1,35 milliardar kroner.

I det regjeringa sjølv har sagt er eit ekstremt stramt statsbudsjett, og når utsleppsframskrivinga i tillegg viser at vi langt frå er i rute til å nå utsleppsmålet for 2030, er det oppsiktsvekkande at regjeringa vel å bruke over 3 milliardar kroner på å gjere fossilt drivstoff billegare.

I utgangspunktet fornuftige endringar i elbilpolitikken, men…

Regjeringa foreslår også betydelege endringar i elbilpolitikken:

  • Moms: Som varsla i revidert nasjonalbudsjett for inneverande år, må elbilkjøparar frå 1.1.2023 betale moms på den delen av kjøpssummen som overstig 500 000 kroner.
  • Eingongsavgift: Regjeringa vil innføre ein vektbasert eingongsavgift også for elbilar. For bilens første 500 kg betalar ein ingen avgift, men på det over er det 12,50 kr per kg. Dette gjer ein elbil med gjennomsnittleg vekt (om lag 1 900 kg) 17500 kroner dyrare.
  • Omregistreringsavgift: Frå 2023 blir det full omregistreringsavgift for elbilar, om regjeringa får fleirtal. Dermed blir det dyrare å kjøpe elektriske bruktbilar.
  • Firmabilskatt: Regjeringa foreslår å fjerne elbilfordelen i dagens firmabilskattordning. I 2022 vert ein elektrisk firmabil verdsett til 80 prosent av listepris – i 2023 forsvinn denne rabatten.
  • Bompengar: Regjeringa opnar også for at lokale myndigheiter kan krevje at elbilar må betale opp mot 70 prosent av ordinær bomtakst. I dag er taket 50 prosent.

Ingen liker å betale meir, ei heller elbilistar. Men på eit eller anna tidspunkt må avgiftsnivået også på utsleppsfrie køyretøy normaliserast. Ein treng ikkje vente på at nybilsalet er 100 prosent elektrisk for at det skjer (i september stod elbilar for 75 prosent av personbilsalet).

Men regjeringas iver etter å skjerme bensin- og dieselprisane, gjer det vanskeleg å akseptere dei føreslegne elbilendringane. Elbilar må gjerne få reduserte fordelar – men ikkje om det samstundes vert meir gunstig å velje fossilt.

Kompenserer med meir biodrivstoff – med usikker effekt

Transportsektoren er den sektoren som må gjennomføre dei største utsleppskutta fram mot 2030. Regjeringas avgiftspolitikk vil ikkje bidra til at utsleppa går raskare ned. Dette vert kompensert med at omsetjingskravet for biodrivstoff til vegtrafikk aukar til 17 prosent frå og med 1. januar 2023, med delkrav på 12,5 prosent avansert biodrivstoff.

Det blir også innført omsetjingskrav for avansert biodrivstoff til ikkje-veggåande maskiner på 7 prosent.

Meir biodrivstoff gir umiddelbare utslag i den norske klimarekneskapen, men globalt er klimaeffekten i beste fall uviss. Miljødirektoratets statistikk for 2021 viser at berre 1 prosent av alt flytande biodrivstoff brukt i norske køyretøy kom frå Noreg. Resten blei importert – langvegsfrå.

Stortinget har ein jobb å gjere.