Oljeselskapas magemål

Det er historisk gode tider i olje og gass. At Anders Opedal og Øyvind Eriksen ikkje sjølv tek til orde for å fjerne pandemiens oljekrisepakke, er ikkje noko anna enn umoralsk.

Pandemiens oljekrisepakke blei forhandla fram i Stortinget våren 2020 av Høgre, Ap, Frp, Senterpartiet, KrF og Venstre. Pakken innebar at oljeselskapa kan utgiftsføre investeringskostnader, i tillegg til ein friinntekt på 24 prosent, umiddelbart i særskattegrunnlaget. Endringane famna investeringskostnader i 2020 og 2021, samt alle nye prosjekt som er innlevert innan utgangen av 2022. Selskapa nyt godt av denne ekstraordinære skattefordelen heilt fram til dei nye felta startar å produsere.

Kva oljekrisepakka vil koste skattebetalarane veit ein ikkje før om mange år – etter at dei nye felta har kome i drift. Sidan 2020 har Finansdepartementet oppjustert anslaget frå 8 til 11 milliardar kroner.

Formålet med oljekrisepakken var å styrke industriens likviditet i ei tid med låge olje- og gassprisar og ein koronastengt verdsøkonomi. Usikkerheita var stor – ein frykta tap av tusenvis av arbeidsplassar som resultat av manglande aktivitet. Men utviklinga gjekk ikkje som næringa eller stortingsfleirtalet frykta. På grunn av krigen i Ukraina, og hardt pressa energimarknader, renn no pengane inn over norsk oljeindustri i eit omfang utan sidestykke i historia.

Erna Solberg har derfor heilt rett når ho seier at i lys av dagens situasjon, er oljekrisepakka unødvendig. Det riktige ville vore å bruke revidert nasjonalbudsjett som anledning til å skjerpe oljeskatten, slik Aftenposten og fleire andre redaksjonar har teke til orde for på leiarplass. Dessverre har stortingsfleirtalet sagt nei til dette.

Men det er ikkje berre politikarane som bør svare for seg. Oljeselskapa, som for to år sidan dreiv eit intenst lobbypress for å tvinge skatteendringane gjennom, har også mykje å svare for: Ville dei pressa like hardt på for ekstraordinær skattelette om dei hadde visst at dei var to år unna historisk høge energiprisar? Og når vi no sitt på fasiten: Meiner dei det framleis er riktig å krevje milliardstøtte frå fellesskapet?

Mange bedrifter i andre næringar har frivillig valt å tilbakebetale koronastøtte fordi  utviklinga blei meir positiv enn dei  frykta under pandemien. Ein av desse var bilkonsernet Birger N. Haug som i 2020 valde å tilbakebetale eit par millionar kroner. Til NRK sa styreleiar Birger Skjellvik at dette var eit moralsk spørsmål:

«For oss var det mest en moralsk beslutning. Vi var kvalifisert og vi hadde rett på støtten da vi fikk den. Men så viste det seg at ting endret seg, og da mente vi det var riktig å betalte tilbake».

Kleskonsernet Voice Noreg betalte tilbake over 20 millionar. Til E24 sa adm. direktør Jonny Ottesen:

«Da vi fikk støtten var pengene viktige for oss. Vi hadde en tøff vår og en tøff høst. Som følge av smitteverntiltakene ble mange av anledningene folk kjøper klær til borte. Når vi ser at pandemien forhåpentligvis går mot slutten så er det større trygghet og vi bestemte oss derfor for å tilbakebetale støtten».

Går det betre enn frykta for bilbransjen og klesbransjen, så går det uendeleg mykje betre enn frykta i oljenæringa. Faktisk har det aldri gått så bra som no. I første kvartal i år kunne Equinor vise til rekordresultat på 169 milliardar kroner. Same historie får vi frå selskap som Vår Energi , eigd av Eni og HitechVision, og Røkke-dominerte Aker BP. Det er rekordresultat over heile linja.

Hadde oljeselskapa hatt magemål, ville dei på eige initiativ teke til orde for å fjerne dei ekstraordinære skatteendringane frå 2020.