Også grøn industri treng kompetent kritikk

Grøn industri bør lære av industrihistoria og ta sakleg kritikk som ein inspirasjon til å ligge i front når det gjeld miljø og ressursbruk. Vi bør applaudere at opinionen set fokus på miljøproblem og sosial berekraft i alle ledd av verdikjeda inklusive gruvedrift.

Miljøkrav og aktiv medverknad til eit betre miljø må bli minst like viktig for næringsutvikling som marknad, kapital og teknologi. Dette skreiv eg i ein kronikk for snart førti år sidan  då slike synspunkt blei sett på som urealistisk idealisme. Sidan den tid har mykje endra seg. Miljørørsla er i dialog med næringslivet, grøne marknader veks fram, og kapitalen søkjer seg mot grøn industri. Det er all grunn til å glede seg over denne utviklinga. Men den kjem ikkje utan utfordringar, og den reduserer ikkje behovet for ei offensiv miljørørsle som utfordrar næringslivet.

På sytti- og åttitalet var det ofte skarpe frontar mellom miljørørsla og industrien. Miljøorganisasjonane gjennomførte aksjonar som fekk store medieoppslag, og miljøkampen blei etter kvart løfta inn på den politiske arenaen. Industrien på si side skulda miljørørsla for å bestå av naive idealistar og bidra til nedlegging og utflagging av nøkkelindustri. Det fanst folk med nyansert syn på begge sider, og miljøtiltak var ikkje noko nytt i industrien. Men hovudbiletet var konfrontasjon og gjensidige skuldingar om manglande innsikt. På nittitalet blei det skrive analyser som spådde at miljøkrav og konkurranse frå lågkostland ville knekke norsk prosessindustri.

Men pessimistane tok feil. Miljøkrava blei innført gradvis, og det kom støtteordningar for miljøinvesteringar. Industrien tok utfordringa og satsa offensivt på teknologiutvikling. Ny teknologi førte ofte til betre produkt og meir kostnadseffektiv produksjon i tillegg til å innfri nye miljøkrav. Offensiv miljøsatsing blei eit konkurransefortrinn, og forureining blei til nye forretningsidear. Eit klassisk eksempel er røyken frå ferrolegeringsverk. Etter omfattande utviklingsarbeid blei den konvertert  til microsilica som er ei verdifull tilsetting til betong. Nå er det mange som meiner at vi knapt hadde hatt prosessindustri i Noreg i dag dersom vi ikkje hadde vore tidleg ute med miljøkrav som initierte offensiv teknologiutvikling.

Etter kvart som klima har blitt ein viktig del av miljøkampen, har det blitt meir vanleg at miljøorganisasjonar samarbeider med industribedrifter. Deler av industrien har blitt ein alliert i arbeidet for å spare energi og redusere klimautslepp. Miljørørsla har blitt ein pådrivar for å etablere arbeidsplassar for eit samfunn basert på nullutslepp, fornybar energi og sirkulær økonomi. Behovet for grøn omstilling er no i ferd med å få gjennomslag i politikk og næringsliv. Men det er ingen grunn for miljørørsla og den delen av venstresida som har fronta miljøkampen, å kvile på sine laurbær. Omstillinga byr på mange utfordringar som miljøorganisasjonane bør engasjere seg i.

Praktisk talt all industri brukar ressursar og har uheldige konsekvensar for natur og miljø. Grøn industri er ikkje noko unntak. Den blir ofte møtt med kritikk for forureining og lite berekraftig bruk av naturressursar. Eksempel er produksjon av batteri og solceller som vi treng i eit nullutsleppssamfunn. Det kan vere irriterande for oss som kjempar for grøn industri, å kjenne på at denne industrien ofte møter hardare kritikk for ressursbruk og miljøkonsekvensar enn anna industri. Mange er redd for at det kan seinke den nødvendige omstillinga frå fossil til fornybar og grøn industri. Men kanskje vi heller skal snu denne kritikken til noko positivt.

Grøn industri bør lære av industrihistoria og ta sakleg kritikk som ein inspirasjon til å ligge i front når det gjeld miljø og ressursbruk. Vi bør applaudere at opinionen set fokus på miljøproblem og sosial berekraft i alle ledd av verdikjeda, inklusive gruvedrift. Det kan utløyse dokumentasjonskrav og standardar  som er til fordel for seriøse aktørar. Den grøne industrien må ta mål av seg til å vere leiande på miljø og berekraft. Produksjon av batteri som no er eit heitt tema her i landet, bør bli møtt med krav om resirkulering og dokumentasjon av ressursuttak. Det vil både industrien og miljøet tene på. Tar vi denne utfordringa, kan vi på nytt få eit konkurransefortrinn, og Noreg kan bli ein leiande teknologinasjon for grøn industri.

Det grøne skiftet er avhengig av å få flytta ressursar og kapital frå fossil til grøn industri. Men kapitalistar som investerer i grøne prosjekt, er framleis kapitalistar. Det bør ikkje forhindre venstresida i frå å arbeide for grøn omstilling. Paradigmeskiftet som vi no står overfor, gir oss eit høve til å kjempe fram nye strukturar i næringslivet. Den grøne omstillinga er avhengig av politiske føringar og offentleg støtte. Det kan opne for å legge føringar som sikrar at dei verdiane samfunnet legg inn, kjem arbeidarane og fellesskapet til gode.

Grøn industri treng kompetent grøn og raud kritikk. Det vil bidra til den teknologiske og organisatoriske utviklinga som vi treng for å få ei vellukka grøn omstilling.