Klimaendringane
gjev meir ekstremvêr. Ekstremvêret kan sjølv gjere skade, eller
det kan leie til skred, flaumar og andre skadegjerande
naturhendingar. Spørsmål kring tilgangen til kompensasjon etter
slike hendingar er difor høgaktuelle.
Privatpersonar,
private selskap og andre private rettssubjekt som opplever at naturen
gjer skade på objekt som ikkje kan forsikrast mot naturskade gjennom
alminnelege forsikringsordningar kan – om den skadelidne heller
ikkje har anna forsikringsdekning for skaden – søkje staten om
erstatning, jf. lov 15. august 2014 nr. 59 om erstatning for
naturskader (naturskadeerstatningslova ).
Ifølgje lovas § 4 første ledd er det skadar som «direkte skyldes
naturulykke, så som skred, storm, flom, stormflo, jordskjelv og
vulkanutbrudd» som skal gjevast naturskadeerstatning for. I «særlige
tilfeller» kan det også gjevast erstatning for «nærliggende
følge» av naturulukka, jf. § 4 andre ledd.
Om
artikkelen
Ingrid
Marie Myklebust er master i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen
2019. Ho skreiv
masteroppgåva «Naturulukkevilkåret
og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre
ledd» på Forskarlina 2018–2019, støtta av Klimastipendet
finansiert av Sparebanken Vest og Fritt Ord. Innlegget er basert på
delar av denne oppgåva.
Avgrensinga
til naturulukker som skadeårsak er altså sentral. Klimaendringane
gjev grunn til å undersøkje om nye naturulukker vert aktuelle
skadeårsaker. Det er òg grunn til å merkje seg at somme av
naturulukketypane er presisert på ein slik måte at terskelen for å
rekne enkelthendingar som naturulukker kan stige etter kvart som
klimaendringane gjev større utslag. Dette skal eg vise nærare
nedanfor. Eg skal også vise korleis dette kan få utslag for kor
sterkt erstatningsvernet vert i framtida. Føresetnaden er at lova
ikkje vert endra.
Sentrale
naturulukketypar
For
å forstå korleis erstatningsvernet vert påverka av
klimaendringane, trengs kunnskap om kva naturulukkevilkåret inneber.
Det mest interessante er dei særskilt opprekna naturulukketypane i
lovteksten. Kva som skal til for å rekne ei naturhending som til
dømes «storm» eller «stormflo» i naturskadeerstatningslova
si tyding vert nærare presisert i rettskjeldene. Heilt overordna må
ein avgrense mot vanleg påverknad frå naturkreftene (Prop. 80 L
(2013–2014) s. 37), men for kvar av dei mest praktiske
naturulukketype kan også meir spesifikke krav utleiast:
«skred»: ei plutseleg utgliding eller utrasing av naturlege massar (sjå NUT 1959:2 s. 50 og NSK-2017-68037) «storm»: vind over 20,8 m/s (sjå t.d. LG-2015-102574) «stormflo»: storm pressar vasstanden opp til eit nivå som statistisk sett berre kjem kvart femte år (sjå t.d. LF-2017-194586/LF-2017-194592, LG-2015-102574 og LG-2018-23731) «flom»: kan ha tilknyting til etablerte vassdrag, men utanfor regulerte område er det ikkje naudsynt (sjå Ot.prp. nr. 36 (1960–1961) s. 13). Forvaltningspraksisen tyder på at flaum i vassdrag er «en situasjon der ekstraordinær nedbør/sterk snøsmelting fører til unormalt høy vannstand med skadevoldende oversvømmelse», og at det også er «flom» når «ekstraordinær, naturlig avrenning danner villbekker i skrånede terreng», under føresetnad av at det vert «ekstraordinær skade» (sjå t.d. NSN-2009-522 og NSN-2015-50439, og nærare i Myklebust 2019 s. 21–28)
Den
observante lesaren saknar kanskje ekstremnedbør på lista. I slutten
av juli såg vi ekstremnedbør leie til at elvar fløymde over og at
det gjekk ras i Jølster. Nokre dagar etter
gjorde
sterk nedbør at Oslo-gater stod under vatn. Ekstremnedbøren har
altså eit tydeleg skadepotensiale, og det kan synest på sin plass å
spørje om ekstremnedbør bør reknast som ei naturlukke.
Etter
mi meining er svaret nei. Ein grunn er at årsakskravet «direkte
skyldes» krev at naturulukka er den sist verkande årsaksfaktoren
før skaden (sjå t.d. NUT 1959:2 s. 50; Prop. 80 L (2013–2014) s.
37–38 og s. 58; LF-2014-49738; LG-2015-102574). Sjølv om
ekstremnedbør vart rekna som ei naturulukke, ville det dimed truleg
berre vere slagskadane som kunne erstattast som naturskadar som
«direkte skyldes» nedbøren. Skred og flaumar er mellomkomande
årsaksfaktorar mellom nedbøren og skaden, slik at skaden desse
hendingane gjer ikkje «direkte skyldes» ekstremnedbøren.
Unntaksregelen for «nærliggende følge» er ifølgje Prop. 80 L
(2013–2014) s. 38 snever, og det er difor tvilsamt om han kunne gje
særleg hjelp. Men sidan «skred» og «flom» er naturulukker, kan
dei skadelidne likevel få erstatning i den grad skadane «direkte
skyldes» ei av desse naturulukkene.
I
regulerte område med utbygd kloakknett må oversvøymingar ha
tilknyting til vassdrag for å reknast som «flom» (jf. Ot.prp. nr.
36 (1960–1961) s. 13). Om vatnet samlar seg i gatene som følgje av
intens nedbør, slik det gjorde i Oslo tidleg i august, har ein
overvatn i staden for «flom». Overvatn er inga naturulukke og gjev
ikkje rett til naturskadeerstatning. I vurderinga av om det «bør»
vere slik må ein hugse at overvatn ikkje berre skuldast sterk
nedbør, men òg at menneske har tetta igjen vegane vatnet skulle ha
teke. Då er det kanskje ikkje så naturleg å kalle hendinga for
«naturulykke» likevel.
Etter
desse refleksjonane er det mest naturleg at ekstremnedbør ikkje
reknast som ei «naturulykke». Det som derimot kan vere grunn til å
sjå nærare på framover, er kor strengt kravet om at avrenninga
skal danne ein «villbekk» for å reknast som «flom» er og bør
vere. Også vatn som «renn over alt» i ikkje-regulerte område
etter ekstremnedbør kan gjere stor skade, men i dag synest ikkje
dette å reknast som «flom».
Naturulukke
i dag, men ikkje i morgon?
Punktlista
viser at naturulukketypane er presisert på ganske ulikt vis. Det får
konsekvensar for kor vidt dei hendingane som i dag kvalifiserer som
«skred», «storm», «stormflo» og «flom» også ville ha
kvalifisert som naturulukker om klimaendringane allereie hadde fått
større utslag.
Slik
storm og skred er presisert, er vilkåra statiske. Stormvilkåret
viser dette tydelegast. Sidan vilkåret er forstått som å krevje
vindstyrke over 20,8 m/s, vil ein vindstyrke på 20,9 m/s reknast som
«storm» i naturskadeerstatningslova si tyding heilt til
rettstilstanden vert endra.
Stormflo
har også ein talfesta terskel – femårsintervallet – men sidan
dette er eit statistisk nivå er terskelen dynamisk. Sidan havet
stig, vil også stormfloa verte høgare (sjå t.d. CICERO-rapport
2018:14 s. 26). Konsekvensen er at kva vilkåret dekkjer, også vert
påverka: Om vi tenkjer oss at havnivået på staden X er 200 cm
berre kvart femte år, vil eit havnivå på 201 cm reknast som
«stormflo» ved X i dag. Etter kvart som havet stig, vil havnivået
ved X overstige 201 cm oftare enn kvart femte år. Då vil det ikkje
lenger vere tilstrekkeleg med eit havnivå på 201 cm for å ha
naturulukka «stormflo» ved X. Om det nye femårsintervallet til
dømes vert 225 cm, vert risikoen for skadar vatnet gjer når
vasstanden ved X er mellom 200 og 224,9 cm flytta over på den
private.
Også
flaumvilkåret er dynamisk, men på eit anna vis. Her er det mellom
anna krava om «ekstraordinær» nedbør og «unormalt» høg
vasstand som er dynamiske element. Grunnen er at kva som er
«ekstraordinært» og «unormalt» må avgjerast etter ei
samanlikning med kva som er normalt på skadestaden på
skadetidspunktet. Klimaforskinga tilseier at vi kjem til å få meir,
og ikkje minst meir intensiv, nedbør (sjå t.d. CICERO-rapport
2018:14 s. 19–23). Når slike ekstreme nedbørshendingar som dei vi
såg i Jølster og Oslo i juli/august – eller endå verre hendingar
– vert vanlegare, vil truleg den nedre terskelen for å kalle ei
nedbørshending for «ekstraordinær» stige. Tilsvarande vil det med
stigande normalvasstand krevjast meir for å rekne vasstanden for
«unormalt» høg.
Hendingar
som i dag berre så vidt kan seiast å skuldast «ekstraordinær»
nedbør og ha «unormalt» høg vasstand vil dimed truleg ikkje kunne
kallast «flom» etter at sterkare nedbør og høgare vasstandar har
vorte vanlegare. Risikoen for slike hendingar som i dag er i det
nedre sjiktet av kva som vert rekna som «flom», vert med andre ord
truleg overført til dei potensielle skadelidne.
Kven
skal ta støyten for klimaendringane?
Sidan
den vanlege påverknaden som nemnt ikkje skal reknast som
naturulukker, synest det i tråd med det overordna
naturulukkevilkåret å heve tersklane etter kvart som
klimaendringane gjev kraftigare naturhendingar. Det er like fullt
grunn til å reflektere over kor langt dette utgangspunktet bør vere
gyldig og kor kraftige naturhendingar privatpersonar «bør» bere
risikoen for. Dette er eit spørsmål om kor sterkt
naturskadeerstatningsvernet skal vere – og motsetnadsvis kva som må
reknast som svakt vern. Vi har saman skapt klimaendringane, og eitt
av spørsmåla som bør stillast er kor vidt fellesskapet eller den
enkelte skal ta støyten for dei.
Dette
er i stor grad politiske spørsmål, og difor noko lovgjevaren må ta
stilling til. Det er påfallande at slike spørsmål tilsynelatande
ikkje vart tekne opp under arbeidet med naturskadeerstatningslova –
trass i at tilpassing til påverknaden klimaendringane har gjeve og
vil gje på naturhendingane vart rekna som viktig under lovarbeidet
(sjå t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 7). Tilpassinga var i staden
primært knytt til å sikre effektive sakshandsamingsreglar (sjå
t.d. Prop. 80 L (2013–2014) s. 5–6).
Indikasjonen
i overskrifta her, om at vi vil sjå utslag allereie i morgon, er
overdrivne. Det er likevel etter mitt syn grunn til å allereie i dag
byrje å reflektere over kva som er høveleg grensetrekking mellom
naturskadeerstatningsordninga og dei skadelidne sin risiko. Om
konklusjonen vert at det er trong for å møte klimaendringane med
styrka naturskadeerstatningsvern, fortener dei skadelidne at dette
skjer før
skaden.
Litteraturliste
Aamaas, Borgar, Asbjørn
H. Aaheim, Kristina Alnes, Bob van Oort, Halvor Dannevig og Torunn
Hønsi: «Oppdatering av kunnskap om konsekvenser av klimaendringer i
Norge» CICERO Report 2018:14.
Myklebust, Ingrid Marie: «Naturulukkevilkåret og årsakskrava i naturskadeerstatningslova § 4 første og andre ledd» , Universitetet i Bergen 2019.
NUT 1959:2: Innstilling om
sikring mot erstatning for naturskader, 1959.
Dagsavisen:
« Folk
evakueres i båter etter flere jordras langs E39 i Jølster» ,
30. juli 2019,
Dagsavisen:
«Styrtregn
ga oversvømmelse på Østlandet» , 4. august 2019,
NVE:
«Varsel
om jord- og flomskredfare, gult nivå for Vestlandet» , 30. juli
2019 kl. 19.49