Like
etter nyttår lanserte Equinor nye ambisjonar
for å redusere sine klimagassutslepp i Noreg . Selskapet vil
redusere utsleppa frå felt og landanlegg her i landet med 40 prosent
innan 2030 og ned mot nær null innan 2050. I 2030 inneber det årlege
kutt på over fem millionar tonn CO2 , tilsvarande om lag 10 prosent
av dei totale
utsleppa her i landet.
Dette høyres ut som ei gladmelding, men utspelet
har fått blanda mottaking, ikkje minst på grunn av dei
føresetnadene som er lagt inn i strategien.
Reaksjonane på utspelet frå Equinor er mange og
sprikande – frå hyllest til påstandar om at det er grønvasking for
å sikre seg stabile rammevilkår og nye leiteområde. Argumenta
sveiper over eit stort felt frå teknologi og kvotesystem til
økonomisk risiko, og det kan vere gode grunnar til å prøve å
rydde litt i debatten. Skal vi vinne klimakampen, må argumenta som
vi brukar, stå seg for kritisk vurdering. Vi kan ikkje tilpasse dei
frå sak til sak dersom vi skal føre ein truverdig klimadebatt.
Blir grøn elektrisitet
til fossil gass?
Ein sentral del av satsinga til Equinor er
elektrifisering av oljeplattformer. Elektrisk kraft skal erstatte
gassturbinar som slepp ut CO2 , og krafta skal i all hovudsak komme
frå land. Flytande
vindturbinar som Equinor planlegg å bygge med omfattande støtte
frå Enova, vil utgjera ein liten del av det totale kraftbehovet.
Enkelte hevdar at elektrifisering vil redusere
utsleppa i Noreg, men auke utsleppa andre stader. Den gassen som vi
sparer på plattformene, kan seljast og bli brent andre stader. Vi
gjer fornybar energi om til fossil gass, blir det sagt. Men slik er
det ikkje. Forbruket av gass aukar i liten grad om det blir litt meir
gass tilgjengeleg. Hadde det vore slik at å spare fossil energi
fører til tilsvarande auke i forbruket andre stader, så hadde det
heller ikkje vore noko poeng å redusere bruken av fossil energi i
transportsektoren. Då blir det jo petroleum til overs som etter
denne logikken vil bli brukt andre stader.
Ein annan innfallsvinkel er å sjå på kor store
utslepp du er årsak til når du brenn ein normalkubikkmeter gass.
Dei totale utsleppa er summen av dei utsleppa som kjem frå
forbrenning av gassen og dei utsleppa som oppstår under utvinning av
denne gassmengda. Når utsleppa frå utvinning går ned eller blir
eliminert ved bruk av elektrisk straum, så går dei totale utsleppa
ved å bruke ein normalkubikkmeter gass også ned.
Flyttar kvotesystemet
utsleppa?
Utsleppa i Nordsjøen er underlagt det
europeiske klimakvotesystemet EU ETS. Hovudfunksjonen i
kvotesystemet er eit politisk styrt tak på dei totale utsleppa i det
området som er omfatta av kvotesystemet. Ein del hevdar derfor at
reduserte utslepp ein stad fører til at det blir ledige
utsleppskvotar som gir rom for auka utslepp andre stader. Men det
stemmer ikkje heilt.
Når utsleppa går ned, blir det lettare for
politikarane å senke taket. Dessutan har det no komme nye
reglar for EU ETS . I 2017 blei det innført ein mekanisme som
gjer at overflødige kvotar kan bli skrota. Eg har lenge vore
skeptisk til kvotesystemet, men det er uheldig om vi brukar
kvotesystemet som argument mot tiltak for å redusere utslepp i
kvotepliktig sektor.
Elles er det interessant å merke seg at
kvotesystemet ofte blir brukt som argument mot å erstatte gass med
elektrisitet, men aldri blir brukt som argument mot å erstatta kol
med gass, noko som har den same effekten i kvotesystemet.
Økonomisk risiko
I utgangspunktet legg ikkje Equinor opp til
offentleg støtte utover det som skal gå til teknologiutvikling for
flytande vindturbinar. Men med det oljeskatteregimet vi har, er det
staten som ber ein stor del av kostnadene og risikoen. Equinor har
som utgangspunkt at klimatiltaka skal vere lønsame investeringar, og
då får staten tilbake skattekronene sine. Men når vi ser på
føresetnadene som selskapet legg til grunn, så er det ikkje fullt
så enkelt.
I pressemeldinga skriv Equinor at dei har «lagt til grunn stabile rammevilkår, inkludert skattesystemet, og nødvendige investeringar i det landbaserte elektrisitetsnettet». Dersom nasjonale styresmakter eller internasjonal klimapolitikk endrar føresetnadene og forserer fram raskare nedtrapping av oljeaktiviteten, så vil levetida bli kortare, og investeringane vil ikkje vere like lønsame. I så fall vil ikkje staten få tilbake alle skattekronene den gir avkall på.
Alternativ bruk
Som omtalt har elektrifisering av
oljeinstallasjonar ein positiv klimaeffekt. Men så lenge fornybar
energi er ein knapp resurs, så er det relevant å stille spørsmål
om alternativ bruk av krafta kan ha like god eller betre effekt. Å
erstatte kol eller oljeprodukt med elektrisk kraft, gir isolert sett
større klimaeffekt enn å erstatte gass. Det er ikkje gitt at dagens
marknad og rammevilkår styrer den fornybare krafta dit den har støst
klimaeffekt.
I diskusjonen om alternativ bruk er det også
relevant å ta med prisutvikling og konsekvensar for sysselsetting.
Det er vanskeleg å vurdere utviklinga i kraftmarknaden. Ulike
interessentar presenterer ulike scenario. Så langt får
industribedrifter her i landet tilgang til nødvendig kraft, og dei
fleste skaffar seg langsiktige industrikontraktar. Alle nye store
forbrukarar i nettet kan i prinsippet bidra til å auke kraftprisen,
men vi manglar analyser av kva konsekvensar den omfattande
elektrifiseringa kan få for kraftpris og nettleige.
Elektrifisering kan
ikkje styre norsk oljepolitikk
Når Equinor legg til grunn stabile rammevilkår
inkludert skattesystemet, så prøver dei sin vane tru å styre norsk
oljepolitikk. I den nye strategien ligg det eit dårleg skjult
trugsmål mot politikarane. Dersom dei endrar det gunstige
oljeskatteregimet eller reduserer tilgangen til nye leiteområde, så
vil dei sitte med ansvaret for at selskapet satsar mindre på å
kutte klimautslepp. Kutt i utsleppa på kort sikt blir brukt som
brekkstang for å utsetje den store og heilt nødvendige omstillinga
vi står overfor.
CO2 -avgift og klimakvotar
har gjort det lønsamt for Equinor å investere i tiltak for å
redusere utslepp av klimagassar. Vi bør ikkje underkjenne at det
isolert sett har ein positiv klimaeffekt. Men vi må ikkje la det
styre diskusjonen om nedtrapping av norsk petroleumsaktivitet. Det er
ein stor og viktig debatt som det fører for langt å ta her. Men det
vil vere eit nederlag både for demokratiet, klimaet og framtidig
sysselsetting om Equinor får gjennomslag for sine føringar for
denne debatten.