Stor interesse: Fleire fylke kan få nettverket Klimapartnere

Metodikken til Klimapartnere evnar å bryte ned globale problemstillingar rundt klimaendringar til utfordringar og moglegheiter kvar enkelt verksemd kan gripe fatt i. Metoden har vekt stor interesse i mange fylker, og fleire stadar arbeider ein no med å starte opp Klimapartnere-nettverk.

I både Agder og Hordaland er Klimapartnere-nettverk godt etablert, med totalt 56 offentlege og private verksemder som representerer over 60 000 tilsette. Visjonen for nettverkssamarbeida er å være effektive bidrag til grønare regionar. Målet er å systematisk redusere verksemder sine klimagassutslepp og stimulere til grøn samfunns- og næringsutvikling.

Partnarverksemder som har vore med sidan start i Agder i 2008, har redusert sine klimagassutslepp med over 38 prosent, samstundes som ei lang rekke nye grøne produkt og tenester har blitt utvikla. Klimapartnere Hordaland blei etablert i 2014 og viser allereie lovande resultat, berre eitt år etter start.

Konkrete grøne løysningar

Under Arendalsuka arrangerte Klimapartnere ei lang rekke høgaktuelle møter (pdf) rundt det grøne skiftet. Sentrale politikarar og næringslivsleiarar møttes for å diskutere grøn byutvikling, urbane løysningar, offentlege grøne innkjøp og grøne datasenter.

Paneldebatt under Arendalsuka. F.v. Bård Vegar Solhjell (SV), Ola Elvestuen (V), Nikolai Astrup (H), Marius Holm, leder i Zero. (foto: Klimapartnere)
Paneldebatt under Arendalsuka. F.v. Bård Vegar Solhjell (SV), Ola Elvestuen (V), Nikolai Astrup (H), Marius Holm, leder i Zero. (foto: Klimapartnere)

I debatt om kva rolle regionane kan spele i det grøne skiftet, framheva både næringsminister Monica Mæland og administrerande direktør i Innovasjon Norge Anita Krohn Traaseth kor viktig samarbeid som Klimapartnere er for å få dette til. Fylkesordfører i Aust-Agder Bjørgulv Sverdrup Lund presenterte kva resultat Klimapartnere-nettverket allereie har gitt regionen. Leiar for Asko Agder, Peder Syrdalen, viste til Asko sitt eige imponerande klimaarbeid og ytra samstundes vilje til å være med å spreie Klimapartnere-engasjementet til Asko sine avdelingar i andre regionar.

Systematisk klimaarbeid

Klimapartnere-metodikken evnar å bryte ned globale problemstillingar rundt klimaendringar til utfordringar og moglegheiter kvar enkelt verksemd kan gripe fatt i. Når ein veit at næringslivet står for størsteparten klimagassutslepp i dei ulike regionane, er fylkeskommuner og kommuner heilt avhengige av systematisk klimaarbeid frå både private og offentlige verksemder for å nå sine klimamål.

Metoden frå Klimapartnere representerer et effektivt verktøy for å bidra til dette. Verksemdene får tilgang til omfattande kunnskap om det grøne skiftet som: klimaregnskap, grøne innkjøp, energieffektivisering, grøn IT, grøn forretningsutvikling og innovasjon, fornybar energi, klimakommunikasjon og redusert forbruk. I nettverka møtes både offentlege og private verksemder frå mange ulike sektorar, og ein arbeider systematisk med å dele erfaringar og beste praksis på tvers. Det viktigaste elementet i Klimapartnere-nettverka er kanskje likevel at eit medlemskap forpliktar.

Klimapartnerverksemder plikter å:

  • Utarbeide klimafotavtrykk etter internasjonale retningslinjer (GHG-protokollen) som publiserast i årlig samla klimaregnskap
    Utarbeide og gjennomføre planer for å redusere utslepp av klimagassar
  • Gjennomføre miljøsertifisering (Miljøfyrtårn, ISO eller tilsvarande)
  • Ha forankring og deltaking (på nøkkelarrangement) frå toppleiing
  • Betale årlig medlemskontingent

Det er mange gode grunnar for ei verksemd til å bli medlem. Omstilling til lavutsleppssamfunnet representerer ei rik kjelde til innovasjon av nye produkt og tenester. Utslippskutt kan ofte representere sparing og betra bunnlinje. Ei genuin og synleg samfunnsansvarleg rolle i det grøne skifte kan være med å bygge ønska omdømme både internt og eksternt.

Fleire regionar på veg inn

Skal ein nå nasjonale, fylkeskommunale og kommunale mål for reduksjon av klimagassutslepp, treng ein å spele på lag med næringslivet. Ein veit at ein stor del av klimagassutslepp kjem nettopp i frå næringslivet, og då er det viktig med gode verktøy for å redusere utsleppa og sjå nye moglegheiter. Klimapartnere er eit slik verktøy. Klimapartnere jobbar no med å hjelpe fleire interesserte regionar med å komme i gong og ta i bruk dei metodane som har blitt utvikla.

Fylkeskommunane i Agder og Hordaland fylkeskommune har vore svært viktige og nødvendige aktørar for å få nettverka på plass i sine regionar. Til no har ikkje Klimapartnere mottatt nasjonal støtte til spreiing av modellen, men dette kunne være eit kostnadseffektivt bidrag til det grøne skiftet i regionane.