Norske utslepp aukar fordi…

I desse dagar forhandlast det om klimapolitikken i regjeringa. I mens aukar utsleppa. For fire år sidan vart regjeringa og dei tre opposisjonspartia Høgre, Venstre og KrF samde om å kutte utlseppa fram mot 2020. Frå dagens 53 millionar tonn skulle utsleppa ned til under 45 millionar tonn. I tillegg trappa Noreg opp klimainnsatsen i… Fortsett å lese Norske utslepp aukar fordi…

I desse dagar forhandlast det om klimapolitikken i regjeringa. I mens aukar utsleppa.

For fire år sidan vart regjeringa og dei tre opposisjonspartia Høgre, Venstre og KrF samde om å kutte utlseppa fram mot 2020. Frå dagens 53 millionar tonn skulle utsleppa ned til under 45 millionar tonn. I tillegg trappa Noreg opp klimainnsatsen i andre land.

Men framleis peikar pilene for norske klimagassutslepp oppover istadenfor nedover og forklaringa på dette er enkel: Politikarane let vere å innføre verkemiddel som kuttar utslepp, som erstattar den fossile energien med utsleppsfri energi. No vil opposisjonen kome i gang med den konkrete jobben å kutte utslepp.

Det fins likevel politikarar som syns det er fornuftig å halde fram som før. Ein diskusjon med ein slik politikarar, vil gå om lag slik:

– Vi må stole på at EU sitt kvotesystem får ned utsleppa i industri og på oljeplattformene.

– Men kvotesystemet har jo så lav pris på å sleppe ut klimagassar at det knapt er nokon inspirasjon til å la vere å forurense?

– Nei, men da er det kvotesystemet ein må gjere noko med, og det er vanskeleg for Norge å fikse. Kvotesystemet er uansett bra fordi det set ein pris på utslepp.

– Sjølv om det ikkje bidreg til den omstillinga som trengs? Kva med å lage støtteordningar for å kutte utslepp i industrien?

– Nei, subsidiar er vi i mot. Det er så lite treffsikkert og det kostar pengar for staten.

– Så det er altså å sette ein pris på klimagassutslepp som er greia?

– Ja.

– Kva med å auke avgiftene på fossil fyringsolje til oppvarming da? Avgiftene har jo Norge styringa over sjølv. Og i våre naboland er jo avgiftene dobbelt så høge som her i Norge?

– Men vi gjer jo så mykje allereie.

– Men poenget er vel å gjere noko anna enn i dag? Å varme opp huset med fornybar energi istaden med fossil olje og gass?

– Nei, vi er i mot å påføre folk flest utgifter.

– Kva med å auke CO₂-avgifta for oljeindustrien da? Dei er faktisk dei som aukar utsleppa mest her i landet. Over 80 prosent auke dei siste to tiåra…

– Men dei har gjort så utruleg mykje allereie.

– Hæ? Dei har auka utsleppa sine med 80 prosent?

– Ja men tenk kor mykje dei kunne ha auka viss ein ikkje hadde hatt CO₂-avgifta!

– Kva med rett og slett påby dei som forurenser å slutte med det?

– Du det prøvde vi då dei bygde gasskraftverk på Mongstad. Men vi fikk det liksom ikkje heilt til. Det endte med at vi tok på oss heile rekninga med å rense gasskraftverket. Og slikt er vi jo eigentleg mot. Subsidiar altså…