Noreg treng ein Togradarskommisjon

Statsminister Jens Stoltenberg bør sette ned ein kommisjon som i full breidde analyserer korleis Noreg er posisjonert i forhold til togradersmålet.

Når store, sektorovergripande tema skal greiast ut, eller når ein ønskjer å finne løysingar på kompliserte spørsmål som kan samle eit breitt politisk fleirtal, har det ikkje vore uvanleg for norske regjeringar å opprette kommisjonar.

Då Grete Faremo som justisminister i 1996 satt ned Ytringsfridomskommisjonen, var grunngjevinga denne:

«Samfunnet er i dag preget av en rivende utvikling på områder som har betydning for ytringsfriheten. (…) I denne situasjonen er det viktig å foreta en grunnleggende gjennomtenkning av ytringsfrihetens stilling i vårt samfunn. For dette formål opprettes det en Ytringsfrihetskommisjon.»

Då Karl Eirik Schjøtt-Pedersen som finansminister i 2001 satt ned Pensjonskommisjonen, uttalte han:

«Gjennom en tverrpolitisk kommisjon søker Regjeringen å sikre bred politisk oppslutning om det framtidige pensjonssystemet.»

Då Heidi Grande Røys som fornyingsminister i 2006 oppretta Personvernkommisjonen, sa ho:

«Personvernet blir utfordra på ein ny måte i informasjonssamfunnet (…). Personvernkommisjonen vil få som oppgåve å vurdere lover og reglar samtidig som målet også er å skape ein brei offentleg debatt om personvern»

I 2012 er tida overmoden for ein ny kommisjon, ein Togradarskommisjon. Er det eitt politisk tema som i dag er like omfattande som viktig, som er prega av ein rivande utvikling, som har behov for offentleg debatt og som treng løysingar som kan samle brei politisk støtte, er det klimatrugslen og oppfølginga av togradarsmålet.

IEA stiller spørsmåla

Togradarsmålet, som blei vedteke under klimatoppmøtet i Mexico i 2010, og som Noreg har kjempa for sidan 2006, inneber at verdssamfunnet skal unngå at den globale gjennomsnittstemperaturen stig med meir enn to gradar i høve til førindustriell tid.

Denne hausten har vi for alvor blitt gjort kjend med realitetane bak dette målet. I World Energy Outlook 2012 slår IEA fast at dersom vi skal ha femti prosent sjanse for å nå togradarsmålet, må to-tredelar av verdas kjende olje-, kol- og gassreservar bli liggande i bakken:

«Without a significant deployment of CCS, more than two thirds of current proven fossil-fuel reserves cannot be commercialised in a 2 °C world before 2050.  Countries with high carbon reserves – fossil-fuel reserves expressed as CO₂ emissions when combusted – stand to be particularly affected by a decarbonisation of the global energy system».

IEAs karbonbusjett kan ikkje ignorerast av eit land som har petroleumsverksemda som si største næring, og som i dag investerer tungt i fossil energi. Spørsmåla som melder seg er mange:

  • Korleis er Noreg som energinasjon posisjonert dersom to-tredelar av verdas fossilreservar ikkje kan utvinnast?
  • Kva økonomiske risiko representerer business as usual for Noreg dersom den globale energimiksen vert justert i tråd med togradarsbana?
  • Kor utsatt er Noreg for andre lands klima- og energipolitikk? Anders Bjartnes har tidlegare kommentert korleis  graden av måloppnåing i britisk klimapolitikk vil påverke norsk gasseksport til Storbritannia fram mot 2030.
  • Korleis kan det norske statlege eigarskapet best utøvast i tråd med togradarsmålet, og er dagens eigarskapsportefølje strategisk riktig?
  • Korleis er oljefondets langsiktige investeringar tilpassa togradarsmålet?
  • Bidreg den statlege utbyttepolitikken til å forsinke eller framskunde lågutsleppssamfunnet?
  • Kor stor finansiell risiko tek den norske stat når han investere stort i selskap viss verdi er knytt til fossilressursar som vi av omsyn til klimaet ikkje kan utvinne? Dette spørsmålet tok og Marius Holm opp i sin gode tale til årets Zerokonfearanse.

Togradarskommisjonens oppgdrag må bli å vurdere korleis Noreg er posisjonert i forhold til togradarsmålet, og foreslå nødvendige tiltak på alle sektorar. Det må og inkludere energisektoren – elefanten i rommet.

Ingen “quick fix”

Å sette ned ein Togradarskommisjon er på ingen måte nokon «quick fix», det er kommisjonar sjeldan. Men ein kommisjon blir ofte eit viktig referansepunkt i den vidare samfunnsdebatten, sjølv om politikarane skulle feile med oppfølginga av kommisjonens arbeid.

Ein Togradarskommisjon bør difor først og fremst sjåast på som ei investering i ny og viktig kunnskap, og eit forsøk på å utvikle ei felles forståing av klimakrisas alvor, togradarsmålets konsekvensar og det norske dilemma. Begge deler trengs!