Krafta til atomkraft

Då atomreaktoren i Fukushima i Japan gjekk i lufta, sprengde også siste rest av politisk støtte til dei tyske atomkraftverka. Resultatet er ei historisk satsing på fornybar energi. Vil nokon gong trangen til å kvitte seg med fossil energi utløyse same politiske handlekraft? Denne veka er eg på studietur for å studere die Energiewende, altså avgjerda… Fortsett å lese Krafta til atomkraft

Då atomreaktoren i Fukushima i Japan gjekk i lufta, sprengde også siste rest av politisk støtte til dei tyske atomkraftverka. Resultatet er ei historisk satsing på fornybar energi. Vil nokon gong trangen til å kvitte seg med fossil energi utløyse same politiske handlekraft?

Denne veka er eg på studietur for å studere die Energiewende, altså avgjerda til Tyskland å om å fase ut atomkrafta innan 2022, og legge om energisystemet gjennom ei massiv fornybar energisatsing. Tyskland har lenge ønska å fase ut atomkrafta si. Etter Fukushima forsvann siste rest av ønske om å hale ut tida, og Angela Merkels styrande parti CDU fann ut at nok var nok. – Fukushima har endra mi haldning til atomkraft, sa Bundeskansler Merkel.

Det er ikkje ofte ein ser slike raske og omveltande avgjerder i politikken. I fjor utgjorde atomkraft heile 23 prosent av tysk straumproduksjon. Om ti år skal dette vere borte. Allereie no er nedstenginga av fleire av dei eldste reaktorane iverksett. Framover legg regjeringa opp til å auke andelen fornybar elektrisitet frå 16 prosent 35 prosent fram til 2020, eit mål dei trur dei kjem til å overoppfylle.

Denne veka har eg møtt byråkratar, miljøvernarar, nettoperatørar, energiprodusentar og avisredaktørar. Sjølv om dei har noko ulikt syn på korleis vegen mot målet vil bli, så ser dei alle framover mot fornybaralderen. Måla om å redusere tyske klimagassutslepp er heller ikkje noko ein firer på. Die Energiewende har utøyst eit fantastisk moglegheitsrom for ei massiv satsing på fornybar energi. Planane er i gang, og prognosane er gode.

På mange måtar minner situasjonen meg om ubehaget Sverige har følt med sine atomreaktorar. Sverige bygde opp ein imponerande bioenergi-industri. Og sjølv om utfasinga av atomkraften i Sverige er noko forsinka, så er dømet likevel eit bevis på kva ein kan få til innan fornybar energi berre motivasjonen er sterk nok.

Die Energiewende er det nærmaste dømet på noko som liknar på den energirevolusjonen som det internasjonale energibyrået har varsla trengs for å kome seg bort frå fossilalderen. Eg håpar at den globale viljen til å unngå farlege klimaendringar skal bli ei like sterk politisk global drivkraft som den tyske viljen til å kvitte seg med atomkraften. Eller kan meir abstrakte varsel om klimaendringar få fram like stor frykt som frykten for å ha eit atomkraftverk som nabo?

Kanskje er det istaden dei lovande forretningsmogleigheitene som på sikt ligg i ei fornybar energisatsing som vil vere den sterkaste drivkraften for land utan atomkraft dei kommande åra. Det er langt igjen, men eg trur jammen Tyskland vil få det til. I så fall er det berre å gratulere. I så fall vil Tyskland ha eit forsprang inn i fornybaralderen. Det trur eg dei kjem til å tene pengar på.