Grøn skipsfart: Leiarskap eller tilfeldig omstilling?

Alle vil ha miljøvenleg skipsfart, men kven sørger for at vi får det? Gode intensjonar kan smuldre opp om ikkje det politiske leiarskapet er tilstrekkeleg tydelig.

«Omstilling og grønt skifte skal gå hand i hand», sa statsminister Erna Solberg då ho i førre veke opna Enovakonferansen i Trondheim. Oljepriskollaps og ny klimaavtale tvinger oss til å utvikle ein klimapolitikk som gir nye arbeidsplassar og skatteinntekter, ikkje berre utsleppsreduksjonar. Det er ei riktig tilnærming.

Eit tema regjeringa har peikt ut som satsingsområde i klimapolitikken er miljøvenleg skipsfart. Dette var og eit tema som blei løfta av fleire innleiarar under årets konferanse, deriblant Jan Fredrik Meling, administrerande direktør i Eidesvik Offshore. Spørsmålet er ikkje om vi i Noreg kan utvikle grøn skipsfartsteknologi i verdsklasse, sa han, men om vi er raske nok med å ta teknologien i bruk. Meling etterlyste strenge miljøkrav ved offentlege innkjøp (min transkripsjon):

«Kvifor kan ein ikkje stille krav til dei som hentar ut olje og gass frå sokkelen? Eg har snakka med fleire olje- og energiministrar. Eg har snakka med statssekretærar, eg får ikkje noko svar. Det blir nokon EU-greier. Men dei regulerer jo dette tvers gjennom. Og eg er ikkje redd for at vi som industri ikkje skal vere i stand til å møte det (les: strenge krav). Vi kan møte det. Norsk industri er fremst i verda og vi kan møte det. Hadde det blitt gjort i 2005 villa alle forsyningsskip som er bygd dei siste tolv åra gått på gass. Men dei aller fleste går i dag på diesel».

Dette høyres ut som eit klassisk tilfelle der ansvaret ikkje ligg hos ein statsråd, men fleire. Olje- og energiminister Tord Lien styrer Statoil, mens næringsminister Monica Mæland eig regjeringas maritime satsing. Dermed er det ingen som føler seg kalla til å svare Meling. Her må Solberg rydde opp. Om miljøvenleg skipsfart er ei satsing for regjeringa, er det mildt sagt underleg om det offentlege ikkje brukar innkjøpsmakta til å heve miljøstandarden over heile linja.

Behov for nasjonal ferjestrategi?

I nærskipsfarten er ambisjonane større. Stortinget har det siste året gjort vedtak om at det ved tildelingar av nye ferjekontraktar skal stillast krav om låg- eller nullutsleppsteknologi. Men står gjennomføringa i stil?

Fram mot 2020 skal 75 ferjer lysast ut og setjast i drift. Dei fleste av desse er fylkesvegferjar. Martin Wold frå DNV GL innleia på Enovakonferansens dag to om erfaringane med ferjeanbod frå Hordaland. Hordaland fylkeskommune skal i løpet av 2016 lyse ut 16 ferjesamband med totalt 20 ferjer på anbod. Å rigge ein slik anbodskonkurranse er eit stort arbeid med mange kompliserande faktorar og aktørar. Ikkje minst har ein måtte gå mange rundar for å finne ut om – og eventuelt korleis – det offentlege kan støtte storstilt utrulling av nye miljøferjer. I utgangspunktet kan ikkje Enova gi grønt lys før dei veit kva slags teknologi støtta skal gå til, mens Hordaland fylkeskommune ønsker forsikring om støtte før dei set i gang anbodsrunden. No skal dette ha blitt ordna opp i.

Dei neste åra skal mange fylkeskommunar i gang med liknande prosessar. Hordaland har gått opp løypa, så noko lettare blir det naturlegvis for dei som kjem etter, men det er grunn til å spørje seg om ein burde organisert ferjeanbodsprosessane annleis. Er det riktig bruk av ressursar, og er det strategisk riktig, å overlate ansvaret for utrulling av ny miljøvenleg ferjeteknologi til Statens vegvesen + 19 fylke?

I det minste burde vi hatt ein overordna nasjonal strategi for ferjeanboda. Kva ønsker vi som nasjon å få ut av dette industrielt og teknologisk? Har vi ambisjonar om bruk av heilelektrisk framdrift på stadig lenger samband? Er det eit mål å teste ut ulike ladeteknologiar? Bør nokon av ferjene inngå i ein nasjonal biofuel-strategi? Kva med testing av ny teknologi, slik som hydrogen?

Salsdirektør i Siemens Noreg, Odd Moe, kom i sitt innlegg med eit anna ankepunkt: Det er ein fare for at vi no får så mange tette anbodsrundar langs kysten at konkurransen vert svekka. Mange rederi vil få vanskar med å delta i anbodsrundar som skjer parallelt.

Nokon må ta ansvar

Det er ikkje nok å heie på «miljøvenleg skipsfart», ein må ha planar og systematikk for å ta miljøteknologien i bruk. Eit siste døme frå Enovakonferansen: Arne Jakobsen, administrerande direktør i NorthSea Container Line, presenterte Short Sea Pioneer – eit heilt nytt skipskonsept som ikkje berre inkluderer nullutsleppsteknologi, men som også snur opp ned på måten ein fraktar gods til sjøs på i dag. Konseptet er utvikla av NCE Maritime CleanTech. Jakobsen hevda sjølv at dette konseptet kan gjere det unødvendig å bygge ut nye store hamnar. Det burde vore interessant for fleire norske byar. Men kven tek ansvar for å teste ut noko slikt i full skala?