Equinor og flytande havvind – kven skal betale?

Det er gode nyheiter at Equinor ønsker å forsyne deler av felta Gullfaks og Snorre med kraft frå flytande havvindturbinar. Men det er ikkje opplagt at staten bør være så raus som Equinor ber om.

Equinor slapp nyheita på ONS 2018. Planen, som Equinor skal ha jobba med i mange år, er å etablere ein vindpark med 11 flytande vindturbinar utanfor Gullfaks og Snorre i Nordsjøen. Med ein samla kapasitet på 88 MW skal parken kunne dekke cirka 35 prosent av feltas kraftbehov.

Hywind Tampen-prosjektet vil gi ein utsleppsreduksjon på 200 000 tonn CO₂ i året. Utsleppsreduksjonen er viktigare for Equinors klimarekneskap enn klodens, ettersom kraftproduksjon på sokkelen er underlagt den europeiske kvotemarknaden. Når dette likevel kan vere eit viktig prosjekt for nasjonen, så er det fordi teknologiutviklinga og innovasjonen som etableringa av ein flytande havvindpark i Nordsjøen vil føre med seg, kan gi Noreg ein etterlengta posisjon i ein global havvindmarknad i sterk vekst. Dette kan på sikt gi nye arbeidsplassar og skatteinntekter.

Ein av føresetnadene for at prosjektet blir realisert er at staten tek det meste av rekninga, skriv Aftenposten. Førebels prislapp er fem milliardar kroner. Av dette skal partane i prosjektet ha søkt Enova om å dekke halvparten. I tillegg har ein fått tilsegn om over ein halv milliard kroner i støtte frå næringslivets NOX-fond. Equinor vil fatte ei investeringsavgjersle i 2019.

Det er fleire grunner til at staten bør vere tilbakehalden med å støtte prosjektet med så store beløp som Equinor ber om. Enova delte i heile 2017 ut 2,3 milliardar kroner. Skulle Equinor og dei andre prosjektpartnarane få noko i nærleiken av det dei ber om til Hywind-prosjektet i Nordsjøen, blir det heilt enkelt mindre pengar til andre klima- og teknologiutviklingstiltak. Dette er heller ikkje det einaste prosjektet Equinor ser til staten for å be om store økonomiske bidrag (les: CCS).

Er det ei næring som allereie er polstra med gunstige støtteordningar, og som har ei ekstraordinær betalingsevne, er det olje- og gassnæringa. Fem milliardar er svært mykje pengar, men for Equinor er det ikkje meir enn det selskapet for eit par år sidan måtte bokføre som tap etter oljesandsatsinga i Canada.

Når det attpåtil er snakk om eit prosjekt som initiativtakaren sjølv har ein sterk interesse av at blir realisert (kutt i utslepp frå produksjon av olje og gass + bidra til auka satsing på fornybar energi), gir det ekstra grunn for staten til å vere svært kritisk til ønsket om støtte.

Statens klimabudsjett blir fort brukt opp om vi ikkje forventar klimakutt og grøn teknologiutvikling i næringslivet med mindre staten tek rekninga. Spørsmålet for politikarane må difor vere om det finst andre grep enn eit svært stort Enova-tilskot som kan få Equinor med partnarar til å investere i Hywind Tampen?

Kunne ein ha innført krav om elektrifisering av felt som skal produsere i «mange tiår til» – slik tilfellet er for Gullfaks og Snorre? Er det mogleg å skru opp CO₂-avgifta på sokkelen til eit nivå der fornybar strømproduksjon bli (meir) lønsamt? Eller kan ein bruke eigarmakta til å påverke investeringsavgjersla i «riktig» retning?

Det finst fleire vegar til målet om å bidra til at Hywind-teknologien modnast, slik at han kan rullast ut i andre deler av verda, enn det Equinor presenterte under ONS.