Elbil-revolusjon kan velte oljeøkonomien

Oljeøkonomiens største problem er ikkje Saudi-Arabia, amerikansk skiferolje eller atomavtalen med Iran, men teknologirevolusjonen som er i gang i transportsektoren.

Tord Lien har vore i Sandefjord på Oljeindustripolitisk seminar. Eg var ikkje til stades (og departementet har heller ikkje lagt ut statsrådens innleiing), men ifølge Stavanger Aftenblad var bodskapen velkjent:

  • Vi skal framleis produsere olje og gass i Noreg.
  • Fossile kjelder vil vere bærebjelken i mange tiår framover.
  • Petroleumsindustrien er Norges suverene spydspiss.
  • Vi produserer varer som andre etterspør til lågare utslepp enn dei aller fleste.

Deretter delte han ut 56 nye utvinningsløyve på norsk sokkel (TFO 2015).

Ignorerer transportsektoren

Sjølv når oljeprisen rasar under 30 dollar fatet, og verdas statsleiarar signerer ein avtale som betyr “game over” for fossil energi om han vert overheldt, jobbar maskineriet i Olje- og energidepartementet (OED) uforstyrra vidare. Oljepris og klimapolitikk er kortsiktig “støy”. Det er ingen grunn til uro.

I OEDs analyse blir tilbydarane i oljemarknaden vurdert som ein variabel, men ikkje konsumentane. Ein kan aldri vite kva Saudi-Arabia eller Russland finn på, men den teknologiske utviklinga i transportsektoren synes å vere opplagt. Her kan vi vente teknologisk stagnasjon, i beste fall museskritt. Det er kanskje best slik. Over halvparten av det globale oljekonsumet går i dag til transportformål.

Transportaktøranes teknologival framover vil bety liv eller død for framtidig inntektsstraum for oljeland og oljeselskap. Forbrenningsmotoren har i tiår fungert som oljeøkonomiens “blodpumpe”, men dette kan fort endre seg.

“Alle” kjem med nye nullutsleppsbilar

“Bilbransjen vil forandre seg meir dei neste 5-10 åra enn han har dei siste 50”. Slik starta Mary Barra, CEO i General Motors, foredraget ho heldt på årets Consumer Electronics Show (CES) i Las Vegas. Stikkord for forandringa, ifølge Barra, blir elektrifisering (electrification), sjølvstyring (autonomous driving) og digital tilkopling (connectivity). Deretter avduka ho GMs nye elbilhåp, Chevrolet Bolt. Bolt vil ha rekkevidde i Tesla–klassen (200 miles) og pris i Leaf-klassen (30 000 USD). Produksjonsstart er satt til slutten av 2016.

GM er ikkje dei einaste som posisjonerer seg for eit grønt skifte i personbilmarkanden. Under CES lanserte Volkswagen – som omtalt i Fem på Fredag – konseptbilen BUDD-e. Bilen skal ikkje koste meir enn ein Passat og skal kunne køyre 500 km per lading. Mogleg produksjonsstart i 2020.

Tesla skal også fornye flåten i 2016. I mars er det venta at Elon Musk vil presentere Model 3 – bilen som prismessig skal rette seg mot “folk flest”. Med Model 3 skal Tesla nå målet om 500 000 selde elbilar per år innan 2020.

Også Mercedes har oppgradert elbilambisjonane. Fire nye elbilar skal ut på marknaden innan 2017.

Året etter – i 2018 – skal Faraday Future lansere sin første elbil. Det nye selskapet er utstyrt med mykje kinesisk kapital og har gått i gang med bygging av ein fabrikk i Nevada. Eit nytt Tesla?

Ikkje alle går elektrisk. Under The North American International Auto Show (NAIAS) viste både Audi og Toyota fram heilt nye konseptbilar som går på hydrogen – Audi H-tron Quattro og Lexus LF-FC. H-tron Quattro skal kunne køyre 600 kilometer per fylling.

Google og Apple har for lengst inntatt dashbordet. Kan dei erobre resten av bilen også? Google er godt i gang med testing av sine førarlause bilar. Om Apples bilprosjekt veit vi lite konkret, men mange rykte. Elon Musk omtala nyleg Apples elbilprosjekt som “an open secret”. Har han rett, er det grunn til å glede seg.

Like stor vekst som for solenergi?

Mange av el- og hydrogenbilane som no vert lansert på teknologi- og bilmesser verda over vil heilt sikkert aldri nå massane. Fleire vil floppe. Men så lenge kvar og ein har potensiale til å utkonkurrere oljeøkonomiens viktigaste “asset” – forbrenningsmotoren – er det nok at eitt selskap lukkast. Og det kjem til å skje – heller før eller seinare.

Toppsjefen i kinesiske BYD, truleg veras største produsent av elektriske køyrety, forventar at den kinesiske elbilmarknaden vil doblast kvart år dei neste tre åra. Denne optimismen blir delt av Michael Liebreich i Bloomberg New Energy Finance. Det er vanskeleg ikkje å tenke på den bratte solenergikurva når Liebreich omtaler elbilmarknaden i sin årlege analyse for det nye året:

“The end of 2015 saw the electric vehicle sector pass the milestone of 1 million cumulative vehicle sales. It took 20 years, going all the way back to the days of the EV1. The next million should take only around 18 months.”

Bilbransjen er ein del av teknologibransjen. Her er 5 år lang tid, 10 år ei æve. Det er eit perspektiv som ikkje lenger kan ignorerast av Tord Lien og andre i regjeringa når framtida for norsk oljenæring skal teiknast.