Velferdsstaten Noreg – eit synkande skip?

Om vi mister oljeindustrien utan at ei ny inntektskjelde dukker opp, så vil vi gå dystre tider i møte. Kva kan gjerast?

Det er allment kjent at den fossile energialderen må ta slutt. Kva tid er framleis usikkert, men at vi no bør begynne ei drastisk nedtrapping, er sjølvsagt. Nedtrappinga er sannsynlegvis noko industrien vil klare heilt på eiga hand, men skal Noreg sin økonomi unngå å gå ned med dette synkande skipet, så må vi etablere livbåtar snarast!

Stormar, orkanar, tsunamiar, flaumar. Desse er naturkatastrofer som vi allereie i dag er godt kjende med. Om vi globalt ikkje senker utsleppa våre av CO₂ til atmosfæren, vil naturkatastrofene vi kjenner i dag verke som småting i forhold.

For togradersmålet til FN sitt klimapanel er det eit stort problem at u-land bruker meir energi (for det meste fossil) og dermed auker si forureining. Men kven kan vel seie at det er dei som må sleppe ut mindre?

Kva er problema i dag?

Den største og viktigaste grunnen til at Noreg er ein så økonomisk sterk nasjon og eit av verdas beste land å bu i, er oljeindustrien. Denne industrien er framleis ei viktig inntektskjelde for den norske stat, men med den drastiske nedtrappinga som snarast må komme vil Noreg trenge ei eller fleire nye inntektskjelder. Om vi mister oljeindustrien utan at ei ny inntektskjelde dukker opp, så vil vi gå dystre tider i møte.

Med tanke på dei (framleis) store investeringane i oljeindustrien, ser det ut som at samfunnets løysing på at oljeindustrien er eit synkande skip er å frakte fleire ressursar om bord. Det vil naturleg nok resultere i at fleire ressursar går tapt idet oljeindustrien synker.

Kva kan gjerast?

Det viktige for velferdsstaten Noreg er at vi ivaretar det oljeindustrien har gitt oss (økonomi, arbeidsplassar…), men at vi gjer det i ei ny retning. Det er dermed viktig at det vert lagt til rette for teknologiane som har potensial til å gjere Noreg til eit nullutsleppssamfunn og samtidig kan ivareta den sterke norske økonomien og den låge arbeidsledigheita. Eg meiner solkraft, vindkraft, hydrogen og energieffektivisering har dette potensialet.

Innanfor solkraft kan Noreg tene mykje på å gjere det lønnsomt for den gjennomsnittlege nordmann å investere i solkraft. Her kan vi lære av Tyskland, som 9. juni i fjor for første gang produserte over halvparten av elektrisitetsbehovet sitt frå solkraft. Det kan òg vere økonomisk gunstig (og ikkje minst etisk riktig) for Noreg å bidra til utvikling av solkraft i u-land slik at desse får moglegheit til å komme seg ut av den fossile alderen før dei vert avhengig av den. To studentar frå Høgskolen i Bergen klarte (med økonomisk støtte) å installere solcellepanel i ein landsby i Afrika, nok til å forsyne ein fjerdedel av landsbyen med elektrisitet! Viss to studentar kan få til dette, kva kan ikkje Noreg som nasjon få til? Ein kan berre sjå på Scandinavian Solar Systems, som selger blant anna solcellepanel i Kenya.

Innanfor vindkraft ser eg store potensial i den enorme kystlinja vår. Offshore vindkraft kan verte ei stor inntektskjelde i framtida – om vi satsar.

Med desse to teknologiane vert det presentert eit nytt potensielt problem. Dei representerer uregulerbar straumproduksjon. Som ei løysing på dette, og samtidig som eit ekstra alternativ til elbilen, kan hydrogenbilar i framtida verte meget viktige i prosessen for å bytte ut den globale bilparken (frå diesel- og bensinbilar til nullutsleppsbilar), og dermed har denne teknologien eit stort potensial for verdiskaping. Med den uregulerbare produksjonen av elektrisitet som solkraft og vindkraft representerer, kan produksjon av hydrogen fungere som eit batteri for det norske kraftnettet. Det at Noreg kan vere så fleksible med produksjon av elektrisitet, kan òg vere økonomisk gunstig sidan det opnar opp for moglegheita for å fungere som batteri for andre land i tillegg.

For å gjere overgangsfasen til eit nullutsleppssamfunn lettare, vil Noreg (og resten av verda) trenge å forbetre bruken av den energien vi allereie har. Eit stort potensial her er å energieffektivisere bygningar og kraftanlegg.

Korleis kan vi gjere dette?

Målet er klart for velferdsstaten Noreg: Bli eit nullutsleppssamfunn og ivareta den sterke norske økonomien og den låge arbeidsledigheita.

Tiltak eg meiner vi kan gjere for å oppnå dette, er:

  • Auke avgiftene på diesel- og bensinbilar
  • Tilrettelegging for og utbygging av ladestasjonar i større grad
  • Kutte i investeringane retta mot oljeindustrien
  • Legge til rette for etablering og utvikling av bedrifter retta mot fornybar energi som for eksempel GreenStat

a