Senterpartiets klima- og energipolitikk mot 2017

Redaksjonen i Energi og Klima går i ein ny serie gjennom programutkasta til partia på Stortinget og vurderer om innhaldet har nok kraft og vilje til å omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn.

I første del av serien analyserer vi her Senterpartiets førsteutkast til nytt stortingsvalprogram.

Hovudinntrykk

Senterpartiet ser på klimaendringane som ein av dei mest grunnleggjande utfordringane verda står overfor. Det er lett å kjenne at Senterpartiets grunnhaldningar i utkastet. Ingen andre parti koplar til dømes skog og klima så tett til kvarandre som det Senterpartiet gjer. Men programforslaget inneheld relativt få konkrete forslag og gjentek fleire tiltak som alt er vedtekne i klimaforliket. Petroleumspolitikken er tydelig krevjande å handtere. Programkomiteen tek ikkje stilling til om det skal vere absolutte avgrensingar mot petroleumsverksemd til dømes utanfor Lofoten og Vesterålen, eller ikkje. Målt mot programmet for gjeldande periode, er programutkastet meir petroleumsvennleg.

Når det er sagt, tenker Senterpartiet både nytt og godt om korleis norsk eigarskap kan brukast for å få fart på den fornybare energiomstillinga.

Innhaldet

Globalt
Senterpartiet vil arbeide for ein ny internasjonal klimaavtale som inkluderer alle land. Det overordna målet til Senterpartiet er å unngå temperaturauke på meir enn to gradar innan år 2100.

Europa
Gjennom ein balansert utvikling av energiproduksjonen og overføringskapasiteten til våre naboland, meiner Senterpartiet at Noreg kan spele ei viktig rolle som leverandør av fornybar energi til Europa.

Noreg
Uavhengig av om ein får til ein internasjonal avtale, meiner Senterpartiet at Noreg må «redusere nasjonale utslipp i alle sektorer».

Fornybar energi
Senterpartiet vil sikre ei storstilt satsing på fornybar energi, mellom anna gjennom å gi investeringstilskot til varme- og bioenergi. I tillegg foreslår dei å bruke det statlege eigarskapet for å sikre utvinning av fornybare energiressursar.

Energieffektivisering
Om ENØK skriv Senterpartiet at dei vil “sikre” energieffektive bygge ved å stille strenge krav. Klimaforliket forpliktar regjeringa til å legge fram mål for energieffektivisering i bygg i løpet av 2012.

Transportsektoren
Med lovnad om auka løyvingar til samferdslesektoren vil Senterpartiet legge til rette for at veksten i persontransport i byane skjer ved hjelp av kollektivtransport, sykkel og gange. I tillegg skal det bli «lettare» for folk å velje kollektivtransport. Innan 2023 skal eit eige «opprustingsprogram» syte for at etterslepet på jernbane blir tatt igjen. Senterpartiet lover og å “fase inn” ny og miljøvenleg køyretøyteknologi.

Konvertering
Om konvertering frå fossil til fornybar gjentek Senterpartiet lovnaden frå Klimaforliket om at bruk av oljekjeler skal forbys innan 2020. Om elektrifisering av norsk sokkel legg ikkje førsteutkastet opp til å forplikte partiet til anna enn å «øke tempoet».

Olje og gass
Programutkastet går inn for å «øke bruk av gass til industri og industrielle formål og kollektivtrafikk». I spørsmålet om partiet skal opne for petroleumsutvinning i sårbare havområde (Lofoten, Vesterålen mv.) er programkomiteen delt. Formuleringane er mindre restriktive enn i gjeldande program, der det til dømes står at «petroleumsaktiviteten i Barentshavet må vere avgrensa og byggje på strengje miljøkrav» og at Senterpartiet vil «skjerme særskilde verdifulle havområde frå petroleumsverksemd».

Karbonfangst
Senterpartiet skriv ingenting om karbonfangst.

Statleg eigarskap
Partiet går inn for å dele Statkraft opp i eit nasjonalt og eit internasjonalt selskap, og delprivatisere det nye selskapet Statkraft utland. På den måten vil dei styrke selskapets internasjonale fornybarsatsing. Med dette forslaget vil den delen av Statkraft som sitt på vasskraftressursane bli verande på norske hender, medan den internasjonale (fornybar)delen blir delprivatisert.

Statens pensjonsfond utland
Senterpartiet ønskjer å reformere Statens pensjonsfond utland ved å auke investeringane i fast eigedom.

Forslag som partiet bør sjå vidare på:

Energi og Klima vil oppmode Senterpartiet om å sjå på følgjande tre forslag i det vidare programarbeidet:

1. Desentralisert energiproduksjon
Det er ein global trend at lokalsamfunn tek større ansvar – og dermed makt – over energifeltet ved å produsere meir av energien lokalt. Korleis kan Senterpartiet bidra til at fleire hushald og verksemder kan produsere meir av sin straum og varme sjølv?

2. Landbruk og bioenergi
Eit ressurseffektivt skog- og landbruk er nødvendig. Senterpartiet legg vekt på landbrukets rolle som energiprodusent. Korleis vil partiet bidra til å etablere robuste verdikjeder som sikrar at bioenergi kan erstatte fossil energi i norsk transportsektor?

3. Statens pensjonsfond utland
Senterpartiet skriv i programutkastet at dei vil reformere Statens pensjonsfond utland ved å auke investeringa i fast eigedom. Men kvifor ikkje sjå på oljefondet som eit verkty i klimakampen og opne for Norge kan reinvestere store deler av oljeformuen i fornybar energi og klimariktig infrastruktur?